Hurra for NHO

Det er ikkje så ofte du vil sjå ei sånn overskrift på denne bloggen. Men, no er det velfortent. I den siste kvartalsrapporten set NHO fingeren på ei av dei aller største utfordringane i norsk økonomi – olja.

Det er mange og sterke miljøargument mot det enorme oljeutvinningstempoet vi har i Noreg. Klimaendringane blir ikkje redusert, og norsk oljeutvinning er ikkje den mest miljøvenlege. Men, denne gongen skal det handle om økonomi. Lat oss sjå kva Tor Steig, sjeføkonom i NHO seier:

Det er nå tegn på at oljeklyngen fortrenger annen norsk konkurranseutsatt næringsvirksomhet gjennom særnorsk sterk kostnadsvekst og tilspisset kamp om den kvalifiserte arbeidskraften.

Det er sjølvsagt ikkje bra, kan du seie, men olja gjev oss store inntekter, og spesielt i Nord-Noreg vil olja vere med på å skape utvikling, kan du tenkje. Dessverre er det ikkje heilt slik. Veksten i oljeindustrien, også basert på det som skjer i Barentshavet kjem i hovudsak i Rogaland og Oslo. I alle fall dersom vi skal tru NHO. Dei skriv i rapporten sin:

Tosporsøkonomien gir store regionale forskjeller på arbeidsmarkedet. Oslo og Rogaland sto for 6 av 10 nye jobber i 2011 regnet netto. I januar var Rogaland det fylket som hadde sterkest vekst i antall utlyste stillinger i forhold til ett år tidligere.

Denne grafen frå rapporten viser dette tydeleg:

Altså, sysselsettingsveksten i den nye oljeprovinsen skal bli under gjennomsnittet. Vi ser og at tradisjonelle industrifylke som Østfold, Telemark og Agderfylka gjer det dårleg.

Eg synst Alf Holmelid seier det godt på bloggen sin:

Utviklinga av norsk oljerelatert leverandørindustri er ei suksesshistorie som vi må ta vare på. Men vi treng fleire bein å stå på. Skal vi få til det, må vi redusere det høge oljeutvinningstempoet. Viss ikkje kan vi få eit kostnadsnivå som ikkje er berekraftig over tid for andre deler av næringslivet. Verdiane på havbotn forsvinn ikkje om vi brukar lenger tid på å ta dei opp.

Det er altså slik at det vanvittige tempoet i oljeutvinninga trugar norsk økonomi. Kva skal vi leve av når olja tar slutt om all anna industri er borte?

Dag og Tid hadde ein god artikkel om denne saka for ei tid sida. Dei skreiv mellom anna:

Det første taket som vart vedteke for utvinninga, var at produksjonen i norsk sektor ikkje skulle overskride 90 millionar tonn olje. Dette målet var i starten svært romsleg, det tok tid å få opp ein produksjon som monna i Nordsjøen. Statsminister Gro Harlem Brundtland forsvarte målet slik i ein tale i 1981: «Går vi lenger, kan vår økonomi bli svært oljeavhengig og omstillingene gi for store sosiale kostnader.»

Så slik er det altså. I eit og same blogginnlegg ender eg opp med å vere samd med både NHO og Gro Harlem Brundtland. Korleis skal dette gå?

Eg veit ikkje heilt sikkert, men eg veit at det at så mykje av kapitalen i Noreg går til oljeinvesteringar betyr at det blir mindre til investering i vegar, jernbane, skolebygg og sjukehus. Det er for dumt at vi skal køyre på dårlege, humpete og rasfarlege vegar fordi vi insisterer på å øydelegge både klimaet vårt og økonomien vår.

I 1988 fastsette Stortinget eit tak på oljeinvesteringane på 25 milliardar i året. Allereie i 1993 var dei på 54 milliardar, i 2011 var dei på 142 milliardar. NHO meiner dei vil stige med 14 prosent i 2012. Stortingsfleirtalet har kapitulert, og lar Statoil styre norsk økonomi. Det kan aldri gå bra – i lengda.

