Kaos og litt politikk

Eg og Gunhild Johansen representerte SV i kommunestyret. Det var ein frustrerande dag. Foto: Terje Håkstad

I dag var det kommunestyremøte. Eg skulle ønska eg kunne rapportert om grundige politiske drøftingar om kva som er best for Tromsø og tromsøværingane. Dessverre er ikkje det hovudinntrykket frå kommunestyremøtet, sjølv om det var litt av det og.

Men, noko politikk vart handsama, reguleringsplanar vart vedtatt, samhandlingsreformen vart diskutert mellom andre ting. Det blir fortau langs Mellomvegen, så heilt forgjeves var ikkje møtet.

Samhandlingsreformen kan det seiast mykje om. Den handlar sjølvsagt om økonomi, og økonomi er sjølvsagt viktig. Men skal økonomien gå i hop er vi nøydde til å forebygge. Og, forebygging det er SV politikk. På sett og vis tvingar samhandlingsreformen fram meir SV-politikk. Vi kan ikkje sleppe laus alkoholserveringa, slik byrådet vil om vi skal forebygge, vi kan ikkje sleppe laus trafikken med dei støvproblema det medfører om vi skal forebygge dei problema særleg astmatikarar får. Vi kan ikkje føre ein skolepolitikk som medfører at gymsalar blir steng eller ikkje bygd om vi skal forebygge.

Eg er bekymra for at byrådet har eit alt for snevert fokus i denne saka. Det seier sitt når rapporteringa til kommunestyret skal skje i dei halvårlege økonomirapportane. Økonomi er viktig, men det kan ikkje vere det einaste og viktigaste kritieriet vi måler helse etter.

Dessverre var hovudinntrykket av møtet at det er uorganisert, med spelereglar om gjennomføringa som det ikkje er semje om. Noko har samband med at parlamentarismen ikkje har gått seg til, om han nokon gong kjem til å gjere det, noko har samanheng med ein ny og uerfaren ordførar som heller ikkje har planlagt møtet godt nok.

Eg synst det er ganske forunderleg at ordføraren ikkje har tatt høgde for at det blir interpellasjonar eller spørsmål når han set opp møteplanen. Resultatet av det er at verken min interpellasjon om anbudsutsettinga av bussane (basert på dette og dette blogginnlegget) eller Gunhid Johansen sin interpellasjon om situasjonen for Yalda vart handsama i kommunestyret. Eg håper det berre var dårleg planlegging, men der og då kjentes det som at vi vart fråtatt den demokratiske retten vi har til å få saker opp i kommunestyret.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version