Categories
Økonomi

Aker må miste kvota

Det er denne karen striden står om. Torsken er verdfull for trålar og industri. Men kven skal ha retten til han? Foto Norsk Havbrukssenter – Flickr

Det er ikkje overraskande at Aker Seafoods driv butikken sin slik at dei tener mest mogleg pengar. Det er derimot ganske overraskande at styresmaktane lar dei ture fram i strid med regelverket. NRK Nordnytt har i løpet av det siste året hatt fleire reprotasjar som tydeleg viser at Aker Seafoods bryt med leveringsplikta.

NRK skriv:

I forrige uke ble det klart at tråleren «Skaidi» ikke har vært i Mehamn og levert fisk, til tross for at den er forpliktet til det. Aker Seafoods hevdet da at fisken i stedet ble fraktet med bil til Mehamn. Nå viser det seg at anlegget var stengt da fisken, i følge Aker, ble levert.

Det er ille at Aker Seafoods på denne måten så tydeleg innrømmer at dei bryt safunnskontrakten dei har inngått. Det er verre at styresmaktene er ute av stand til å gjere noko med dette. Då vi bygde opp trålarflåten i Noreg skjedde det fordi kystflåten ikkje var i stand til å levere fisk heile året. For at vi då skulle kunne trygge heilårsarbeidsplassar på land bygde vi opp havgåande trålarar som fekk rett til å fiske av vår fellesressurs mot at dei sørga for at landanlegga hadde tilgang til råstoff.

Begge sider av denne kontrakten er no broten. Kystflåten er blitt i stand til å lever fisk heile året og trålarflåten leverer ikkje lenger til landanlegga slik dei er forplikta til.

Det er ikkje nokon tvil om at delar av fiskeindustrien i periodar slit med å tene pengar, i alle fall slit dei med å tene mykje pengar. Situasjonen blir ikkje enklare for bedrifter som ikkje får tilgang til det råstoffet som dei har krav på. I ein rapport frå Landsdelsutvalet, står det (INNSTILLING FRA LU-FISK UTVALGET- Fiskeri- og havbrukspolitikk)

Filetindustrien har store utfordringer med å sikre seg tilstrekkelig egnet råstoff til produksjon av ferske filetprodukter gjennom året. Industrien har i de siste årene måttet omstille produksjonen fra frosset filet til økt produksjon av fersk filet for å kunne bedre lønnsomheten. Det er stor konkurranse mellom fiskeribedriftene om tilgang på råstoff. Filetindustrien sliter med å konkurrere om samme råstoff med produsenter av saltfisk, klippfisk og ferskpakking, der betalingsmuligheten på råstoff tidvis er betydelig høyere enn i filetproduksjonen.

Eg meiner at om Aker Seafoods ikkje overheld sin del av samfunnskontrakten og leverer fisken der dei har plikt til å levere han, kan dette berre ha ein konsekvens. Dei må miste retten til å fiske. Retten til å hauste av vår felles ressurs er knytt til pliktar, når dei ikkje oppfyller pliktene må og retten falle bort. Den kvota som Aker Seafoods eller andre trålrederi eventuelt mistar må overførast til kommunane der trålarane har leveringsplikt. Den kvota kan då kommunen nytte for eksempel til å rekruttere nye fiskarar, eller til å gje den flåten som høyrer heime i kommune litt større grunnlag.

Utan plikt, ingen rett. For framleis er det vel i alle fall delvis slik Petter Dass sa det:

Du Torsk maae vel kaldes vor Næring og Brug,
Du skaffer fra Bergen saa mangen Tønd» Rug,
Den stakkels Nordfarer til Føde.
Barmhiertige Fader oplade din Hand,
Velsigne os fattige Folk her i Land
Med dine Velsignelser søde!
Skuld» Torsken os feyle, hvad havde vi da,
Hvad skulle vi føre til Bergen herfra?
Da seyled» vist Jægterne tomme. 

                                                                           Nordlands Trompet av Petter Dass

Categories
Fylkesting

Kommunesamanslåing

I det siste har vi sett tilløp til ein debatt om kommunesamanslåing. Partikameraten min frå Oslo, Ingvild Reymert tar til motmæle mot tvangssamanslåing, slik Civita og Hadia Tajik foreslår.

Eg meiner både dei som er for og dei som er mot kommunesamanslåing grip denne debatten frå feil ende. Eg skal kome tilbake til det, men lat oss først ta ein titt på argumenta.

