No kjem den kalde fine tida

Snart legg snøen seg på marka, eller kanskje berrfrosten vil dominere utover seinhausten. Uansett er det snart klart for å legge om til piggdekk på sykkelen. 

Piggdekk
Piggdekk gjer det enkelt å sykle heile vinteren. Husk varme hanskar og ei god, men tynn lue som får plass under hjelmen.

Piggdekk til sykkelen er ei fantastisk oppfinning. Det gjer det moglege å sykle heile året. Det betyr at eg kanskje ikkje kjem til å legge på meg ein to tre kilo i løpet av vinteren. Men viktigast er at eg slepp å stå i bilkø.

Eg har hatt piggdekk vinterstid i mange år no. Eg vil verkeleg rå deg til å prøve. Dersom du skal kjøpe deg piggdekk er det minst to ting du må tenke på:

  1. Kor mange piggar skal du ha på dekket?
  2. Kva dekkdimensjon treng du?

Talet på piggar er ei avveging mellom feste og rullemotstand. Desto fleire piggar, desto betre feste. Men fleire piggar gjer og at sykkelen rullar saktare slik at det blir tyngre å sykle, spesielt på asfalt. På ein hybridsykkel kan du i hovudsak velge i spennet mellom 106 til 240 piggar. Dei siste åra har eg sykla med 106 piggar her i Tromsø. Mi oppleving er at 106 piggar er i minste laget her. Det kjem av at vi har kystklima med ein god del is og regn i løpet av året. Syklar du for det meste på tørr asfalt eller snø i løpet av vinteren er 106 piggar nok. I Tromsø vil nok eg rå til opp mot 240 eller kanskje 200 piggar. Det blir det i alle fall på mine neste dekk. Med litt erfaring frå Oslo vil eg rå til mange piggar der og, mengda salt gjer vegane svært glatte å sykle på vinterstid.

Det andre du må tenke på er kva dimmensjon sykkeldekk du treng. Dette er meir innvikla enn ein gjerne skulle tru.

På ein hybridsykkel er det vanlegvis 28 tommers dekk. 28 tommar er 711 millimeter. Medan dei dimmensjonane du ser på dekk og felgar er 622 eller 700. Korleis heng dette saman?

622 millimeter er storleiken på felgen på ein hybridsykkel. Min felg er 622x19c. 19 er breidda på felgen i millimeter o c-en tyder at eg kan ha ganske breie dekk på felgen. Dette betyr at eit 28 tommars dekk slettes ikkje alltid er 28 tommar. Det kjem an på det dekket som du set på felgen.

 

Kva dekkbreidde kan du ha på felgen(dimensjonar i mm)
Breidde på dekket
FelgbreiddeInnsida 18 20 23 25 28 32 35 37 40 44 47 50 54 57
13 X X X X
15 X X X X
17 X X X X X
19 X X X X X X
21 X X X X X X
23 X X X X
25 X X X X X

Denne tabellen er nok litt forsiktig. Ofte vil det gå bra med litt breiare dekk enn det som følgjer av tabellen. Dei fleste piggdekka eg har sett ligg mellom 35 og 40 mm og går derfor fint på dei aller fleste hybridsyklar. Tenkjer du å kjøpe på nett frå ein utanlandsk nettbutikk så ver obs på at det blir nytta mange ulike måtar å skrive dekk og felgdimensjonar på. Denne artikkelen av Sheldon Brown går gjennom det meste. Der har eg og henta tabellen frå.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.