Har Senterpartiet gått av hengslene?

Irene Lange Nordahl meiner at meir av fiskeressursane skal privatiserast. Foto: Senterpartiet/Flickr

Ja, eg tenkjer sjølvsagt på Ola “drill, baby, drill” Borten Moe, men eg tenkjer ikkje berre på oljefanatismen som ser ut til å ha smitta det partiet. Det som verkeleg har forundra og irritert meg den siste veka er at arbeidsprogramkomiteen i Senterpartiet har gått inn for å privatisere omtrent siste rest av fiskeressursane våre.

Irene Lange Norddahl lanserte dette framlegget i Nordlys den sjette september. Framlegget går ut på at også den minste flåten (under 11 meter) skal få kjøpe og selje retten til å fiske og slå saman fleire kvoter.

Det dette betyr er to ting. Det første og kanskje viktigaste er at fiskarane vil ta opp nye lån for å skaffe seg fiskerettar. Det igjen betyr at meir av fiskaren sin arbeidsinnsats vil gå til å bygge bankpalass i Oslo, og mindre vil gå til å bygge lokalsamfunna langs kysten.

Det andre er at det er med på å sementere at retten til å fiske er ein privateigd rett, og ikkje ein samfunnsressurs som vi alle har i lag. I det lange løp vil dette føre til at kvotene blir samla på færre og færre hender, på større og større einingar, medan profitten går til folk som Røkke og ikkje til kystsamfunna.

Men, kanskje er det ein samanheng her mellom fiskeriframlegget og oljepolitikken til Sp. Når dei utarmar distrikta sine tradisjonelle inntekter, så må dei jo skape eit alternativ. Alternativet ser ut til å vere ei næring som har potensiale til å øydelegge miljøet vårt.

Vel, vel, kvart sitt val.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version