Har nokon protestert på denne galskapen, spør du kanskje? Ja, eit parti har vore konsekvent mot denne vanvittige auken i oljeutvinning. Eit døme kan vere B.innst.S.nr.8 (1996-1997). Der skreiv SV sin representant:

«Etter dette medlems oppfatning vil det være samfunnsøkonomisk mest korrekt å spare ved å la større deler av vår olje- og gassformue ligge igjen til framtidige generasjoner.»

Eg kunne ikkje vore meir eining. Men, kva trur du? Skriv gjerne meininga di i kommentarfeltet.

Og til slutt vil eg berre minne om:

Jepp det er arbeid som skaper verdiar. Olja gjer arbeid mindre lønsamt. (OK, det er ei spissformulering)

Istappar og euro

Istappar kan vere vakre, men foræderiske...

No i desse dagar så heng det store istappar frå hustak, særleg frå hustak som er dårleg isolert. Istappar som trugar med å dette ned å skade oss alvorleg, sjølv om dei kan vere vakre på avstand. Slik er det med euroen og, vakker og lettvinn på avstand, men kjem du nær han må du vere forsiktig med å ikkje få han i hovudet.

Hellas kom nær istappane, og dei fall ned.

Utfordringa med euroen er at han stappar ulike økonomiar inn i ei tvangstrøye. Der alle skal ha same rente, inflasjon og utlånspolitikk. Det går ikkje på eit så mangfaldig kontinent som Europa. Det er ikkje vanskeleg å sjå at Hellas og Tyskland treng ulik økonomisk politikk. Eller at Tyskland er like skuldig i krisa som Hellas.

Det er dette dei ikkje har skjønt, dei som er ramma av gigantomanien også i det små. Utfordringa med å slå saman sjukehusa i Oslo, er litt den same som å få Tyskland og Hellas til å gå i økonomisk takt. Når noko blir så stort så blir det ustyrleg og med dårleg samanheng. Det blir vanskeleg å sjå ting over avdelingsgrenser eller sektorgrenser.

Når Tyskland (og Noreg) insisterer på å ha store overskott på handelsbalansen med utlandet, så må nokon gå med underskott. Det minner meg litt om ei venninne som ein gong kom blakk heim etter å ha studert i Oslo i ein periode og brukt opp studielånet så alt for fort. — Eg benytta meg berre av dei tilboda som fanst, var forklaringa på at ho var pengelaus. Litt det same kan ein seie om Hellas. Nokon måtte bruke dei pengane som Tyskland (og Noreg) sparte.

Gjennom innføringa av euroen vart det plutseleg lett. Det var akkurat som om Hellas fekk studielån og stipend. Renta gjekk ned til tysk nivå. Det vart nesten gratis å låne pengar. Vi kan sjølvsagt rette peikefingeren mot greske og andre politikarar som har brukt meir pengar enn det dei har tent. Men, vi kan ikkje la vere å sjå det i samanheng med den institusjonelle ramma som vart skapt gjennom innføringa av euroen. Ansvaret vart pulverisert. Sett frå Athen såg det ut som ansvaret låg ein annan stad. Den europeiske sentralbanken fastsette renta, uavhengig av kva som skjedde i Hellas. Sentralbanken måtte sjølvsagt ta omsyn til korleis økonomien gjekk i dei største landa.

Så sit vi i ein situasjon der folk flest i Hellas må ta ansvaret for det som har skjedd kanskje i hovudsak på bakgrunn av hendingar langt borte i Brüssel ein stad. Det greske folket må stramme inn livreima for å sikre at tyske og franske bankar ikkje skal tape pengane sine.

Eg klarer ikkje å sjå at dette er rettferd, at berre ein av aktørane som bygde rammeverket rundt euroen og gjorde krisa mogleg skal bere heile byrda. Det er ikkje meining i at når naboen isolerer taket sitt dårleg, så er det eg som får istappane i hovudet.

Eg meiner derfor at det einaste rette no er å la Hellas få lov til å gå konkurs, slette store delar av gjelda, starte på nytt. Kanskje og på ein kontrollert måte gå tilbake til ein eigen valuta. Då får grekarane sjølv ta ansvaret for låna dei tar opp og renta dei betaler. Investorane og bankane får ta stilling til om dei trur dei får pengane sine tilbake om dei låner ut. Eg trudde at poenget med bankar var at dei skulle vurdere risiko, og ikkje overlate det til andre.

