Å tru på valsiger

Eg er ein evig optimist. Eg trur den raud-grøne regjeringa kan vinne valet til hausten, eg trur SV kan gjere eit godt val og nærme seg åtte prosent. Eg skal likevel innrømme at om eg tar på meg litt kalde og kyniske brillar, og eg ser på fakta, så er det ikkje særleg sannsynleg. Det sannsynlege utfallet er nok ein siger for dei borgarlege.

Eg er og glad for at óg partileiinga i SV er optimistar og trur på valsiger. Eg er derimot ikkje så nøgd med at det kan sjå ut som denne optimismen styrer strategien til partiet. Det kan dessverre sjå ut som om partileiinga i SV tar større hensyn til forhandlingar med Sp og Ap etter valet enn å sørge for at vi faktisk vinn valet. To eksempel.

Forhandlingstaktikk er einaste grunnen eg kan sjå til at partileiinga ikkje kan seie ordet ultimatum i same setning som Lofoten, Vesterålen og Senja. Dette er underleg når alle veit at det vil vere heilt uaktuelt for SV å sitte i ei regjering som opnar for oljeboring i regionen. Einaste grunnen eg kan sjå til denne ordbruken er for å ikkje framprovosere motultimatum frå Ap. Det er fornuftig dersom vi var ganske sikre på at vi faktisk kom til å forhandle etter valet. Faktum er at vi kan vere ganske sikre på at vi ikkje skal forhandle etter valet.

Det andre dømet er krig og fred og sånn. Når utanriksministeren opnar for norsk deltaking i krigen i Mali så forventar eg eit kraftfult svar frå SV. Når svaret frå SVs Snorre Valen er at dettte enno ikkje er diskutert i regjering, framfor «det er uaktuelt for SV og Noreg å vere med i nok ein krig der vi skal bombe fattigfolk langt unna». Realpolitisk er det kanskje ikkje så stor skilnad. SV kjem til å kjempe mot norsk deltaking i denne krigen, men igjen blir tilhøvet til Ap i forhandlingane viktigare enn korleis vi kommuniserer med veljarane og legg grunnlaget for ein valsiger til hausten.

Altså, dersom den raud-grøne regjeringa skal kunne vinne nok ein gong må det bli slutt på kompromissa og uklår tale. Vi kan ikkje lenger la teorien om korleis forhandlingane går avgjere kva vi seier. Då kjem vi ikkje i ein forhandlingssituasjon. No handlar det om å hindre ein borgarleg valsiger.

Så får vi krysse forhandlingselva når vi kjem til ho. Eg er sikker på at vi skal klare å komme over sjølv om straumen skulle vere stri.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.