Motsetnadsfylt

Jonas Stein Eilertsen meiner at Tromsø kommune ikkje kan uttrykke venskapleg sympati med Gaza fordi det ville vore utanrikspolitikk. Foto: Ole Morten Melgård/Wikipedia

Det er kanskje berre eg som synst det er artig. Men eg kan ikkje noko for at eg må flire når folk seier ting som står i direkte motsetnad til kvarandre. Det er kanskje ikkje riktig så artig når det skjer av politiske bekvemlegheitsgrunnar.

Tromsø er venskapsby med Gaza. Det er derfor ikkje underleg at mange tromsøværingar ønska at ordføraren eller byrådet skulle tatt kontakt med Gaza i konflikta som nettopp var for å uttrykke sympati og medkjensle. Til dette svarte byrådet:

– Vi ønsker ikke å ta politisk side i en pågående militær konflikt. Vi driver ikke med utenrikspolitikk, men er opptatt av å styre Tromsø kommune, sier Jonas Stein Eilertsen (V), byråd for næring, kultur og idrett.

OK, då veit vi at kommunen ikkje skal drive med utanrikspolitkk og sånt. Det kan og sjå ut som dette er eit prinsippielt standpunkt frå byrådet. På mange måtar er det eit legitimt standpunkt, sjølv om eg er usamd.

Du kan derfor tru eg vart overraska då eg sat og las byrådet sitt framlegg til planstrategi som skal diskuterast i neste kommunestyremøte. Der skriv byrådet under overskrifta planbehov:

Tromsø kommune [vil] møte utfordringene og gjennomføre planarbeidet med følgende fokusområder: […] Tydelig internasjonal profil.

Så om eg forstår dette rett er det berre når det gjeld Gaza kommunen ikkje skal meine noko?

One Reply to “Motsetnadsfylt”

  1. Tromsø bør varsle at de ikke lenger er vennskapsby med Gaza. «Fåkke leke mer i våres gård» er vel et greit argument?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version