Aldri personval i SV utan at det kjem framlegg på kandidatar som dei fleste av oss aldri har høyrt om før, verkar det som. Kva kan det seie oss, skal tru? I mine auge vert grunngjevinga – at me treng «andre ståstadar» enn partimiljøet i Oslo – for enkel. Ikkje med det sagt at eg ikkje trur du meiner det, altså. Men årsaka til at det kjem slike framlegg trur eg for eigen del handlar meir om at me grunnleggjande ikkje er nøgde med eige parti- og organisasjonsarbeid. Å verte betre på det er ei mildt sagt krevjande oppgåve, og det er ikkje rart at me grip til tankar og framlegg av ulike slag. Men skal me verte betre på parti- og organisasjonsarbeid trur eg me skal byrje der. Å gjere framlegg om «lokale heltar» kan ein seie mykje om, men det har sjeldan vist seg å gjere den heilt store skilnaden, korkje politisk eller organisatorisk.