Med lov ikkje våpen skal landet byggast

image
Politiet i Storbritannia bruker ikkje alltid våpen, men ved behov. Foto: kenjonbro på flickr

Politiets fellesforbund har vedtatt at dei synst politiet skal kunne bære våpen heile tida. Eg er usamd i at dette er fornuftig.

Eg har stor forståing for politiet sine ønskar. Dei skal utføre tøffe oppdrag. Oppdrag som kan vere farlege og der våpen kan gjere oppdraget lettare og tryggare å gjennomføre for politiet.

Men, eg synst vi skal starte denne diskusjonen i den andre enden. Korfor har vi eit politi? Vi har politi for å skape tryggleik for folk flest. Vi skal ikkje gå rundt å vere redde for liv, helse eller eigedom. Politiet passar på, og om noko skulle skje så finn dei ut kven som har gjort noko galt og arresterer denne. Og nettopp tryggleik for allmennheita er det viktigast.

Eg må innrømme at mi subjektive oppfatting av kor trygg eg er vil bli redusert om politiet tar til å gå med våpen. Eg veit at når eg er i andre land der politiet bær våpen så gjev det meg ei sterk kjensle av utryggleik.

Eg blir redd.

Eg trur ikkje eg blir redd fordi våpnet er eit symbol på at eg er i eit utrygt land, eg blir redd fordi eg ikkje kjenner meg trygg på at våpnet blir brukt rett.

Eg tenkjer at våpnet kan bli mista eller stelt.

Eg tenkjer at politimannen kan gå amok.

Eg tenkjer at det kan vere for lett å ty til våpnet som svar i ein uoversiktleg situasjon.

Eg tenkjer at om politiet har våpen heile tida vil og forbrytarane skaffe seg våpen.

Nokre av desse tankane er sikkert utan bakgrunn i verkelegheita, men tankane er der uansett.

Eg meiner at politiet skal ha god tilgang til våpen. Eg meiner alle politibilar skal vere utstyrt med våpen. Eg meiner terskelen skal vere låg for bevæpning i spesielle situasjonar. Men, eg vil at det skal vere behov for å tenkje seg om før våpnet blir brukt. Eg meiner tankepausen bør vere lenger enn den tida det tar å trekke.

Eit våpen er eit verkty. Eg trur ein vel å bruke dei verktya som er lettast tilgjengelege. Eg trur ikkje våpen skal vere det verktyet det skal vere enklast å ty til.

Les også dette gode innlegget av professor ved Politihøyskolen, Johannes Knutsson

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.