Primærval i Noreg?

Michele Bachman
Michele Bachman
Michele Bachman tar del i primærvala for å bli republikanarane sin kandidat ved presidentvalet i USA. Burde vi finne nye måtar å velje ut kandidatar i Noreg og? Foto: Gage Skidmore/Wikimedia

Leiaren i Unge Venstre er til ei forandring ute med eit interessant og positiv sak på TV2 i dag. Han meiner at norske parti kan ha mykje å lære av korleis amerikanarane vel kandidatane sine. Eg trur og det, men har og nokre ikkje heilt ubetydelege motførestillingar.

Politikken handlar i utgangspunktet om meiningar og visjonar for samfunnet, men det handlar og om at vi skal velje leiarar som skal sette desse visjonane ut i live.  Eg trur det er på tida at vi tar inn over oss at dei strukturane vi har for å peike ut folk og politikk – dei politiske partia ikkje lenger er masserørsler. Det er i realiteten ganske få menneske som tar vala som blir retningsgjevande for kommunen, fylket eller landet. Det bør vi gjere noko med.

Men, først, la meg ile til å seie, eg trur dei fleste som ikkje er politisk aktive ville blitt overraska over kor lite som skal til for å få reell innverknad i eit politisk parti – i alle fall når ein har lært kodene og spelereglane å kjenne. Sånn sett er det norske politiske systemet ganske opent for alle.

Men alle deltar ikkje – heller ikkje alle medlemmane i dei politiske partia.

Eg trur derfor at det er rett å ta til å eksperimentere med andre prosessar, prosessar som i større grad inviterer til deltaking. Ein eller anna form for primærval kan vere vegen å gå. Eg vart veldig skuffa då landsstyret i SV sa nei til å avgjere leiarvalet i SV gjennom ei uravstemming. Eg trur det kunne vore ein måte for mitt parti å opna opp prosessen.

Eg er likevel stolt av at vi i Troms har bestemt oss for å halde ei rådgjevande uravstemming om dette spørsmålet. Denne avstemminga vil gje råd til våre delegatar på landsmøtet. Eg er spent på deltakinga i denne avstemminga.

Eg kjem og til å foreslå på årsmøtet i Troms SV at vi skal halde ei bindande uravstemming om nominasjonen til neste stortingsval. Og, eg håper fylkeslaget vil vere med å opne opp prosessen på denne måten.

Utfordringane er likevel mange. Korleis skapar vi opne prosessar om kompliserte politiske spørsmål – det er enklare med personval?  Kom gjerne med gode innspel. Og, det kanskje aller viktigaste, korleis unngår vi at slike prosessar gjer politikken enno meir personfokusert?

Det er trass alt politikken og ikkje kandidatane som er det viktigaste – ikkje sant?

[poll id=»13″]

Eg har tidlegare skrive om korleis vi kan bruke sjølvmeldinga for å ha ei folkeavstemming om korleis vi skal bruke pengane våre. Det innlegget kan du lese her.

Konge eller president?

image
Haakon og Mette-Marit blir nok kong og dronning og med mitt forslag. Foto: Holger Motzkau/Wikipedia

Må vi velje om vi skal ha konge eller president? La meg som ein god SVar få foreslå «ja takk, begge deler».

Hovudargumenta for kongedøme er så vidt eg veit to. 1. Kongen og kongefamilien representere landet på ein god måte og 2 dei utgjer ein viktig tradisjon og ei institusjonell forankring som er viktig i ei omskifteleg tid.

Hovudargumenta for republikk er det og to av. For det første er det urimeleg at makt skal arvast i eit demokrati, makthavarane skal vi velje (med unntak av dei som har makt gjennom å ha arva pengar – det er greitt) og for det andre kan vi aldri vite kor lenge den norske flaksen med kongar varer.

Eg ser ingen grunn til at vi ikkje skulle kunne sameine desse to standpunkta i eit glitrande kompromiss.

