Skal vi stole på kvarandre

Ein sein søndagskveld medan tankane flyt, ofte i uventa retningar kan det tenkjast at ein får gode idear, blanda med alle dei dårlege. Ofte fører det til at du set saman tankar på nye måtar.

Eg snakka for ikkje så lenge med ei som jobbar i den barnehagen der den yngste ungen min går. Det er ein barnehage eg er godt nøgd med, ein barnehage som har gjeve mine ungar ein god start på livet og som til tider har reparert nokre av dei feila eg har gjort som far.

Uansett, ho fortalde at no får førskolelærarane større plikt til å vere i barnehage. Førskolelærarane har, som alle andre lærarar det som heiter leseplikt. Dette er tid dei skal bruke på å bu seg på det arbeidet dei skal gjere med ungane våre. Tradisjonelt har lærarane kunne avgjort sjølv kvar dei skulle gjere dette arbeidet. Du kunne rette stilbunken heime eller på skolen, så lenge stilbunken vart retta. No blir det i større og større grad stilt krav til at arbeidet skal gjerast på skolen eller i barnehagen. Det er noble grunnar til dette. Dersom alle er på skolen (eller i barnehagen) samstundes kan lærarane samarbeide betre, dei kan møtes og dei kan prate saman. Det må vi vel alle vere samde om fører til ein betre skole eller barnehage?

Det er fleire problem med dette. Der vi før har outsourcea ansvaret for å halde arbeidsplassar til den einskilde læraren, som har jobba ved spisebordet eller skrivebordet heime, må no vi skattebetalarar betale for gode arbeidsplassar på skolane og i barnehagane. Større administrative areal med andre ord. Det er kanskje greitt, men dyrt. Spesielt før vi har fått bygd ut og renovert på ein måte som gjer at alle har effektive arbeidsplassar. Eg var sjølv ein pådrivar for dette i den tida eg var fylkesråd for utdanning i Troms. Eg trur kanskje det var ein tabbe.

Dersom du har 18 minutte vil eg sterkt tilrå denne videoen av Daniel Pink som held ein TEDtalk om «The surprising science of motivation»

Her tar han opp fleire viktige ting. Det eine er at vi er nøyd til å ta eit oppgjer med dei gamaldagse måtane vi fastset leiarløninger. Pengar gjev ikkje motivasjon til å gjere godt arbeid. Men, pengar som motivasjon er berre eine sida av mynten. Det motsette av gulrota er pisken. Det å kombinere gulrot (pengar) med pisk (målstyring) demotiverer folk og gjev dårlegare resultat.

Det er då eg tenkjer, ikkje berre på at vi tvingar lærarane inn i eit regime der dei må vere tilstades heile tida, stikk i strid med det vi eller ser i kunnskapsorganisasjonar, så går vi bort frå den frie, sterke og kreative læraren.

Det slår meg og i diskusjonen om politiet etter 22. julikommisjonen, diskusjonen vi har hatt om styringa av UNN i Tromsø. Sterkare målstyring gjev dårlegare resultat. Målstyring fører nok til gode leveransar frå dei tilsette på det som kan målast. Det som kan målast er ofte den typen ting som faktisk er lette å gjere, reint mekaniske ting. Skal vi då tru Pink i videoen over kan vi få gode resultat. Gode resultat på det som kan målast og teljast. Spørsmålet blir då på alt som vi ikkje kan måle og telje. Det som kanskje er skilnaden på ein god og ein dårleg skole, på eit politi som kan handtere 22. juli og eit politi som ikkje kan handtere 22. juli.

Eg trur ein av grunnane til at vi har fått denne sterke målstyringa i offentleg sektor er politisk forfengelegheit. Då tenkjer eg på forfengelegheit på den måten at ein politikarar står under stort press for å levere resultat. Leverte resultat gjev positiv presseomtale og aukar sjansen for gjenval og ikkje minst aukar det statusen din andsynes andre politikarar. Samstundes gjev det å sette mål, det å telje, inntrykk av ein handlekraftig politikar eller leiar. Og, kven vil vel ikkje vere det?

Eg trur ei av dei største utfordringane til ein leiar, politisk eller på anna hald, er å vite at ofte er det rett å ikkje gjere noko. Ofte er det rett å legge reformen i skuffa og la dei tilsette gjere jobben dei eigentleg kan.

Det betyr ikkje at vi ikkje treng store reformar i samfunnet. Men legg vekta på store. Vi treng større bustadbygging, vi treng gratis eller billig tannhelse, vi trengte barnehageplass til alle barn.

Eg er ikkje så sikker på at vi treng eit mål på responstida i politiet. Men vi treng fagleg sterke politi, politi som tør, politi som stoler på eigne vurderingar, politi som er trent på å gjere rette vurderingar, og politi som har dei verktya dei treng for å gjere jobben sin.

Det trengst ei kulturendring i norsk offentleg sektor. Ei kulturendring som må starte på toppen, der vi vel å stole på kvarandre igjen frå topp til botn. Der det vi innvidde kallar New Public Management ikkje lenger dominerer tankemåten.

Kanskje skal vi stole på at stilbunken blir retta, sjølv om det ikkje skjer på skolen i arbeidstida, men ein torsdagskveld i godstolen med eit ørlite raudvinsglas til.

Så er spørsmålet, var dette ein av dei gode eller dårlege søndagskveldtankane?

4 Replies to “Skal vi stole på kvarandre”

  1. Du har gode poenger her, Pål Julius.

    Jeg tror likevel at kulturendringa ikke bare må komme fra toppen, men samtidig også på lavere nivå i offentlig sektor. Samtidig som øverste ledere på toppen må legge bort mer av målstyringa si, må mellomledere og avdelingsledere lytte mer til de ansatte og ta disse med på råd.
    For å si det med «fagforeningsspråk»: det er ikke (bare) for å ivareta drøftingsbestemmelsene i tariffavtalene man skal ta de ansatte med på råd, det er fordi arbeidstakerne i mange tilfeller har vel så gode forslag til hvordan ting kan løses som ledelsen (eller, gud forby, eksterne «konsulenter»). Dette gjør at også andre arbeidstakergrupper i offentlig sektor som ikke kan «ta med seg arbeidet hjem» likevel kan påvirke egen arbeidsdag i mye større grad enn i dag.

  2. L M Austrem sa:

    Dette synes eg var kloke søndagskveldtankar. Verkeleg viktige tankar å ha med seg.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.