Håkon, vi blir aldri sjølvforsynte (om vi ikkje skal spise fisk til alle måltid). I dag ligg vi på ca 50%. I takt med at folketalet aukar i Noreg må og produksjonen opp om vi skal ligge på omtrent same nivå. 

Det betyr at vi og i framtida må og skal importere både franske ostar og botswansk kjøtt.

Men like viktig som eigenproduksjonen er det at vi bør ha strategiske matvarelager i Noreg. Det har vi ikkje per i dag. Det er fult muleg å sjå for seg ein situasjon der tilførselen frå utlandet blri forstyrra. Det bør vi vere budde på.

Landbrukssubsidiane er ikkje berre subsidiar av landbruket, det er og ein måte å halde oppe busetnaden og bygdene i heile landet. Når vi ser utfordringane i byane våre med omsyn til infrastruktur meiner eg det er verd å betale for.