Overforbruk, smak litt på det ordet. Kva assosiasjonar får du? Mine går i retning av sløsing, manglande kontroll og luksus. Betyr det at når skolane i Tromsø har brukt 20 millionar meir enn dei har fått i budsjettet at lærarromma er blitt utstyrt med svindyre italienske kaffemaskinar, medan lærarane slangar seg på designsjeselongar frå Gucci?*
Nei, faktum er at byrådet og høgrefleirtalet i kommunestyret har underbudsjettert kraftig. Eg veit ikkje om du har assosiasjonar knytt til ordet underbudsjettering, men det har eg. Eg assosierer underbudsjettering med smalhans, kutt og dårlegare tilbod.
Og, det er nettopp dette som skjer i tromsøskolen no. Det blir klassesamanslåingar, færre delingstimar og mindre pengar til materiell og ekskursjonar. Med andre ord lågare kvalitet.
Korfor, spør du kanskje? Det er ikkje fordi det ikkje er pengar i kommunen. Det er fordi høgrefleirtalet og byrådet prioriterer andre ting enn skole. Prioriteringa er todelt, første leddet snakkar dei høgt om, andre leddet er dei litt tausare om. Det første er enkelt. Dei brukar heller pengar på asfalt enn på skole. Det andre og viktigaste, trur eg , er at dei sparer for å kunne kutte eigedomsskatten.
Så, kva vel du, eigedomsskatt eller dårlegare skolar?
* (no aner eg ikkje om Gucci lagar sjeselongar, for å vere heilt ærleg er eg ikkje ein gong sikker på kva ein sjeselong eigentleg er, men du tar poenget)?
PS: Wikipedia skriv om Sjeselong her