Eger ikkje i tvil om at nynorsken er frigjerande for alle skrivande menneske i Noreg! Berre dei som har utvikla  bokmålet til dette framande riksmålaktige og som har gått over til å snakke denne dialekten, kan nynorsken kjennast som litt vanskeleg. Men då har desse folka i alle fall byta språk  til eit unorsk språk. For nynorsk har tre kyn, ein morfologi som samsvarar med dei norske dialektane, og ein syntaks som samsvarar med ordfølgja (syntaksen) i det norske folkemålet. Nynorsk gjev oss alle nordmenn høvet til å skrive eit nasjonalt språk, og i tillegg har vi alle nordmenn innebygd grammatikken. Vi treng ikkje å analysere kvar setning  for å snakke korrekt norsk! Nynorsk er frigjerande for alle som kjenner seg undertrykt av det framande bokmålet. Dette språket som berre vert igjenkjent når vi puttar inni det mange norske dialektord. I min nynorsk kan eg bruke alle dei orda som dialekten inneheld, kvart eit einaste. Og avgjerda av kyn gjer eg ut frå den bestemminga som dialekten fortel meg. Avgjerda om e og  a-verb tek eg frå dialekten, og preteritumsbøyginga avgjer om det i  presens skal heitee -ar eller -er: hoppa – hoppar,  smilte – smiler. Dei sterke verva får alltid -er: spring – springer, Og når vi vert gammal, så kan vi gå attende til barndommens språk. Det sit der til det siste. Då har bokmålsorda kverve for lenge sidan!