Lønsdumping

Polske og litauiske arbeidarar demonstrerer mot sosial dumping i Oslo på første mai i 2009. Foto: Jon Bals

Alle har høyrt om Adecco-saka. Men den saka er berre toppen av eit isfjell. Vi ser stadig meir bruk av innleigd arbeidskraft gjennom ulike vikarbyrå. Dette er vanleg i byggebransjen, i verkstadindustrien og ikkje minst i fiskeindustrien. Dette undergrev lønsnivået i Noreg og endrar styrkeforholda mellom fagrørsla og eigarane. Vikarbyrådirektivet vil institusjonalisere dette.

NRK Nordnytt har på ein god måte i ei rad artiklar og innslag på TV og Radio sett fokus på dette. I ein artikkel frå mars i år kjem det fram:

I Senjahopen i Troms har Nergårdkonsernet supplert arbeidsstokken med seks arbeidere fra Altonas. Heller ikke daglig leder Bjørn Henriksen synes det er problematisk å benytte dårlig betalte litauiske arbeidere. – Vi har en avtale med et norskbasert selskap, og den avtalen har vi fått ei juridisk vurdering på før vi inngikk den. Vi er på rett side i henhold til norsk lov, sier Henriksen.

Det første er at dette blir sett på som moralsk og etisk uproblematisk å ha utlendingar til å gjere same jobben som vi gjer, men å betale dei dårlegare. Det andre er at dette faktisk er lov.

Eit EU-direktiv kan opne slusene for slik innleige – viss direktivet blir godteke av regjeringa og Stortinget. Dette «vikarbyrådirektivet» har sjølvsagt både gode og dårlege sider. Det som er bra, er at direktivet i prinsippet skal gje innleigde arbeidarar same løn- og tilsettingstilhøve som dei fast tilsette. Men direktivet er uklårt på eit punkt, kva tyder det at “de vesentlige lønns og ansettelsesforhold” skal vere dei same for innleigde som for fast tilsette? (Artikkel 5)

I mange delar av norsk arbeidsliv er det vanleg med ulike typar tillegg til tariffbestemt grunnlønn. Det er ikkje opplagt at skifttillegg, ubekvemstillegg, bonusar, akkordar og pensjonsordningar inngår i det direktivet kallar ”de vesentlige lønns og ansettelsesforhold”.

Det å gje innleigde arbeidarar same løns- og arbeidsforhold som dei fast tilsette, kan vi få til utan å ta direktivet inn i EØS-avtala. Det kan skje ved ein kombinasjon av vedtak i Stortinget og ved avtaler mellom partane i arbeidslivet. Det er dessutan berre slik vi kan sikre at innleigde arbeidstakarar verkeleg får same skifttillegg, ubekvemstillegg, akkordlønn og bonusopplegg som dei fast tilsette. Vi treng ikkje direktivet for å gjennomføre slike endringar.

Vikarbyrådirektivet er ikkje eit vanleg EØS-direktiv, dei må som kjent teljast med storhundra, men eit direktiv som på ein vesentleg måte kan endre makttilhøva i norsk arbeidsliv. Større bruk av innleigd arbeidskraft, vikarbruk av ulikt slag vil svekke fagrørsla si makt og gjere det tyngre å kjempe for anstendig lønn. Du står uendeleg mykje svakare i ein diskusjon med arbeidsgjevaren om du og han veit at du kan bli erstatta i morgon av billig innleigd arbeidskraft. Over tid vil dette utvilsamt føre til lågare løner og større profitt til eigarane. Det er ikkje utan grunn at Fellesforbundet har sagt nei til direktivet, medan NHO vil ha det så fort som råd. Landsmøtet til Fellesforbundet sa:

Dagens lov- og avtalebestemmelser har blitt til innenfor rammen av EØS-avtalen. Men ved å godkjenne vikarbyrådirektivet er landsmøtet usikker og urolig for hva som kan skje med disse bestemmelsene i framtida. Landsmøtet frykter også at direktivet vil føre til mer innleie fra bemanningsselskaper. Derfor ber landsmøtet om at Norge reserverer seg mot direktivet.

NHO har ei litt anna tilnærming. Fagsjef i NHO-service Even Haglien seier til Rogaland Avis:

Vi mener at det følger av direktivet at det ved innføring i Norge må skje en revisjon av lov og tariffavtaler for å fjerne urimelige restriksjoner på bemanningsbransjen.

Ute i Europa ser vi konsekvensane av å gje kapitalen fritt spelerom, lat oss ikkje no opne nye store rom dei kan spele på her heime og.

