Kantarell!

Det blir sagt at molta er viddas gull. Men på vidda finst då ekte gull, og molta er då for det meste stein. Det er likevel ingen tvil om at kantarellen er skogens gull.

I dag såg eg dei plutseleg. Eg hadde vore ute å sprunge litt i dei flotte Vibram five fingers skoa mine. Ja, sprunge er kanskje å ta vel hardt i. Leggane tåler ikkje meir enn ti minutt enno, så rusla er nok meir rett. Så, der gjekk eg ein tur på stien og høyrde skogens ro, og midt på stien sto desse små som eit varsel på det som skal komme.

Små er dei, men i panna skal dei. Saman med smør, litt salt og peppar, og kanskje ein dæsj fløyte. Fordi kona fortener det.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version