Trur ikkje vi er så valdsamt usamde om fakta her. Kuttet til barnehagane som eg tenkte på kom i det ordinære budsjettet i desember. Du kjem heller ikkje unna at det er kutta i driftsramma til skolane. 

Det er og rett at byrådet har moderert seg i skjenkepolitikken etter at forslaget gjekk på høyring. Det skal dokker ha honør for. Grunnhaldninga kom likevel klårt fram i planen som vart sendt på høyring.

Eg syklar mest, men synst det er meir enn nok reklame i det offentlege rommet. Så vidt eg minnest stemte SV mot (er kan det vere eg huskar feil) dei reklamefinasierte busskura den gong dei kom. Fleire treng vi i alle fall ikkje.

Det er ingen tvil om at innfartsvegen blir forseinka, kraftig av den nye omdreininga i saka. Så har du nok eit poeng i at saka kunne vore køyrt med kraftigare trykk frå det forrige regimet, men no låg saka klart til start.

I SV har vi sjølvsagt diskutert parlamentarismen grundig, mellom anna basert på erfaringane frå fylket. Konklusjonen var det ikkje tvil om. Dette blir for dyrt for oss, og eg har enno til gode å sjå eller bli overtydd om at det ligg ein styringsgevinst i systemet.

Eg legg merke til at du skriv at det er korleis ting skal konkurranseutrsettast, ikkje om dei skal konkurranseutsettast som er drøftingsgrunnlaget.

Forøvrig, fin snert og retorikk i siste setninga di. Ikkje sant dog.