Det er noko maskinelt og mekanisk over norsk utkastingspolitikk. Når Jens Stoltenberg argumenterer, argumenter han reint mekanisk. Det er nesten som ein robot som står der på talarstolen og ytrar det han er programert til å seie.
Les desse utsagna frå Stoltenberg, sitert i VG:
– Vi vil ha et rettferdig og forutsigbart regelverk. Da kan vi ikke åpne for et system som premierer dem som jukser med sin identitet, og som gir feilaktige opplysninger om hvor de kommer fra. Vi kan heller ikke gi særbehandling i tilfeller der barn skyves foran, sa statsministeren i Stortinget onsdag.(mi utheving)
Sett dette opp mot historia vi kan lese i NRK i dag. Verona er ni år gamal. Ho er fødd i Noreg, og har budd her heile livet. Ho har gått på skole på Rjukan. Foreldra har budd i Noreg i 11 år. I dag kom politiet for å hente dei og tvangssende dei ut av Noreg. Til Bosnia.
Smak på orda til Stoltenberg opp mot denne historia. Høyrest det rettferdig ut? Føreseieleg, å bli sendt ut etter 11 år? Trur du Verona har juksa med identiteten sin? Er det å skuva barna framfor seg å påpeike at denne jenta er norsk?
Asylpolitikken kan aldri lausrivast frå einskildskjebnar. Det er einskildskjebnar som er sjølve poenget med asylpolitikken.
Eg kjenn ikkje bakgrunnen til familien til Verona, og korfor dei rømte frå Bosnia. Men, eg klarer ikkje å sjå ein einaste grunn til at vi skal sende ungar til eit framandt land. Verona er født her, vaks opp her, gjekk på skole her. Ho er herifrå.
Spesielt ironisk er det at det denne gongen gjeld Bosnia. Bosnia, eit land som kjem til å bli medlem av EU om ikkje alt for mange år. Då vil alle bosniarane fritt kunne slå seg ned i Noreg på lik linje med andre EU-borgarar.
Eg trur historia kjem til å dømme oss hardt for det vi gjer mot dei ungane som blir sendt ut etter lang butid i landet. Eg håper Stoltenberg er villig til å stå for historiens dom – den vil bli hard.
Eg meiner at det må gå ei grense for kor lenge barn kan vere i Noreg og framleis bli sendt ut. Eg er derimot villig til å akseptere at vi set inn ressursar for å få avgjort asylsøknadar raskare. Eg skal vere med å diskutere – fordomsfritt – om det er for mange ankemoglegheiter og for lett å sende omgjeringskrav. Eg er villig til å bruke ressursar på å raskt sende folk ut etter at avgjerda er tatt raskt.
Eg er derimot ikkje villig til å diskutere om det er rett at barn som har budd lenge i riket skal få bli her. Barnets beste må vere avgjerande. I 99 prosent av tilfelle vil det vere best for barnet å få bli i landet om dei har budd her i fleire år.
Eg heiar på menneska, ikkje maskinane
Hvis Bosnia blir EU medlemmer om noen år så er landet i en forfatning som gjør at de som bor der ikke trenger beskyttelse.
Si meg – hvorfor har det tatt 11 år?
Korfor det har tatt 11 år har eg ikkje det minste formeining om
Er det ikke viktig om det er staten eller foreldra selv som har trenert saken?
For ungane er ikkje det viktig nei. Men, om det er ein systemfeil som gjer at dette har tatt 11 år så får vi fikse systemet og ikkje la det gå ut over Verona
Jeg er helt enig. Om det er slik at systemet ikke har klart å behandle en anke på 9 år så må Norge ta ansvar.
Om det er foreldrene som har anket og anket, begjært gjenopptaking og trenert og trenert så mener jeg foreldrene ikke skal premieres ved å bli i landet.
Barnet…. må gjerne bli om foreldrene vil det.
Test