Til langkostens pris

Downtown Abbey surrar i bakgrunnen. Og kanskje er mangelen på lakeiar, hovmeister og kjøkkenassistentar grunnen til at eg er glad i alt som gjer reingjering og koking enklare og mindre tidkrevjande.

Eg likar dingsar, ein av dei dingsane eg liker aller best er robotstøvsugaren min. Den surrar rundt på golvet og gjer det ganske reint.

Men av og til er det ikkje nok. Nokre hjørne blir ikkje riktig bra nok, og av og til surrar roboten rundt som om han har vore innom vinskapet før jobben starta. Det er heller ikkje alltid eg orkar å fjerne alle hindringar på golvet for å gje roboten fritt leide.

Det er då det er greiast å finne fram kosten, for å løyse det små utfordringane. Og, smått er ordet. Der må ein stå nesten krumbøygd å prøve å få støv, glasskår eller andre uhumskheiter opp frå golvet.


Det er derfor at ein av dei dingsane eg er blitt mest glad i av alle, kanskje til og med meir enn roboten er noko så enkelt som langkosten. Ho bestemor hadde ein av desse, men på mange år har eg ikkje sett ein. Kanskje haer eg ikkje sett etter ein? Men, for ei stund sida fann eg ein. Og skilnaden er slåande. Eg kan stå oppreist, eg dekker eit større område. Det gjer ganske enkelt livet lettare.

 

Hurra for Handel og Kontor, buuu for EØS

EØS-avtale bind Noreg til eit system der marknadsfridomane er dei viktigaste fridomane. Der desse er viktigare enn faglege rettar, distriktspolitikk og miljø. Den debatten som no foregår i fagrørsla om EØS er derfor svært positiv.

I denne omgangen sa landsmøtet i Handel og Kontor neit til å kreve oppseiings av EØS-avtalen med 126 mot 120 stemmer. Det er fantastisk gode tal for Nei-sida, spesielt med tanke på kva landsmøtet faktisk vedtok. Eg synst det er verd å sitere:

Utvid handlingsrommet i EØS-avtalen

Handel og Kontor konstaterer at EØS-avtalen på arbeidsmarkedsområdet har gitt større konsekvenser enn noen hadde forutsett og skapt begrensinger for nasjonal styring. EØS-avtalen har siden den ble inngått i 1992 blitt stadig mer omfattende og griper i dag inn på områder som stortingsflertallet forutsatte at den ikke skulle berøre. Sentrale elementer innen norsk distriktspolitikk, petroleumspolitikk, forvaltning av naturressurser, alkoholpolitikk, og i de senere år faglige rettigheter og tiltak for å hindre sosial dumping, har i tur og orden blitt utfordret av ESA og EFTA-domstolen. Det er uakseptabelt at arbeidslivspolitikken i stadig økende grad overføres til besluttende organer uten for Norge. HK ønsker at handlingsrommet innenfor EØS-avtalen skal utvides. Og vil legge særlig vekt på:

  • Mer bruk av reservasjonsretten
  • Reforhandling av enkeltpunkter
  • Andre alternativer til dagens avtale

 Dette må inngå i forbundets arbeid frem til LO-kongressen i 2013.

Eg håper at LO-kongressen vil legge seg på same linja. Det er vel for mykje å håpe på at kongressen ber om at avtalen skal seiast opp.

Vikarbyrådirektivet er berre eit av mange direktiv som legg til rette for lønsdumping, som vi mellom anna har sett i fiskeindustrien. Slike tilstandar vil vi ikkje ha i Noreg. Då må vi følgje opp krava frå Handel og Kontor.

Lovlydig næringsliv har alt å tene på at Tromsø blir skatteparadisfri

Eg vart forundra over korleis næringsbyråden i Tromsø, Jonas Stein Eilertsen frå Venstre, reagerte på SV sitt forslag om at Tromsø skulle bli skatteparadisfri sone. Næringsbyråden frå Venstre presterer å seie til iTromsø at forslaget er «en del av SVs mistro mot det private næringslivet». 

Faktum er motsatt. Eg har stor tru på at næringslivet i Tromsø vil kunne vinne gode kontraktar i ein rettferdig konkurranse. Men, dersom konkurransen ikkje er rettferdig, dersom nokre av deltakarane har tatt doping i form av å plassere pengar i skatteparadis eller på anna måte unndra skatt, då blir det vanskeleg å vinne konkurransen.

Det er ikkje til å kome vekke frå at mange internasjonale selskap lar vere å betale skatt gjennom ulike transaksjonar som flyttar pengar internt i konsern til den staden skattetrykket er lågast. Derfor vil SV at Tromsø skal krevje at selskap skal gjere greie for kvar dei betaler i skatt og kor dei betaler det. Såkalla land-for-land rapportering.

Gjennom å kreve gjennomsiktigheit gjev vi dei bedriftene som følgjer reglene, som betaler skatt, som har skikkelege arbeidsvilkår ei god sjanse til å vinne kontraktane. Det, Jonas Stein Eilertsen er å vise tillit til at næringslivet gjer ting på rett måte. Eller trur næringsbyråden at det er vanleg at selskap som gjer forretning med Tromsø kommune unndrar pengar frå beskatning?