Eg er stolt av å vere med i det einaste stortingspartiet som har sagt klårt nei til vikarbyrådirektivet – SV, no må vi i fellesskap legge presset på Arbeidarpartiet.

Samfunnet vårt har ikkje godt av aukande skilnader og saker der folk ikkje får sjukepengar når dei blir skadde på jobben, eller må tigge fisk for å få mat. I tillegg bør NNN snarast sette fram krav om allmenngjering av tariffen i fiskerinæringa. Det kan hjelpe litt på den omgripande sosiale dumpinga i nordnorske bygder.

Vil du vite meir?

Her kan du lese fleire av NRK sine saker om sosial dumping i fiskerinæringa:

Dag Seierstad skriv godt og innsiktsfullt om EU på bloggen sin
Nei til EU sin grundige gjennomgang av temaet finn du her.
Alf Holmelid skriv godt om temaet her.

Ja, det blir høgrepolitikk

Det er jo ikkje det minste rart at vi får høgrepolitikk i Tromsø kommune i dei neste fire åra. Høgresida vann valet med klår margin. Eg synst likevel det er litt skremmande å lese i klårtekst kva byrådet har tenkt seg med Tromsø dei neste fire åra. Konkurranse og privatisering er mantraet i byrådserklæringa. Men eg skal gje dei ein ting, formuleringane om kollektivtrafikk og tilhøva for gåande og syklande er ikkje så verst.

La oss sjå på kva som står i erklæringa. Noko av det aller første som møter oss er:

Derfor vil byrådet ha en positiv holdning til bruk av konkurranse der dette kan bidra til bedre kvalitet og sterkere brukerfokusering.

I seg sjølv skulle ein tru at denne formuleringa stoppa for konkurranseutsetting. Vi veit jo frå erfaring, spesielt frå Oslo at konkurranse oftast fører til dyre og dårlege løysningar med ein svært pressa arbeidssituasjon for dei tilsette. Men, byrådet har nok bestemt seg for at verda ser motsett ut.

Ved å åpne for at flere tjenestetilbydere kan konkurrere om å levere ulike tjenester på vegne av kommunen er det et potensiale med hensyn til effektivisering og kvalitetsheving.

og

Derfor vil byrådet gjennomgå kommunens tjeneste- og driftsportefølje med den hensikt å identifisere områder der bruk av konkurranse bidrar til å oppnå høyere kvalitet uten at det skal kreve økte kostnader.

Men det stoppar ikkje der

For å redusere kommunens kostnader og gjeldsbyrde stiller byrådet seg positive til bruk av OPS i forbindelse med større kommunale utbygninger. Byrådet vil vurdere OPS i forbindelse med alle byggesaker i kommunal regi, og inngå slike samarbeid i prosjekter der potensialet for økonomiske besparelser er stort.

OPS er ein måte å bygge på som fører til dyrare og dårlegare byggningar for kommunen. Det har eg skrive meir om her og her. Her er det viktig å ikkje la seg lure av det som kan sjå ut som om kommunen ikkje får meir gjeld. Gjelda blir ganske enkelt omgjort til driftsutgiftar med OPS. Men, byrådet vil ikkje berre privatisere framtidige kommunale bygningar, dei vil og privatisere eksisterande kommunal eigedom

Tromsø kommune har i dag eierandeler i en rekke foretak. Byrådet vil gå gjennom kommunens selskapsportefølje med den hensikt å selge kommunen ut av, eller legge ned, selskap som er utenfor kommunens kjerneoppgaver, eller bidrar lite til å ivaretaoffentlig kontroll over grunnleggende infrastruktur.

Lat oss håpe at siste setninga stoppar for eit sal av Troms Kraft, men eg er i tvil. At det fort kan bli sal av meir kommunal eigedomsmasse opnar det neste for:

Byrådet vil utrede muligheten for å opprette et eget kommunalt aksjeselskap som skal forvalte kommunens eiendoms- og bygningsmasse.

Høgrepolitikk handlar sjølvsagt om meir enn å selge den formuen vi har bygd opp i fellesskap. Det handlar og om eit beinhardt testregime for barna våre. Det blir fleire testar i tromsøskolen og rangering av skolane skal bli eit ideal.

