Vatn i bassenga

Dette får ikkje lenger elevane i Kroken oppleve i skoletida. Foto: Patrick/adwriter

Det nyttar ikkje at det er vatn i bassenga dersom skolane ikkje har råd til å bruke bassenga. iTromsø  og Nordlys kan i dag melde om at rektoren på Kroken skole har avslutta svømmeundervisninga fordi skolen ikkje lenger har råd til busstransport til svømmehallen på Stakkevollan.

Konsekvensane av det borgarlege byrådet sin politikk og prioriteringar blir tydelegare og tydelegare. Først vart det avgjort at elevane i Tromsø ikkje skulle få leirskole, så stengte skolane tilgang til skolebygningane på kveldstid fordi det vart for dyrt, så blir det no slutt på svømmeundervisninga. Byrådet frå Høgre har heldigvis snudd på dei to første områda. La oss håpe dei snur på det siste og.

Det borgarlege fleirtalet i kommunestyret kutta 16 millionar frå skolane då dei vedtok budsjettet i haust. Det mangla heller ikkje på advarslar og alternative forslag den gongen. 16 millionar er ganske likt den summen det kostar at Høgre saman med Ap og Frp innførte parlamentarisk styresett. Eg skreiv om det her “Feitare politikarar og slankare elevar”.

Kvart år døyr mange menneske i Noreg i drukningsulukker. Nokre av desse kunen vore redde om svømmeopplæringa hadde vore betre. Eg trur vi kan vere ganske sikre på at å kutte svømmeopplæringa ikkje vil vere ein fordel.

Ansvaret har Høgre, Frp og Venstre i kommunestyret i Tromsø.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.