Her er forslaget SV legg fram i kommunestyret:

  1. Tromsø kommune erklærer seg som skatteparadisfri sone.
  2. Tromsø kommune tar avstand fra selskap som unndrar seg skatt gjennom å være basert i skatteparadis.
  3. Verken kommunen eller kommunens innbyggere skal ha noen forbindelser med skatteparadis.
  4. Kommunen vil stille krav om informasjonsplikt fra selskap man inngår kontrakt med, og kontraktsfeste at manglende informasjon regnes som kontraktsbrudd.
  5. Tromsø kommune skal bruke land-for-land-rapportering der leverandørene må vise at de betaler skatt i alle land de opererer i.
  6. Gjennomsiktighet og lik konkurranse må inn i anbud og kontrakter.

Hjelp, nokon skaper verdiar!

Kristin Skogen Lund
Kristin Skogen Lund
Kristin Skogen Lund er blitt ny sjef i NHO og vil ha fleire rike som skal sleppe å betale skatt. Foto: Peer Dahl/Wikimedia

Eg er sjølvsagt ein håplaust naiv og idealistisk sosialist som ikkje skjønner korleis samfunnet heng saman. Det får så vere. Eg blir opprørt når Norsk Wavin legg ned fabrikken sin i Alta, og 20 menneske mistar jobben sin, sjølv om dei produserer eit overskott på ein halv million per tilsett.

Men eg reknar med at det ikkje gjer noko, når dei tilsette får tilbod om å flytte frå Alta til Høland i Akershus. Høland er sikkert ein fin plass, men det er noko med måten folk blir invitert til å flytte dit.

Midt oppe i denne debatten har vi fått ein ny sjef i NHO. Kristin Skogen Lund verkar som ei drivande dyktig dame, men frå første stund er det tydeleg kven ho representerer.

Ho seier til Aftenposten:

-  Jeg mener det er ganske jevn fordeling i Norge i forhold til de aller fleste andre samfunn vi kan sammenligne oss med. Jeg tror ikke vi skal være så veldig redde for å la noen bli rike heller. Det er jo et resultat av at man har skapt verdier. Det er slik man blir rik, med mindre man vinner i Lotto, sier hun.

Openbart synst ikkje eigarane av Norsk Wavin at å tene ein halv million per tilsett var nok. Ein kan og spørre; er det eigarane eller dei som jobbar på Norsk Wavin som har skapt desse millionane.

Eg er ikkje redde for at nokon skal bli rike, men eg er bekymra når den nye NHO-sjefen i same intervjuet tar til orde for at dei som får inntektane frå arbeidet som skjer på Norsk Wavin i Alta ikkje skal måtte betale skatt av pengane. Det blir realiteten for mange «rike» om formuesskatten forsvinn.

Så lever eg godt med at Torbjørn Røe Isaksen sleng nokre sleivspark på bloggen sin, og mellom anna påstår at:

SV er alltid irritert på enhver NHO-sjef, og folk i næringslivet, de med litt høy lønn, de som er for flinke på skolen eller småblå sosialdemokrater.

Både han og dei fleste andre veit at berre det framfor først komma i den setninga er sant (og kanskje det etter «eller»).

Har Senterpartiet gått av hengslene?

Irene Lange Nordahl
Irene Lange Nordahl
Irene Lange Nordahl meiner at meir av fiskeressursane skal privatiserast. Foto: Senterpartiet/Flickr

Ja, eg tenkjer sjølvsagt på Ola “drill, baby, drill” Borten Moe, men eg tenkjer ikkje berre på oljefanatismen som ser ut til å ha smitta det partiet. Det som verkeleg har forundra og irritert meg den siste veka er at arbeidsprogramkomiteen i Senterpartiet har gått inn for å privatisere omtrent siste rest av fiskeressursane våre.

Irene Lange Norddahl lanserte dette framlegget i Nordlys den sjette september. Framlegget går ut på at også den minste flåten (under 11 meter) skal få kjøpe og selje retten til å fiske og slå saman fleire kvoter.

Det dette betyr er to ting. Det første og kanskje viktigaste er at fiskarane vil ta opp nye lån for å skaffe seg fiskerettar. Det igjen betyr at meir av fiskaren sin arbeidsinnsats vil gå til å bygge bankpalass i Oslo, og mindre vil gå til å bygge lokalsamfunna langs kysten.

Det andre er at det er med på å sementere at retten til å fiske er ein privateigd rett, og ikkje ein samfunnsressurs som vi alle har i lag. I det lange løp vil dette føre til at kvotene blir samla på færre og færre hender, på større og større einingar, medan profitten går til folk som Røkke og ikkje til kystsamfunna.

Men, kanskje er det ein samanheng her mellom fiskeriframlegget og oljepolitikken til Sp. Når dei utarmar distrikta sine tradisjonelle inntekter, så må dei jo skape eit alternativ. Alternativet ser ut til å vere ei næring som har potensiale til å øydelegge miljøet vårt.

Vel, vel, kvart sitt val.