Skoleledelsen ved hver enkelt skole vil bli holdt ansvarlig for skolens resultater gjennom åremål og tydelig definerte målsetninger for enheten. […] I tillegg vil byrådet innføre lese- og skrivetester i 2. klasse, slik at de elevene som sliter skal få ekstra undervisning så tidlig som mulig.

og

I kombinasjon med dette er åpenhet en forutsetning for å styrke skolen. Byrådet vil arbeide for å offentliggjøre mest mulig informasjon om Tromsøskolen, for å stimulere til at skoleledelsen, foreldrene og samfunnet bidrar til å gjøre skolen bedre

Dette bygger ned det som er den viktigaste føresetnadane for ein god skole. Trygge og kompetente lærarkollegium som rettleiar kvarandre og hjelper kvarandre vidare. No skal dei i staden rangerast, målast og om dei gjer det dårleg skal dei hengast ut til spott og spe. Eg trur ikkje det skaper den tryggleiken som skal til for eit godt og utviklande læringsmiljø. Og, trur verkeleg byrådet at lærarane og skoleleiinga sit og ikkje gjer sit beste om dei ikkje blir rangert i avisane? Eg synst dette er underleg og tilbake til ein styringsmodell for arbeidslivet som er forlatt dei aller fleste andre stader.

At dei og legg opp til kutt i morsmålsundervisninga er vel heller ikkje overraskande.

Det blir og meir ølservering og lengre opningstidar i Tromsø. For nokre av oss er kanskje det ei gladnyheit, men mange slit med alkoholen. Alkoholen påfører både den som drikk og dei som er glade i den som drikk for mykje store lidingar. Eg synst vi i Tromsø har hatt eit greitt kompromiss mellom gledene ved alkohol og skadeverknadene av alkohol. No kjem meir til å skje på alkoholen sine premiss. Byrådet skriv:

En slik liberalisering krever mereffektive kontrollmekanismer enn dagens. Byrådet vil derfor øke antallskjenkekontroller betraktelig samt foreta vandelssjekk av alle som søker skjenkebevilling. Dette vil finansieres ved å øke bevillingsgebyret. Med disse mekanismene på plass vil byrådet åpne for at utesteder og butikker kan selge alkohol så lenge alkoholloven gir rom for. (mi utheving)

Utover dette legg høgrebyrådet opp til å kaste folk ut av kommunale bustader og at sosialstøtta i alle fall ikkje skal opp.

Alt i alt har vi vel fått det vi har stemt på. No må vi samle oss og kjempe mot slik at minst mogleg av dette blir verkeleggjort. Korleis meiner du vi gjer det på ein mest effektiv måte?

Kommunestyret i Tromsø – direkte

Klokka 12 i dag startar det konstituerande kommunestyremøtet i Tromsø. Det skal veljast ny ordførar, men viktigare er det at det kjem til å bli innført parlamentarisme med eit byråd. Byrådet utgår frå Venstre, Høgre og Frp.

Spekulasjonane går om kven som vil bli byrådar, men det kan verke som dei fleste er samde om at Øyvind Hilmarsen (H) blir byrådsleiar, Line Fusdahl (H) blir finansbyråd, Anna Amdahl Fyhn (H) blir byråd for utdanning, Kristoffer Kanestrøm (Frp) blir byråd for helse og omsorg,Britt Hege Alvarstein (Frp) blir byråd for byutvikling og Venstres Jonas Stein Eilertsen blir byråd for kultur, næring og idrett.

Eg har tidlegare spådd om kva det nye fleirtalet vil bety for Tromsø. Eg håper eg har tatt alvorleg feil, men trur ikkje det. Det blir meir konkurranse, tøffare arbeidsvilkår og privatisering. Desse seks kan kome til å rive ned mykje på fire år.

Vi får vel uansett ønske dei lykke til.

Her kan du følge kommunestyremøtet.

 

Kva trur du skjer i Tromsø? Stem her

[poll id=»12″]

Lesetips om Somalia, utdanning, Iran, USA, miljø og ekstreme menn

Protestantar på Brooklyn Bridge, på veg for å okkupere Wall Street. Foto: Flickr/bogieharmond

Skulle ein lese alt som finst på nettet, så kunne ein ikkje gjort anna. Ja, sjølv med 18 timars lesing om dagen hadde du ikkje fått med deg alt. Heldigvis er ikkje alt som finst på nettet verd å lese her finn du derimot ting som heilt sikkert er verd å lese.

Du kan jo ta til med å lese om at CO2 utsleppa har auka med 45 prosent sidan 1990, på den andre sida kan du jo trøyste deg med at løysninga finst. Så må vi berre greie å få tatt løysningane i bruk. Brundtland er framleis opptatt av berekraftig utvikling og seier:

«Many challenges of sustainable development can be solved within sectors, within countries – but not climate change,» Brundtland said. «We are all victimized, nobody can hide from it. «

Det kan og vere interessant å følgje debatten i det britiske Arbeidarpartiet, dei driv med ein del interessant sjelegransking etter valnederlaget. Mellom anna er dei opptatt av om grøn populisme er mogleg å få til. Torsken er kanskje ikkje så opptatt av miljøpolitikk, men det er interessant at aldri har forskarane funne karen med skjegg lenger nord enn no. Kanskje er det derfor at russarane reagerer så sterkt på at Noreg arresterte ein russisk trålar i fiskevernsona rundt Svalbard? I alle fall kan det sjå ut som i alle fall nokre russarar ønskjer å ta fiskevernsona rundt Svalbard opp til ny debatt; og, nei, det er ikkje Sjirinovskij eg tenkjer på.

