Reelt sett kuttar byrådet (H, V og Frp) driftsbudsjettet til skolane i Tromsø med 6,2 millionar kroner i forslaget til budsjett for neste år. Det talet kjem du til om du trekk ut utgiftane til lønsvekst og pensjonskostnader. Det betyr at eit allereie trangt budsjett blir enno trangare.
Utdanningsforbundet har spurt sine tillitsvalde om korleis dei opplever situasjonen i tromsøskolen etter budsjettkutta i fjor. Dei fortel om større grupper, mindre tid til å følgje opp kvar elev. Det har spesielt gått ut over dei praktisk-estetiske faga. Tillitsvalde fortel om at dei må leite i søppelcontainarar for å finne materiale dei kan bruke.
I denne situasjonen meiner eg det blir feil å skulle satse stort på PCar til alle elevane i ungdomsskolen. PCar er ein god ide, men først må basis på plass. Vi må ha nok og dyktige nok lærarar, vi må ha undervisningsmateriell og det må vere rom for å bruke samfunnet rundt skolen i undervisninga.
Eg har vore i kontakt med forskarar inanfor skole, og dei fortel at det ikkje finst dokumentasjon på at PCar til alle elevane i ungdomsskolen gjev høg læringseffekt. Det finst heller ikkje dokumentasjon på det motsette. Det finst imidlertid mykje anekdotisk bevis for at PCane kan bli eit uromoment i skolen spesielt om det ikkje blir følgt opp med nok lærarar, og nok lærarar som har lært å bruke PC i undervisninga. Dette skriv og Krumsvik et al om:
Som denne intervjupassasjen illustrerer tydar våre funn i studien på at ein del lærarar i utvalet vårt opplever at dei ikkje lenger er herre over kva for undervisingshandlingar som skal gå føre seg
Og
Elevar på VG1 rapporterte generelt meir eigen utanomfagleg bruk av PC samanlikna med elevar på VG3 (p<0.01). Elevar på lågare årssteg rapporterte også at dei i større grad blei forstyrra av eigen utanomfagleg bruk.
Det er då mogleg å tru at utfordringane med utanomfagleg bruk av PC kan bli enno større i ungdomsskolen. Så betyr ikkje dette at det er feil å satse på PCar. Men eg meiner det er viktigare å satse på læraren. Og, å bruke mykje pengar på PCar før læraren er oppøvd i korleis den endringa i undervisningssituasjonen skal handterast kan vere kontraproduktivt. Kanskje skulle vi prøvd dette i nokre få skolar og evaluert skikkeleg før vi rullar det ut til alle?
Eg har ikkje fått studert heile budsjettet i detalj, det kjem meir på denne bloggen etter kvart.
Utfordringen med PCer i videregående skole har jo sin bakgrunn i at man ikke hadde noen plan utover at «PC er viktig». Byrådet vil i løpet av første halvår legge frem en strategi for pedagogisk bruk av IKT i skolen. Det er jo ikke sånn at bare fordi at man har en PC at man må bruke den hele skoledagen. Maskinene skal brukes der de kan styrke læringseffekten, følgelig skal de også kunne ligge avslått når det ikke er behov for dem. Maskinene skal styrke læring, ikke begrense det.
Kunnskap hos lærerne satser byrådet også på, vi øker ressursene til EVU med 1,5 millioner kroner – ifjor brukte vi 1,9. Samlet sett bruker vi 3,4 millioner kroner i 2013 på kompetansehevingstiltak av lærere i Tromsøskolen. For få brukt pengene der de trengs mest har byrådet kartlagt kompetansen hos lærerne våre, slik at vi kan prioritere ressursene dit de trengs mest, fra år til år og således heve den samlede kompetansen blant lærerne våre.
Tidligere har skolene selv betalt for EVU og IKT over egne driftsbudsjetter, ved å sentralisere begge disse satsningene løfter byrådet kostnader ut av skolenes driftsbudsjetter, dette frigjør ressurser de kan bruke på andre ting. Samlet sett utgjør disse to satsnignene 13 200 000 kroner, eller 1580 kroner per elev som blir løftet ut av skolenes budsjetter.
I tillegg øker byrådet nå skolenes driftsbudsjetter med fire millioner kroner. Dette utgjør 480 kroner per elev. Samlet sett styrker byrådet i 2013 skolen med 2060 kroner per elev i 2013. Til sammenligning bruke man i 2011 og 2012 hhv. 3000 og 2000 kroner per elev. I 2013 skal vi bruke 4060 kroner per elev.
Det du skriver om lønnskostnader medfører ikke riktighet. Skolene har adskilte drifts- og lønnsbudsjetter, og byrådet har aldri redusert lønnsbudsjettene til skolene.
Skriv ikkje at dokker reduser lønskostnaden. Men om du trekk ut den delen av auken i driftsramma som er knytt til lønsoppgjeret og pensjon så er det ein nedgang på ramma