Dei viktigaste argumenta for samanslåing har jamt over vore:

  • Dei små kommunane er dyre å drive, samanslåing vil spare pengar som vi kan bruke på betre tenester eller skattelette
  • Det er vanskeleg for mange småkommunar å rekruttere fagfolk
  • Fagmiljøa er små og sårbare i dei små kommunane
  • Samarbeidet mellom kommunane fører til underskott på demokrati

Dei viktigaste argumenta mot samanslåing er:

  • Små kommunar leverer jamt over gode tenester til folk
  • Kommunar handlar og om identitet til tilhøyrigheit
  • Små kommunar er demokratiske og gjev folk innverknad på politikken
  • Samanslåing vil føre til sentralisering og utarming av distrikta

Eg skal ikkje gå inn på gyldigheita av dei ulike argumenta. Eg meiner at mange av argumenta både for og mot er gode og gyldige. Spørsmålet blir då, kan vi få til noko av det dei som er for samanslåing vil, utan at vi taper viktige verdiar på det?

La meg då foreslå at vi grip denne debatten frå motsett ende. Vi har i dag 19 fylke i landet. Dei fleste av desse fylka er for små til å overta tunge statlege oppgåver, men for store til å løyse mange av dei problema dei små kommunane har.

Kan vi då tenkje oss å dele opp fylka. Slik at vi fekk mellom 50 og 100 fylke i landet. Desse nye fylka, la oss kalle dei syssel for å skilje dei frå dagens fylke, kunne løyst ein god del av dei problema vi har med småkommunar, utan at vi dermed taper dei verdiane småkommunane gjev oss.

Det kan gå an å tenkje seg at sysla overtar oppgåver frå kommunane, som barnevern, kommunehelseteneste og renovasjon. Område der det er samarbeid i dag og der det kan vere vanskeleg å rekruttere folk. Kommunane vil då bestå som politiske aktørar og framleis med viktige oppgåver. Det vil nok og bli naudsynt å føre tilbake til staten ansvaret for riksvegane og nokre av fylkesvegane. Nokre kommunar vil bli samanfallande med dei nye sysla og dermed få fleire og større oppgåver enn i dag.

Eg trur (men er langt frå sikker) på at dette er meir interessant å diskutere enn ein evig debatt om kommunesamanslåing. Oppgåvefordelinga mellom kommunane og sysla vil vi måtte diskutere mykje, og kanskje kan dette føre til eit meir desentralisert Noreg?

Kva trur du?

[poll id=»18″]

Categories
Skole Troms og Tromsø Vidaregåande

Privatskolekjede posisjonerer seg

Akademiet, den største drivaren av private vidaregåande skolar i Noreg, har søkt om å få starte ein privat vidaregåande skole i Tromsø. Skolen skal ha 390 elevplassar. Tromsø er ein av sju byar Akademiet har søkt om å få starte i.

Det er to store problem med dette. Det aller viktigaste er at montesorripedagogikken som skal brukast ikkje er utvikla for den vidaregåande skolen. Leiaren for montesorriforbundet i Noreg advarer mot vidaregåande skolar basert på denne pedagogikken skreiv Nordlys i går. (Tatt frå minnet, har ikkje avisa der eg er no) Dette er med andre ord eit pedagogisk eksperiment. Den andre utfordringa er at det blir mykje vanskelegare og dyrare for den offentlege vidaregåande skolen å tilpasse tilbodet sitt. Skal ein redusere tilbodet, og dermed kanskje og fjerne små tilbod i Tromsø, eller skal ein konkurrere og køyre med overkapasitet? Vil den nye skolen trekke elevar frå distrikta slik at offentlege tilbod der kjem i faresona for å bli lagt ned?

Det kan hende at eg er kynisk og har for lite tru på det gode i menneska, men eg trur Akademiet her utnyttar unntaket i loven for skolar basert på alternativ pedagogikk for å posisjonere seg før eit frislepp dersom dei borgarlege vinn valet i 2013. Då blir det lov å tene pengar på skoledrift.

Dette er tre gode grunnar til at Tromsø kommune og Troms fylkeskommune burde protestere beinhardt på opprettinga av denne skolen i Tromsø. Det skjer dessverre ikkje. Byrådet i Tromsø elskar alt som smakar av privatisering. Så kunne vi kanskje forvente litt meir av Arbeidarpartiet som leiar fylkesrådet i Troms. Dessverre. Fylkesråd for utdanning, Kent Gudmundsen (H) seier at fylket ikkje vil protestere på etableringa. Det kan han ikkje seie utan å ha fått lov av leiaren for fylkesrådet. Ho heiter Pia Svendsgård og er frå Ap.

Ap i Troms synst med andre ord private vidaregåande skolar er greitt. Det er jo greitt å vite.