Så er det kanskje og på tide at arbeidsfolk i Tyskland får ta del i overskottet der, gjennom at lønene veks. Noko dei nesten ikkje har gjort på 20 år. Og, kanskje Noreg og bør ta ansvar for å redusere handelsoverskottet vårt gjennom å redusere oljeutvinninga. Ein meir differensiert økonomi i Noreg, høgare løner i Tyskland og ein betre balanse i verdsøkonomien treng ikkje vere ei dårleg løysning på eurokrisa.

Dette innlegget vart først publisert på Nei til EU sine sider under vignetten «Ukens skribent». Bli medlem i Nei til EU om du ikkje allereie er det!

Audun Lysbakken som ny leiar i SV?

I dag gjekk Audun Lysbakken av som statsråd i Barne- og likestillingsdepartementet. Det er trist, både avgangen og saka som førte til avgangen. Eg håper vi no kan få ein litt open debatt om Audun som partileiar i SV.

Eg trur den debatten kjem til å ende opp med at vi i SV konkluderer med at Lysbakken bør bli leiar i SV, og sannsynlegvis er det rett. Men eg kjenner eg er uroa over den umiddelbare kroninga av han som mange i SV har gjeve uttrykk for i både gamle og nye media i dag.

Nokre døme:

– Min personlige mening er at Audun bør velges som partileder. Etter alt som har skjedd, tror jeg at partiet vil slå ring rundt ham. Per Østvold til Aftenposten

– Oppurtunistene kan bare prøve seg, de har ikke sjans. La oss si at jeg skulle stille nå, jeg ville blitt fremstilt som den største idioten. Her har partiet en utfordring, og så kommer jeg for å utnytte meg av det, sier Fylkesnes. (same artikkel i Aftenposten)

Diggar framleis Lysbakken, og håpar han blir leiar. Men no vonar eg partiet brukar dagane godt til å finne løysingar for oss – og ikkje VG (Jens Kihl, på twitter)

Er det bare jeg som mener at kandidaturet til @audunlysbakken er styrket, gjennom at han har håndtert presset så godt disse dagene? Bente Øien Hauge på twitter

@audunlysbakken går av med rak rygg og viser styrke. Jeg gleder meg til han skal lede @svparti fra Stortinget Mona Wærnes på twitter

Tydelegast av alle har Kristin Halvorsen vore.

Min mening er at man Lysbakken bør velges som leder. Jeg er sikker på at motbakkene som har vært nå gjør Audun til en bedre leder, sier Halvorsen, som nekter å svare på hvordan han vil karakterisere feilene som har blitt begått i BLD under Lysbakken.

Eg kjenner at eg synst dette blir for lettvint. Eg har sans for Lysbakken, sjølv om eg stemte på Holmås i uravstemminga i Troms SV. Eg har heile tida meint at han kunne bli ein god leiar for Partiet. Men, no er eg i tvil, eg er i alle fall heilt sikker på at vi treng å diskutere korleis Lysbakken med moralsk autoritet kan står fram i til dømes vanskelege skattedebattar etter det som har skjedd.

Klarer vi å vinne ein debatt om høgare skatt for den rikaste halvdelen av oss, når vi i ei god stund vil bli møtt med argumentasjon om korleis skattepengane blir brukt? Kanskje, men det blir ei utfordring. Ei utfordring vi må tenke gjennom før vi vel Lysbakken. Tilsvarande går det an å sjå for seg ein god del andre situasjonar.

Eg meiner likevel Frank Rossavik kjem med eit god sitat frå Lysbakken:

Som han [Lysbakken] sa halvveis i pressekonferansen, på et tidspunkt da jeg tror ingen av oss mediefolk ennå skjønte hvor det bar: ”Ingen har lidd. Ingen har tapt noe. Ingen har beriket seg. Det eneste som har skjedd er at jenter har fått opplæring i selvforsvar”.

Vi må likevel halde oss til røyndomen både slik han er og slik han framstår for folk. Eg trur den røyndomen er annleis enn vi som er inne i partiet oppfattar han.