Når vi no er inne på Russland så skjer det jo ting der for tida, det vil seie at det skjer vel eigentleg ingenting. Putin er på veg tilbake. Det slår meg at han liknar ikkje så lite på ein mannleg utgåve av Sarah Palin. The Streetwise Professor skriv:

 Expect Russia to become even more truculent, obstructionist, and revanchist in the months to come.

Kanskje ikkje gode toner sett I samanheng med situasjonen I fiskevernsona? Då kan vi jo kanskje våge å håpe at opposisjonen i Russland finn saman og blir meir effektiv.

Eg synst eurokrisa er vanskeleg å gå eit godt grep om. Eg har skrive litt om det her, men andre kan dette betre enn meg. Paul Krugman meiner at det ikkje er snakk om at land har brukt for mykje pengar. Han snakkar litt om kven som må betale for den irske krisa her.

Utdanning har det og blitt sagt noko om i det siste. Det er ikkje berre i Noreg vi diskuterer testing og prøveer som eit verkemiddel i skolen. Al Shanker, den amerikanske fagforeingsleiaren er den store helten i denne historia. I Noreg har vi og hatt ein diskusjon om lekser, Sigve Indregard seier noko om korfor dei ikkje er effektiv læring. Sjølv om eg må få seie at som forelder synst eg litt lekser er fint for å kunne følgje med på kva som skjer i skolen. Tar vi eit par steg oppover i utdanningssystemet så trur eg mange kunne lære litt av å lese denne rapporten om kreativitet av Richard Florida.

USA har kanskje sin versjon av den arabiske våren no? Det er i alle fall nokre som trekker samanlikningar mellom “Occupy Wall Street” rørsla og det som har skjedd i Nord-Afrika. Igjen skriv Indregard fint og verd å lese om rørsla og kommunikasjonsstrategien. David Korten meiner:

The personal stories emerging from Occupy Wall Street document our common experience under Wall Street’s rule—unemployment, wages that cannot support families, dwindling retirement accounts, foreclosed homes, student debt, and deferred health care. These stories are inspiring yet more Americans to come forward.

Du kan lese resten av artikkelen her. Har du tenkt å delta I ein demonstrasjon med det første? Kanskje ein demonstrasjon der du star I fare for å blir arrestert? Då er du kanskje bekymra for kva politiet kan få ut av telefonen din? Då får du nokre tips her.

Det er ikkje så lenge sidan vi håpa på ein revolusjon i Iran. Dessverre makta ikkje ungdomen å få kasta prestestyret i 2009. Her kan du lese ei god skildring av korleis og korfor det likevel kan vere slik at styret i Iran kan vere inne i sine siste dagar. Det er ille i Iran, men hakket verre i Somalia. Svolt og islamistar trugar folket. Det finst likevel lyspunkt som det kan vere verd å ta med seg. Sjølv om denne artikkelen står i det konservative magasinet “Minerva” synst eg diskusjone om korleis vi evaluerer bistandsarbeidet er interessant.

Til slutt, les om den ekstreme mannen hos forsking.no og Hjorthen sine tankar om brukarstyrt personleg assistent er verd å ta med seg.

Sånn, då har du litt lesestoff å kose deg med. Kom gjerne med dine eigne lesetips i kommentarfeltet.

 

Vi treng meir til miljø

I dag kjem statsbudsjettet. Det vil vise at vi heller ikkje i år bruker nok på klimatiltak, sjølv om det skal seiast at denne regjeringa har løyva mykje pengar til ulike miljøtiltak.

I 2010 eksporterte Noreg 77 954 000 tonn råolje, det tilsvarer omtrent 245 millionar tonn CO2. Ei CO2-kvote i EU-marknaden har hatt ein pris i hovudsak mellom 12 og 30 euro for tonnet. Det betyr at CO2-kostnaden med den norske oljeeksporten er mellom tre milliardar euro og 7,3 milliardar euro. Det tilsvarar med dagens kurs mellom 22 og 54 milliardar norske kroner.

