Arbeidarpartiet vel Høgre

Pia Svensgård, Aps fylkesrådsleiar vel å halde fram samarbeidet med Høgre, framfor å velge ein sentrum-venstrekoalisjon. Foto: Troms Ap/Flickr

Nok ein gong ser det ut til at Troms Arbeidarparti vel å samarbeid med Høgre framfor å prøve å få til eit Sentrum/Venstre-samarbeid. Det er vanskeleg å tolke dette på noko anna måte enn som eit bevist politisk val av Troms Ap.

Fylkestinget i Troms har 39 medlemmar, og valresultatet gav den følgjande samansettinga:

  • AP    12
  • SV     2
  • Rødt   1
  • SP     3
  • KRF    1
  • V       2
  • H       9
  • FRP   6
  • KYST  1

Det er med andre ord fleirtal for ein koalisjon av AP, SV, Sp og V, eller om det er for høgrevridd for Ap så er det og fleirtal for Ap, Sp, Krf, V og Kystpartiet. Eg meiner det seier mykje om Ap at dei ikkje har prøvd å få på plass ein einaste av desse mulege koalisjonane. I reklamane i valkampen ba Ap oss gjere eit verdival i fylkestingsvalet – det kan verke som Ap har har valt verdiane til høgresida.

Eg har vanskar å sjå korfor Arbeidarpartiet gjer som dei gjer. Det kan jo sjølvsagt vere fordi høgrefolka på fylkestinget er trivelege folk, men eg synst det er ein dårleg grunn. Då gjenstår det tre viktige politiske grunnar til at Ap gjer som dei gjer. Det som skjer er berre politisk fornuftig dersom Ap er opptatt av å halde fram med å legge ned distriktsskolar, dersom dei ikkje er interessert i å gjere noko med anbudsutsettinga av kollektivtrafikken og dersom det å arbeide hardt for oljeutvinning er det viktigaste.

Eg lurer på kva resten av Troms Ap seier til dei vala toppane i fylkestingsgruppa har foretatt? Det kan jo ikkje vere på grunn av næringspolitikken til Høgre.

3 Replies to “Arbeidarpartiet vel Høgre”

  1. Bernt Sønvisen sa:

    Dette blir for lettvint, Pål Julius.
     
    Vi har vel egentlig DEG å takke for at Ap havna i Høyres favntak i forrige periode? Med ny, fin jobb i hovedstaden var det litt for enkelt å backe ut når ansvaret ble for tyngende.
     
    Dessuten kjører dere amatørmessig valgkamp både sentralt og lokalt i SV – med elendig resultat til følge – og da blir det dessverre lite å bygge på.
     
    Så hvis du vil leke blame game – begynn med dere selv! 😉

    1. oisann. traff eg ein plass det gjorde vondt?

      Vi gjorde eit dårleg val, javel, men det finst andre fleirtal på fylkestinget enn Ap+Høgre. Når Ap etter kva eg forstår ikkje har gjort forsøk på å stable eit slikt fleirtal på føtene under ei ny konstituering etter eit val, så må eg nesten rekne med at dette er eit bevist val. Eller tar eg feil? Skjer det ubevist?

      Så kan vi godt diskutere historia, men vi hadde ei politisk usemje det ikkje var muleg å kompromisse seg ut av. Det xår konsekvensar i eit parlamentarisk system. Og eg vil halde fast ved at det er forskjell på å handtere ein konkret situasjon i løpet av ein periode, og det ein gjer etter eit val.

  2. Lmaustrem sa:

    Kva syns du om at på Vestvågøy går SV i koalisjon med bla Høgre?

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.