Skummel forskjellbehandling?

Den spanske trålaren Arosa Quince vart raskt oppbrakt av norsk kystvakt. Skjer det same med norske trålarar?

Den 26. juli meldte NRK at den russiske trålaren «Melkekart II» får ei bot på 450 000 kroner for å ulovleg ha dumpa fisk i Barentshavet. Det ser ut som om det tok ein dag å etterforske saka og gje reiarlaget og skipperen bot.

I mai 2011 filma fiskeridirektoratet at ein norsk trålar dumpa fem tonn torsk på havet. No, eitt år og tre månader seinare er det enno ikkje gjeve bot eller tatt ut tiltale. (NRK si sak her)

Det kan godt tenkast at der er gode grunnar til at det er blitt slik, men dei gode grunnane er ikkje komen fram enno. Den einaste grunne som direktøren i fiskeridirektoratet gjev er at «Vi har tradisjon for å gå ganske nøye inn i desse sakene». Det kan då vere verd å spørje korfor ein går så mykje nøyare inn i den eine saka enn i den andre?

Eg er i alle fall heilt sikker på ein ting, om ikkje russiske fiskarar og russiske styresmakter trur at vi i Noreg er i stand til å handheve reglane likt overfor norske og utanlandske farty vil vi snart få store problem med forvaltninga i Barentshavet. Kor lenge vil russiske farty akseptere norske reglar om det blir skapt ei oppfatning av at reglane er strengare for russarane enn for nordmenn. Ikkje lenge vil eg tru.

Det går godt an å spekulere i korfor det er blitt slik. Eg ser for meg to grunnar. Anten arbeider direktoratet for tregt, eventuelt manglar kompetanse, eller så er samrøret mellom pengeinteressane og offentlege styresmakter slik at ein kvier seg for å reagere. Eg skal ikkje seie noko om kva som er realiteten. Men begge delar bør føre til ei opprydding i direktoratet og departementet.

Miljøkriminalitet må stoppast raskt og kontant.

Så kan ein jo og spørre om korfor departement ikkje har klart å sette i verk stortingsvedtaket om forbud mot fiske for båtar større enn 15 meter på fjordane. Kan det vere same grunnen?

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.