Fleire døyr av kreft i Nord-Noreg

Vi harheldigvis passert den tida då kvakksalvarar var beste måten å overleve kreft på. Ill.:Wellcome Library, London.  From Nostrums and Quackery.
Journal of American Medical Association
Published: 1912

Klasser og utdanning er med på å avgjere kven som overlever kreft. Fleire døyr av kreft i Nord-Noreg enn på Austlandet og på Vestlandet, men leger og juristar overlever i større grad enn andre, det viser ein studie omtalt av forskning.no. Studien har sett på kva som skjedde etter at det vart oppretta kreftavdelingar i Tromsø og Trondheim midt på 80-talet.  

Studien viser at overlevingsgraden gjekk ned. Eg synst det er skummelt å tenke på. Vi er van med å tenke at vi har eit ganske godt og likt tilbod over heile landet. Men slik er det ikkje, ser det ut som.

Men endringa var størst for dei med høg utdanning. Før vi fekk dei regionale kreftavdelingane vart høgt utdanna folk i mykje større grad enn andre sendt til Oslo for behandling. Etter at vi fekk avdelingane i Tromsø og Trondheim vart skilnaden mellom dei som har høg og dei som har låg utdanning mindre, men framleis (i alle fall fram til år 2000) er det slik at juristar og legar i større grad enn andre blir sendt til Oslo for behandling. Eg kan tenke meg to grunnar til dette. Det eine er at dei (i alle fall legane) veit at behandlinga er betre i Oslo og derfor pressar på for å bli overført dit. Det andre er at dei kjenner reglane betre og dermed i større grad kan velge kvar dei skal få behandlinga si. Det tredje, som eg helst ikkje trur på, er at legane i tar omsyn til klasse og utdanning når dei avgjer kven som skal få behandling i Oslo.

I samandraget skriv forskarane (Jon H. Fiva, Torbjørn Hægeland, Marte Rønning og Astri Syse):

Våre kvasi-eksperimentelle resultater basert på etablering av regionale kreftavdelinger indikerer at i) høyt utdannede pasienter brukte spesialisert og sentralisert behandling i større grad enn de med lav utdanning, og ii) slik behandling bedret sjansen for overlevelse.

I sjølve studien:

Together with the differences with respect to level of education, these findings indicate that, even in an egalitarian welfare state, access to treatment appears to depend on socioeconomic status. More highly educated and better informed patients appear to receive better treatment than others.

Eg vil gjerne tru at norsk helsevesen ikkje behandlar pasientar ulikt avhengig av klass, inntekt og utdanning. Denne studien viser at dette ikkje var tilfelle for kreftpasientar fram til år 2000 då denne studien sluttar. Då er det verd å spørre om dette har endra seg på dei 13 års som har gått. Kan UNN godtgjere at det ikkje er slik forskjellsbehandling lenger?

Det andre er at det er verd å diskutere i kor stor grad vi skal anten sentralisere eller desentralisere norsk helsevesen. Kor mykje betyr litt større nærleik til sjukehuset samanlikna med overlevingssjanse? Eg meiner vi ikkje kan akseptere slike skilnader, og at vi må stille krav til minst like god kvalitet i Tromsø og Trondheim som i Oslo og Bergen.

Men kanskje har dette endra seg, patologiavdelinga i Tromsø er i alle fall den første til å bli akkredittert i følgje iTromsø og studien sluttar i år 2000?

5 Replies to “Fleire døyr av kreft i Nord-Noreg”

  1. Er det like forutsettniger her?
    Er det like mange som røyke på vestlandet som i Nord?
    Hvordan er drikkevanene i forhold?

    Har man ansvar for egen helse, eller er det offentliges ansvar?

    1. Dersom eg har forstått studien rett er dette tal etter at kreft er påvist, ikkje kor mange som får kreft i utgangspunktet. Det skulle tyde på like føresetnader.Vi har sjølvsagt alle sjølv hovudansvaret for å forebygge, å leve sunne live, men når vi først treng behandling bør det skje på like vilkår for alle.

      1. Jeg ville da tro at fellesskapsløsningene Jens er så opptatt av behandler alle likt.
        Men, du kan sikkert få til en måte å stille et spørsmål om dette på.

        Nå er det ikke spørretime i Stortinget før etter valget, men du har sikkert spørre departementet….

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version