La oss først sjå litt tilbake i tida. I vikingtida og tidleg mellomalder var det ikkje noko automatikk i at den eldste sonen (og i alle fall ikkje den eldste dottera) skulle arve kongedømet. Kronprinsen fekk versågod reise rundt i landet og gjere avtalar med bøndene for å bli tatt til konge på dei lokale tinga. Seinare tok riksmøtet over noko av denne funksjonen.

Vi hadde i realiteten ei valkongedøme med ein sterk fortrinnsrett til krona for arveprinsen. Denne ordninga med modifikasjonar kunne vi tatt i bruk igjen.

Neste gong vi skal bytte konge kunne vi gjort det slik at kronprinsen måtte komme til Stortinget og bli tatt til konge av eit fleirtal på tinget. I realiteten vil Stortinget alltid ta ein nokonlunde skikka kronprins til konge (ja,  så Håkon er nok trygg) men vi kunne stoppa openbart ukvalifiserte kongar.

Eg tenkjer at vi i utgangspunktet vel kongen på livstid,  men at han kvart tiande eller femtande år måtte komme til tinget på ny for å bli ratifisert.

Dersom vi mot formodning ikkje skulle ville velje kronprinsen må Stortinget finne ein ny konge, og då ville det vere naturleg å leite først mellom folk lenger ute i arvefølgjen. Det ville vere ein uting å skifte kongehus i tide og utide.

Dette ville bevare monarkiet som institusjon, samstundes som det ville få ein viss demokratisk legitimitet og hindre Carl Gustav tilstandar i riket. Det er og i tråd med tronfølgjelova frå 1163.

Tilbake til framtida?

Blått godteri

Blått godteri
Blått godteri
Blått godteri kan ha ei tiltalande overflate, akkurat som blå politikk. Foto: Colemama/Flickr

Det er fristande med ei sterk blåfarge. Anten det er den blå nonstopen på pepparkakehuset eller fridomspratet frå dei blå partia.

Blå tilsettingsfarger i godteri og anna mat vart lovleg i Noreg i 2002. Då vart eit EU-direktiv om dette gjeldande, før hadde norske helsestyresmakter sagt nei til dette. Vi fekk med andre ord fridom til å velje blått, E133 briljantblåt. Det kan gje allergiske reaksjonar, og hyperaktive barn bør ikkje få i seg stoffet. Nokre meiner og at det kan vere kreftframkallande.

Så vi har altså fått denne fridomen til å velje oss blått godteri med usikker helseeffekt. Dette er den typiske blå fridomen.

Og,  det er same typen fridom dei no planlegg å gje oss i Tromsø no framover. Vi skal få fridomen til å velje blant fleire private tilbod i til dømes eldreomsorgen. Kva vinn vi på det. Eg meiner det gjev oss same fridomen som moglegheita til å velje blått godteri gav oss.

Vi får lov til å ta overflatiske val, vi får lov til å ta diskusjonar om godteri med ungane våre og diskusjonar om kva omsorgsselskap vi vil ha.

Men blir dette ein samtale om korleis vi kan ha god ernæring, korleis vi kan utvikle eldreomsorgen. Fridom handlar om mykje meir enn overflatiske val. Det handlar om tryggleik for jobb og inntekt, tryggleik for hjelp når du treng, tryggleik for eit samfunn som bryr seg. Det er mykje som enno kan bli betre i Noreg.

Men, det blir ikkje betre gjennom at den private rikdomen veks, medan det offentlege blir fattigare. Det blir ikkje betre gjennom at skattane blir sett ned.

Det blir betre om vi løftar i lag.

For min del oppfattar eg både blå politikk og blått godteri som negative for folkehelsa, og sluttar meg til sitatet nedanunder frå Aftenposten. Tolk gjerne blå politikk inn i blått godteri

Blått godteri bør man unngå. Hvis alle sluttet å kjøpe for eksempel blått godteri, ville produsenten også slutte å lage det, sier Soot-Ryen.