Kommunesamanslåing

I det siste har vi sett tilløp til ein debatt om kommunesamanslåing. Partikameraten min frå Oslo, Ingvild Reymert tar til motmæle mot tvangssamanslåing, slik Civita og Hadia Tajik foreslår.

Eg meiner både dei som er for og dei som er mot kommunesamanslåing grip denne debatten frå feil ende. Eg skal kome tilbake til det, men lat oss først ta ein titt på argumenta.

Dei viktigaste argumenta for samanslåing har jamt over vore:

  • Dei små kommunane er dyre å drive, samanslåing vil spare pengar som vi kan bruke på betre tenester eller skattelette
  • Det er vanskeleg for mange småkommunar å rekruttere fagfolk
  • Fagmiljøa er små og sårbare i dei små kommunane
  • Samarbeidet mellom kommunane fører til underskott på demokrati

Dei viktigaste argumenta mot samanslåing er:

  • Små kommunar leverer jamt over gode tenester til folk
  • Kommunar handlar og om identitet til tilhøyrigheit
  • Små kommunar er demokratiske og gjev folk innverknad på politikken
  • Samanslåing vil føre til sentralisering og utarming av distrikta

Eg skal ikkje gå inn på gyldigheita av dei ulike argumenta. Eg meiner at mange av argumenta både for og mot er gode og gyldige. Spørsmålet blir då, kan vi få til noko av det dei som er for samanslåing vil, utan at vi taper viktige verdiar på det?

La meg då foreslå at vi grip denne debatten frå motsett ende. Vi har i dag 19 fylke i landet. Dei fleste av desse fylka er for små til å overta tunge statlege oppgåver, men for store til å løyse mange av dei problema dei små kommunane har.

Kan vi då tenkje oss å dele opp fylka. Slik at vi fekk mellom 50 og 100 fylke i landet. Desse nye fylka, la oss kalle dei syssel for å skilje dei frå dagens fylke, kunne løyst ein god del av dei problema vi har med småkommunar, utan at vi dermed taper dei verdiane småkommunane gjev oss.

Det kan gå an å tenkje seg at sysla overtar oppgåver frå kommunane, som barnevern, kommunehelseteneste og renovasjon. Område der det er samarbeid i dag og der det kan vere vanskeleg å rekruttere folk. Kommunane vil då bestå som politiske aktørar og framleis med viktige oppgåver. Det vil nok og bli naudsynt å føre tilbake til staten ansvaret for riksvegane og nokre av fylkesvegane. Nokre kommunar vil bli samanfallande med dei nye sysla og dermed få fleire og større oppgåver enn i dag.

Eg trur (men er langt frå sikker) på at dette er meir interessant å diskutere enn ein evig debatt om kommunesamanslåing. Oppgåvefordelinga mellom kommunane og sysla vil vi måtte diskutere mykje, og kanskje kan dette føre til eit meir desentralisert Noreg?

Kva trur du?

[poll id=»18″]

Privatskolekjede posisjonerer seg

Akademiet, den største drivaren av private vidaregåande skolar i Noreg, har søkt om å få starte ein privat vidaregåande skole i Tromsø. Skolen skal ha 390 elevplassar. Tromsø er ein av sju byar Akademiet har søkt om å få starte i.

Det er to store problem med dette. Det aller viktigaste er at montesorripedagogikken som skal brukast ikkje er utvikla for den vidaregåande skolen. Leiaren for montesorriforbundet i Noreg advarer mot vidaregåande skolar basert på denne pedagogikken skreiv Nordlys i går. (Tatt frå minnet, har ikkje avisa der eg er no) Dette er med andre ord eit pedagogisk eksperiment. Den andre utfordringa er at det blir mykje vanskelegare og dyrare for den offentlege vidaregåande skolen å tilpasse tilbodet sitt. Skal ein redusere tilbodet, og dermed kanskje og fjerne små tilbod i Tromsø, eller skal ein konkurrere og køyre med overkapasitet? Vil den nye skolen trekke elevar frå distrikta slik at offentlege tilbod der kjem i faresona for å bli lagt ned?

Det kan hende at eg er kynisk og har for lite tru på det gode i menneska, men eg trur Akademiet her utnyttar unntaket i loven for skolar basert på alternativ pedagogikk for å posisjonere seg før eit frislepp dersom dei borgarlege vinn valet i 2013. Då blir det lov å tene pengar på skoledrift.

Dette er tre gode grunnar til at Tromsø kommune og Troms fylkeskommune burde protestere beinhardt på opprettinga av denne skolen i Tromsø. Det skjer dessverre ikkje. Byrådet i Tromsø elskar alt som smakar av privatisering. Så kunne vi kanskje forvente litt meir av Arbeidarpartiet som leiar fylkesrådet i Troms. Dessverre. Fylkesråd for utdanning, Kent Gudmundsen (H) seier at fylket ikkje vil protestere på etableringa. Det kan han ikkje seie utan å ha fått lov av leiaren for fylkesrådet. Ho heiter Pia Svendsgård og er frå Ap.

Ap i Troms synst med andre ord private vidaregåande skolar er greitt. Det er jo greitt å vite.

Exit mobile version