I 2010 var den norske staten si overføring til oljefondet på 181 milliardar kroner.  Det betyr at berre for olja sin del (eg har ikkje tatt med gass, kondensat og NGL) burde vi bruke mellom 12 og 30 prosent av oljefondet på klimatiltak om vi skulle vere i nærleiken av å gjere godt igjen dei problema vi påfører klimaet.

I ein slik samanheng blir kostnadene med å få på plass CO2-reinsing og lagring småpengar, skal vi ha reint samvett for olja, burde vi bruke langt meir kvart år på å finne måtar å avbøte utsleppa av klimagassar.

Gjer vi det?

La Hellas gå konkurs

Protestar mot nedskjæringar i Hellas. Foto: Flickr/edrick's Sister's brother's Sony DSC-S40

Ingen har ønska seg dagens krise i Europa, men det som skjer er likevel eit uttrykk for ein villa politikk. EU sine fire fridomar og innføringa av euroen er grunnlaget for den krisa vi ser i dag. EU-systemet endrar makttilhøva i arbeidslivet, høg arbeidsløyse reduserer fagrørsla si makt – det er grunnen både til krisa og dei stadige angrepa på rettane til arbeidsfolk.

Då Hellas innførte euroen skjedde det to svært viktig ting. Renta gjekk kraftig ned, pengane vart billige. Investorar verda over fann ut at alle eurolanda plutseleg var like sikre betalarar og at det dermed var logisk å krevje same rente av Hellas som av Tyskland. Det betydde at Hellas kunne låne pengar og bruke til kva dei måtte ønske. Dei importerte tyske renter utan å importere tysk budsjettdisiplin.

Det andre som skjedde var at Hellas ikkje lenger hadde mulegheit til å devaluere for å  gjere gjelda muleg å bære. Eit land som USA kan aldri gå konkurs. Vi høyrer mykje om den store amerikanske statsgjelda, men med mindre USA vil, kan ikkje USA gå konkurs. Deira lån er i amerikanske dollar. Blir gjelda for stor er det enkelt for USA å sette i gang trykkpressa og trykke nok dollar til å betale gjelda. Denne mulegheita har ikkje Hellas, eller nokre av dei andre eurolanda.

Då er alternativet det som blir kalla intern devaluering. Kva er ei intern devaluering?

Det er å sette ned lønene til vanlege arbeidsfolk i eit land. Då blir produksjonen billigare, eksporten går betre og gjelda kan kanskje vere muleg å betale. Mange land har prøvd seg på denne kuren, Argentina, CFA-området, dei baltiske landa. For dei fleste gjekk det svært dårleg. Argentina måtte til slutt bryte banda til dollaren og devaluere, dei baltiske landa endte opp med kraftig nedgang i BNP og svært mykje lågare lønningar for folk flest.

Ei intern devaluering fører (nesten) alltid til nedgang i BNP, noko som betyr at gjelda blir vanskelegare å bære. Fleire peiker no på at den interne devalueringa i Hellas, gjer at gjelda vil stige frå dagens umulege nivå til opp mot 200% av BNP.

Konkursen er så godt som uunngåeleg.

Men i dagens diskusjon er det stort fokus på bankar, statsgjeld, obligsjonar og investorar. Det er mykje mindre fokus på dei som må bære byrda med ei intern devaluering.

I Hellas har lønene gått ned med rundt 30 prosent, både i privat og offentleg sektor. 100 000 offentleg tilsette er blitt sagt opp, pensjonane er gått kraftig ned og skattane aukar kraftig. Eit litt tilfeldig valt eksempel er ein funksjonær i kommunen, der har løna gått ned frå ca 11000 til ca 7500 kroner, samstundes har momsen auka frå 13 til 23 prosent, alle har fått ekstra inntektsskatt på mellom ein og fire prosent og det er innført ein betydeleg eigedomsskatt.

Så skal det seiast at grekarane kanskje ikkje alltid har vore dei flinkaste til å betale skatten sin, verken med glede eller med sorg, spesielt rike grekarar har unnlatt å betale. Men det er vanlege folk som no får byrda.

Kort oppsummert dersom eit land devaluerer er det bankane og investorane som må ta tapet, med ei intern devaluering (i alle fall i første omgang), medan ei intern devaluering belaster arbeidsfolk mest. No må EU la Hellas gå “konkurs”, gjelda må bankast ned. Så får vi heller handtere den bankkrisa som kanskje kjem. Det er betre å la bankar bli nasjonaliserte enn å la vanlege folk bere byrda.

 

PS. Eg veit dette er forenkla, ei bankkrise vil og ha store konsekvensar for vanlege folk, men eg trur konsekvensane blir mykje mindre.

Exit mobile version