Forslaget til arbeidsprogram for SV – økonomikapitlet


Om tre dagar går fristen ut for oss vanlege medlemmar å komme med innspel til SVs arbeidsprogram for 2013 til 2017. Lokallaga har litt lenger frist. Utkastet til program er svært godt, men det kan bli enno betre.

Første kapitlet er ei grei oppsummering. Kapittel to handlar om økonomi. Kapitlet er godt, men kunne med fordel har ein grundigare analyse av den internasjonale finanskrisa og kva dei sosialistiske løysninga på denne krisa er. Eg saknar og litt meir presise grep for å redusere oljeavhengigheita. Eit godt grep som ikkje står i programmet som eg kan sjå er å redusere skattefrådraget for leitekostnader. Ved å redusere desse frå 78 til 28 prosent blir lysta til å leite etter olje kraftig redusert.

Det viktigaste å ta med seg frå dette kapitlet er kanskje:

En stor, godt styrt og aktiv stat virker stabiliserende på økonomien siden den ikke er underlagt markedskreftene. Velferdsstaten er derfor et viktig vern mot økonomisk krise.(linje 281-2)

Eg er og glad for at det er ei tydeleg støtte til avgift på omsetting av verdipapir. Eg vil berre understreke at dette og må omfatte valuta. Ei slik avgift må vere stor nok til å gjere rein spekulasjon ulønsam, men ikkje så høg at ho rammar investeringar i realøkonomien. Kanskje bør den reduserast dersom du eig ei investering lenge?

Så må eg seie at eg synst SV kunne vore meir offensivt på korleis vi kunne brukt oljefondet til investeringar i Noreg. Mellom anna bør norske kommunar og fylkeskommunar kunne låne frå fondet til den same prisen som til dømes den tyske staten betaler når den låner av fondet. Det vil kunne utløyse både skolar og betre vegar. Her meiner eg Frp faktisk er inne på noko.

Under overskrifta «Budsjettpolitikken» blir det diskutert problemet med at vi tenkjer for kortsiktig i den økonomiske politikken. Likevel begrensar programkomiteen seg til å foreslå ei ganske tannlaus løysning:

SV vil jobbe for mer at langsiktig tenkning preger de årlige budsjettene og sørge for at langsiktige virkninger, både for folk og økonomi, styrer mer av den offentlige budsjetteringen. (linje 328-9)

Det er fint og flott, men kan vi ikkej då forslå noko litt meir forpliktande? Eg meiner staten burde operere med fireårige øknomiplanar slik kommunar og fylkeskommunar gjer. Det løyser kanskje ikkje alle problem, men det kan i alle fall vere starten på ein prosess med å tenkje meir langsiktig.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version