Det er vel litt slik i andre parti også, at tillitsvalde som står særs sterkt lokalt slett ikkje treng vere særskilt godt kjende i resten av landet. Det til side; eg trur det kan ha mykje for seg å tenkje lagbyggjing når ein sit saman ei toppleiing. Det er vel kan hende noko me har sakna dei siste åra, med ei leiing der alle kappast om å disiplinere resten av partiet mest mogeleg, for å seie det litt sleivete. Ein kan seie mykje om det mangeårige samspelet mellom Øystein Djupedal og Kristin Halvorsen, og det var sjølvsagt ikkje så hyggeleg for dei av oss som fekk svi for det. Men det funka. Skal partileiinga vere for heile partiet må den ha folk som klarar å fylle alle rollene ei partileiing har. Slik er det nok diverre ikkje i dag, og eg ser det vel ikkje som opplagt at det vil verte slik etter landsmøte heller.