Eit sentralt formål med etableringa av Universitetet i Tromsø var å utdanne folk til jobbane i landsdelen. Ingen av rektorteama seier noko spesielt i valplattformane sine om kva for ei rolle universitetet skal ha for dette i årane framover.
- UiT har satsa stort på petroleumsrelaterte utdanningar dei siste åra. Ifølgje kunnskapsinnhentinga til Oljedirektoratet vil berre ein stad mellom 3-5% av arbeidsplassane i petroleumsnæringa hamne i nord. Er ikkje då den store petroleumssatsingen ein subsidie av Vestlandet, og ikkje ei satsing på jobbane til framtida i landsdelen?
- Kva for grep vil rektorteama ta for å utvikle utdanningane innan reiseliv, IKT, fiskeri, alternativ energi og andre framtidsnæringar?
Nordområdesatsingen har prega utviklinga av høgare utdanning og forsking i nord dei seinaste åra. Forskningsprofilen i nordområdesatsingen har i stor grad vore prega av real- og helsefaglege tilnærmingar.
- Kva for ei rolle meiner rektorteama at UiT skal ha i denne satsinga?
- Kva vil rektorteama gjere for å styrkja den samfunnsvitenskapelige og humanistiske tilnærminga til nordområdene?
I universitetsverda internasjonalt skjer det ei formidabel satsing på opne studiet gjennom nye media (MIT, Stanford, osb). Det tyder at studentane i Noreg har tilgjenge på det beste av det beste frå heile verda utan å vere innom eit norsk universitet. Samstundes finst det store mengder kunnskap på UiT som aldri kjem seg utanfor veggene i Breivika. Dette seiane rektorteamene lite om.
- Korleis sikre at UiT blir det naturlege valet for vaksne folk som vil ha tilgang til kunnskap utan å reise til Tromsø?
- Når skal UiT tilby kunnskapen sin og kursa sine utanfor Campus og til alle?
Bodø er betre enn Tromsø på minst éin ting – eit tett og strategisk samarbeid mellom by og høgskule/universitet. ”Team Bodø” har ført til at byen har fått sentrale rollar i nasjonale satsingar. I Tromsø er historia ein annan.
- Korleis vil rektorteama jobbe for eit tettare samarbeid mellom byen og universitetet? På kva for område?
- Korleis skape tettare band mellom Breivika og byen?
Med kunnskapen sin og mandat sitt har forskarar ein svært viktig rolle som deltakarar i samfunnsdebatten. Med over tusen forskarar i Breivika, med kunnskap om nær alle samfunnsområder, burde alt liggje til rette for ei sterk deltaking i offentlegheita. Men slik er det ikkje.
- Kva for rolle bør forskarane ha i den offentlege debatten?
- Kva vil rektorteamene gjere for at forskarar kan delta meir i det offentlege ordskiftet?
[poll id=»20″]
One Reply to “10 spørsmål til rektorteama”