Eg har
sjølv hatt Nynorsk i over elleve år på skulen, og no på vg2, er eg den einaste
i klassa som har Nynorsk som hovudmål, i ei Nynorskkommune. På ein måte er det
ikkje rart at de misslikar Nynorsk. Om de har fått like lite undervising i
sidemål som det eg har, er det ikkje rart at de ikkje kan språket.

Men det
er jo eigentleg ikkje mitt problem. Eg forstår Bokmål like godt som Nynorsk,
for det meste fordi det er over alt i kvardagen min. Bøker, aviser og tekst på
tv. Men eg forventar å bli forstått! Eg har opplevd gang på gang å få
kommentarar som ”Skriv Norsk!”, eller  ”Hva
sa du?” når eg skriv Nynorsk på nett.

 Burde det gå utover meg  når eg skriv i ei målform som skal vere
likestilt med Bokmål? Eg synast Nynorsk er eit mykje vakrare og meir unikt mål
enn Nynorsk, og eg vil ikkje legge om rett og slett fordi folk som ikkje gidd å
tilpasse seg andre skal skjøne meg.

Eg
skjønar Bokmål, eg kan skrive det flytande, men eg vel å skrive Nynorsk i
staden. Godta det, vi finnast enda, og vi forventar å bli forstått på lik linje
som alle andre som skriv Norsk. Nynorsk vil nok døy ut om nokre tiår, men så
lenge vi er her må vi takast omsyn til.