Den store debatten er ikkje om Lysbakken kan vere leiar og sitte på Stortinget og leie Partiet. Det kan han. Eg skulle likevel ønska at det skjedde fordi han og vi valde det, ikkje fordi han ikkje kunne sitte i regjeringa. Den store debatten er om autoriteten Lysbakken vil ha utad vil vere sterk nok?

Då passar det kanskje med å avslutte med eit sitat til frå Rossavik:

SV har nok norsk rekord i uflaks og dårlig håndtering både av farer og muligheter. Men må historien gjenta seg hver gang? Rossavik på sin blogg på bt.no

Nobina og kapitalisme

Ofte er det sånn at eg les avisa med lett hovudristing, men i det siste er det to saker som har fått meg til å kjenne at eg blir sint meir enn oppgitt. Det eine er flykningepolitikken og måten Noreg oppfører seg mot barn. Det andre er bussanbudet i Tromsø. Det skal dette innlegget handle om. Itromsø hadde ein svært god artikkel  på fredagen. Dei trykte eit innlegg frå ein anonym bussjåfør som viste fram og avslørte kapitalismen i alle si enkelheit og med alle sine konsekvensar.

Nobina vann anbudet på å få køyre buss i Tromsø. Dei har lova å køyre bussane i Tromsø, Balfjord og Karlsøy 200 millionar kronar billigare enn nærmaste konkurrent. Korleis fekk dei til det? Rekna dei inn mindre overskott til eigarane? Nei, det gjorde dei ikkje. Dei sparte på materiell og folk.

Prøve å lirke fram et smil og hilse hyggelig på begynnelsen av daget, mot slutten av min 10-11 timers vakt e det smilet brått viska ut.. Kan være av mye kjeft, ingen pauser overhodet eller at mesteparten av matpausen min forsvinn i forsinkelse. (Ja har jobbet 9 timer nonstop noen ganger, men vi skal vel ikke klage mener enkelte? er jo alltids noen som har det verre..

Sånn må det nesten bli, om eigarane av Nobina skal tene gode pengar. Kven er eigarane? Det er store internasjonale fond med base i Boston og Texas. Dei får nok ikkje mindre pengar av at sjåførane i Tromsø får ein tøffare kvardag.

Ser alt nå at det e glatt ute, ser fram til å kjøre på en kombinasjon av regummierte piggfrie dekk og miljøpigg, man har spart på sikkerheten fra Nobina’s side. Hadde man eid sin egen buss ville man aldri vurdert å sette på de billigste dekkene som finnes på markedet.

Eg synst dette høyrest skummelt ut, men det er ikkje den rike eliten det går utover at bussturen er utrygg og langsam.

Vi kan også få kjeft for at vi har en ubehagelig kjørestil, dvs. at Nobina har bestilt de billigste manuelle girkassene og satt inn i de nye langbussene, man har lagt på et styringssystem og gjort dette om til automat på den måten. Vi kan regne med at vi girer 10 ganger (ingen overdrivelse), fra stoppet i bakken oppfor krokensenteret til vi kommer til svingen.

Klarer du ikkje å spare nok pengar på å la sjåførane jobbe lenge, med ruter det er umogleg å halde, så får du spare på materiellet. Pengar i kassa blir det av begge delar.

Det er mange lærdomar av denne historia, men det som irriterer meg mest er at vi visste alt dette på førehand. Det var ikkje vanskeleg å spå at anbud på bussane fører til at selskapa vil spare på bussar og på folk. Dessverre høyrte ikkje fleirtalet på fylkestinget på oss. Fleirtalet besto av høgrepartia og Senterpartiet. Det er dei som har skulda for busskaoset i Tromsø. SV har konsekvent stemt mot å sette bussane ut på anbud. Det er desse partia som har sørga for den kvardagen vi har fått. Men vi veit jo at Høgre og Frp vil at dei som allereie har mest skal få mest. Det er ikkje overraskande.

Lat oss berre slå fast, det er kapitalismen og ikkje miljøkrava som gjer at vi har fått busskaos i Tromsø

Vi har no slept laus kapitalismen på nok eit område. Har vi ikkje snart lært.