Eit krafttak for bustader i Tromsø

Tromsø treng fleire bustader, det er ei offentleg oppgåve og eit offentleg ansvar. Foto: Harald Groven/Flickr

Det blir bygd alt for få hus i Tromsø. Folketalet stig med rundt 1000 personar i året. Det betyr at vi treng mellom 400 og 500 nye bustader av ulik storleik kvart år. Dei siste åra har det blitt bygd rundt 200 i året. Då er det ikkje rart prisane går rakt oppover. Det er i ferd med å bli uråd for folk med normale inntekter å skaffe seg ein OK plass å bu i Tromsø. Slik kan vi ikkje ha det.

Derfor ser vi og at salsprisen stig meir enn byggekostnaden for hus. Gjennomsnittleg kvadratmeterpris i Tromsø er meir enn 27 000 kroner per kvadratmeter. Leiligheiter ligg på ca 33′ medan einebustader er ca 24′ (Kjelde: Norsk Eigedomsmeklarforbund). Byggekostnaden per kvm er i underkant av 30 000. Litt avhengig av byggestandard. I følgje SSB har byggeprisindeksen gått frå 100 i 2000 til 160 i dag. I same periode har salspris indeksen gått frå 100 til 222 i følgje «Eiendomsmeglerbransjens boligprisstatistikk frå mars 2012, side 8». Begge desse er nasjonale tal. I Tromsø steig prisen frå 100 til 214 frå 2000 til 2011.

Eg meiner at vi her kan slå fast at det er ein marknadssvikt. Salsprisen veks meir enn byggeprisen, og det blir samstundes bygd for lite. Det kan ikkje bety anna enn at nokre aktørar i bransjen sit og skummar fløyten av marknaden. Det kan dei gjere fordi det blir bygd for lite og det ikkje er samsvar mellom byggepris og salspris. Eg har ikkje funne gode tal på dette, men magekjensla mi seier meg at det er utviklarane og delvis tomteeigarane som stikk av med gevinsten.

Når det er ein marknadssvikt er det ei openbar rolle for ein offentleg aktør som kommunen, sjølv innan ein marknadsøkonomi som den norske.

Eg har derfor foreslått for årsmøtet i Tromsø SV i morgon saman med andre at SV skal gå inn for at kommunen låner ein milliard og saman med TBBL bygger bustader for folk i Tromsø. Bustadene må byggast nøkternt, og det må opnast for eigeninnsats og dugnadsinnsats for å få ned prisen for folk. Desse bustadene må så kommunen/TBBL selje på vanleg måte til kostpris. Kommunen får tilbake pengane sine, innbyggarane får hus. Risikoen for kommunen ligg i at leiligheitene ikkje blir selt. Det meiner eg er ein akseptabel risiko å ta. Så då synst eg det er trist at byrådet i Nordlys (ikkje på nett)  i dag avviser ideen.

For ein milliard kan vi bygge mellom 400 og 500 bustader, avhengig av storleik og anna. Det vil monne i Tromsø.

Denne grafen viser talet på igangsette bustader i Tromsø, kvartalsvis (kjelde SSB):

2 Replies to “Eit krafttak for bustader i Tromsø”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version