Eg er glad for at det kan sjå ut som miljø er blitt viktigare for norske veljarar. Dei grønne sin framgang er eit positivt teikn for miljøet. I SV set vi pris på dette og etter å ha lest gjennom programma er det stor grad av samanfall mellom SV og de grønne når det gjeld miljøpolitikken. Men det er ikkje alt som er likt.
- Dei grønne seier at dei ikkje vil ta stilling til EU og EØS. Betyr det at de grønne er villige til å stemme for ein norsk EU-søknad i bytte mot noko? SV meiner at norsk medlemskap i EU og EØS er feil svar på miljøutfordringane.
- Dei grønne er mot all kval- og selfangst. Det betyr så vidt eg kan skjønne at de grønne er mot ei økosystem basert forvaltning av norske havområde. SV meiner at ein del av fiskeriforvaltninga må og vere å forvalte kval og sel, så lenge det skjer på ein berekraftig måte. Motstanden mot kval- og selfangst kan og vere med på å sette i fare den breie alliansen mellom miljøbevegelsen og kystbefolkninga i nord mot oljeutvinning.
- Dei grønne er for kontantstøtta. SV ønskjer å fjerne kontantstøtta, mellom anna fordi den gjev dårlege økonomiske rettar for foreldre som er heime med kontantstøtte. Dei fleste av desse er kvinner, spesielt innvandrarkvinner, og kontantstøtta bidrar derfor til å svekke likestilling og integrering, og gjer at mange kvinner vil tape framtidig pensjon og løn.
- Dei grønne seier at de vil ha «et bedre samarbeid mellom skolemedisin og alternativ medisin». Kva betyr det i praksis. Skal det offentlege betale for behandling som all forsking viser ikkje fungerer? SV meiner at vi må satse på et godt offentlig helsevesen og kvalitetssikra behandlingsmetodar.
- Dei grønne vil avslutte forskinga på CO2-fangst. SV meiner at CO2-fangst er eitt av fleire viktige tiltak for å stanse klimaendringane. Uansett kva vi meiner kjem olje, gass og koll til å vere viktige energikjelder framover, sjølv om utfasinga må starte no. Då blir det viktig å reinske utslepp av CO2.
- Dei grønne seier at dei er blokkuavhengige og ikkje vil velje mellom regjeringsalternativa. Det betyr at ein stemme til dei grønne gjer at vi kan ende opp med Siv Jensen som finansminister og Per Willy Amundsen som integrering og likestillingsminister.
Dei åtte åra SV har vore i regjering har bevilgningane til miljøtiltak gått opp med 137 prosent, klimagassutsleppa har gått ned og natur tilsvarande Buskerud er verna. Bilparken er blitt meir miljøvenleg og investeringane i jernbane og fornybar energi er rekordhøge.
SV har gjennom åtte år i regjering vist at vi kan stoppe oljeboringa utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Det har skjedd gjennom at vi har bunde Ap til oss. Dersom Ap ikkje hadde samarbeid med SV ville det vore eit stort fleirtal på Stortinget for å opne opp for oljeboring i dei mest sårbare områda. Gjennom å ikkje samarbeide med Ap (eller H) slepp vi desse partia fri til å bruke fleirtalet sitt til å opne desse områda for oljeboring. Så lenge dei grønne skal vere blokkuavhengige kan ein stemme på de grønne føre til at det blir enklare for Ap, H og Frp å opne Lofoten, Vesterålen og Senja for oljeboring.
Verkar overbevisande, detta.
Vi har hele tiden vært svært tydelige på at vi ikke kan støtte en regjering med FrP. http://oslo.mdg.no/2013/02/18/uaktuelt-a-stotte-frp/
Vi er ikke imot CO2-fangst som teknologi, men vil avslutte prosjketet på Mongstad fordi det bare er en svært dyr sovepute. Vi vil heller bruke de pengene på prosjekter som har større effekt for klimaet, og overlate co2-fangst-utviklingen til land som allerede har kommet langt på dette område. http://www.mdg.no/nyheter/de-gronnes-klimapolitikk/
«Kva betyr det i praksis. Skal det offentlege betale for behandling som all forsking viser ikkje fungerer?»
Nei. Det står svært tydelig i programmet vårt at vi kun vil bruke offentlige penger på medisin med vitenskapelig dokumentert effekt. Bedre samarbeid betyr bare at leger må ha kunnskap om alternativ medisin, blant annet for å kunne advare mot negative effekter av alt.med. som har innvirkning på vanlig behandling. Dette er det bred enighet om i helsevesenet at trengs. http://fritanke.no/index.php?page=vis_nyhet&NyhetID=8574
Det er ikke snakk om kontantstøtte i vanlig forstand. Som det står i programmet: «Opprettholde kontantstøtten for barn mellom 1-3 år, men sette som vilkår at den må tas ut i redusert arbeidstid og fordeles mellom foreldrene etter samme delingsbrøk som foreldrepermisjonen.»