Skoleruta i Tromsø – til din kalender

Så vidt eg har klart å finne så har ikkje Tromsø kommune gjort skoleruta tilgjengeleg i eit format som gjer det lett å ta ho i bruk på diverse elektroniske duppedittar. Eg har derfor skrive ho inn i Google sin kalender og lagt den open for deling slik at alle kan ta den i bruk. Alle atterhald om eg kan ha skrive noko feil, men er ganske sikker på at alt er rett. Skulle ønske kommunen kunne gjort ruta lett tilgjengeleg i eit format som vi kan integrere med mobiltelefonar etc. Har du ein android telefon er det lett å legge til denne kalenderen på din telefon.

Du finn html versjonen her, ical versjonen her og xml versjonen her

Dersom du vil legge til kalenderen i din eigen google kalender er det enklaste å trykke der det står +Google Kalender nederst på høgresida i kalenderen eller så kopierer du adressa til ical versjonen. Trykker på den vesle pila ved sidan av der det står «Andre Kalendre» når du er i Google Kalenderen din og vel legg til med nettadresse. Lim inn adressa i den boksen som kjem opp. Voila! Du kan og laste ned fila og importere ho til outlook eller andre kalenderprogram.

Landets enklaste bustadmarknad

Enklast for kven, kunne ein kanskje spurt? Foto: faksimile frå iTromso.no 25.09.13

iTromsø skriv i dag at Tromsø har den enklaste bustadmarknaden i landet. Underleg nok har dei sett gåseauge rundte «enklaste» slik dei burde ha gjort.

Det avisa skildrar som den enklaste bustdamarknaden er altå ein marknad der det er lett å selje. Kva betyr dette? Jau, det betyr høge prisar og stor etterspurnad, som igjen gjer at det blir dyrt og vanskeleg for folk å skaffe seg sin eigen bustad i Tromsø. Eg er ganske sikker på at dersom Tromsø skal halde fram med å vekse og trekke til seg folk må vi skaffe oss ein «vanskelegare» bustadmarknad. I dag er det blitt slik at eit par med to vanlege lønningar vil ha problemer med å skaffe seg ein bustad, i alle fall om dei har eit par barn som skal ha eigne rom. Slik kan vi ikkje ha det.

I denne situasjonen oppfører iTromsø seg som mikrofonstativ for meklarane i Tromsø. Dei tener sjølvsagt på høge prisar, då går kommisjonen opp.

Samstundes er det ingen tvil om at problemet er at det blir bygd for lite og for dyrt i Tromsø.

Der er hovudproblemet.

Då synst eg det er ekstra ille at byrådet i dag kjem til å få vedtatt at ein del av Tromsø kommune sine bustadtomter skal overførast til Arnestedet as. Eit selskap som skal forvalte eigedomane etter eit mål om avkastning og etter eit marknadsstyrt EØS-reglement. Ein kunne tenkt seg at kommunen la til rette for bygging av bustader til ein overkommeleg pris for familiar og studentar.

Men det er visst ikkje målet…

 

Stortinget til folket – møter med Torgeir Knag Fylkesnes

I eit forsøk på å gjere stortingsrepresentanten vår meir tilgjengeleg har vi bestemt oss for å prøve nokre nye ting. Ein av dei tinga vi vil prøve er Hangouts on Air. Det kan vere ein fin måte for lokallag og folk som er interessert å få Torgeir Knag Fylkesnes, SV i Troms i tale. Eg trur det er kjempeviktig at vi unngår at stortingsrepresentantane våre ikkje grev seg ned i papirbunkane, men er tilgjengelege for folk. Det viktigaste er sjølvsagt å reie og delta på alle typer arrangement, å besøke bedriftar og institusjonar. Eg trur likevel vi kan ha mykje å tene på å bruke meir teknologiske variantar og.

Under er eit eksempel som vart laga i dag, men med berre to deltakarar. Vi kjem til å gjere forsøk med fleire deltakarar, og gjere kjent på førehand når desse hangoutane er så folk kan delta og sende inn spørsmål. Vi er framleis på forsøksstadiet for å finne ut om dette er eit eigna verkty. Fortel gjerne kva du synst om ideen i kommentarfeltet under her.

 

Fantastisk smak og lukt

Tromsø har fått ein fantastisk ny festival. I dag kunne vi smake og lukte oss gjennom Storgata. Det var pølser, kaffe, supper. Alt kva ganen kunne begjære. Det er stort å sjå så mykje lokal mat samla på ein plass.

Ungane kosa seg på Sjømatrådet sitt arrangement

Sjømatrådet hadde eit godt opplegg for ungane. Dei kunne ta å sjå på fisk, før dei fekk lage seg mat med fisk og grønnsaker. I mellomtida kunne far snike til seg diverse smaksprøvar av tørrfisk. Og vart du lei av fisk tilbydde 4H klappkaker og Mydland kurs i partering av lam.

Denne matfestivalen er eit godt tilskott til Tromsø. All honør til arrangørane. Dette håper eg blir eit årvisst arrangement. Og festivalen var mykje meir enn det eg fekk med meg.

Mykje folk i Storgata under matfestivalen.

Prisane skal ned

Faksimile frå Nordlys 20.09.13

Rema 1000 er klar til å kutte prisane fortel Nordlys oss med krigstypar i dag. Så er det då og priskrig det er snakk om. Over heile framsida og over nesten to sider inni avisa får Ole Robert Reitan fortelle at prisane skal ned.

Dette får han gjere utan eit einaste kritisk spørsmål frå journalisten. Journalisten spør ikkje:

  • Korfor er prisane så høge no?
  • Kor lange vakter må folk jobbe?
  • Blir det fleire eller færre deltidsstillingar av dette?
  • Kven skal få mindre betalt for det dei produserer?
  • Kva blir kvaliteten på varane dersom prisane går ned?
  • Blir det meir transport og CO2-utslepp?

For alt eg veit er svara at Rema 1000 skal effektivisere. Dette får ingen andre konsekvensar. Kanskje. Men vi veit ikkje. Avisa spør ikkje for oss. I staden får vi servert tre sider med reklame. Eg må innrømme at eg er litt skuffa.

Slå saman Raudt og SV?

Etter at både SV og Raudt gjorde dårlege val er det fleire som har tenkt tanken om at vi kanskje burde slå saman dei to partia, nokre meiner og at der er verd å ta med MDG i ein slik prosess.

Bakgrunnen er naturleg nok. Dei tre partia fekk til saman åtte mandat på Stortinget. Hadde dei vore eit parti som fekk dei same stemmene ville uttellinga vore 13 til 14 mandat.

Ei samanslåing av dei tre partia er på mange måtar ein fin tanke, men dessverre feil medisin.

Ein av dei som har tatt til orde for dette er Stein Ørnhøi. Han han skriv i Manifest tidsskrift :

Problemene er for store og truslene for alvorlige til at vi som hører til til venstre for det veletablerte Arbeiderpartiet skal fortsette å slåss hver for oss. Jeg har sterke personlige følelser knyttet til SV som parti. Men jeg ser at partiet ikke er politikkens egentlige mening. Svaret på hva som må gjøres, gjør jeg likevel veldig kort: Ved kommunevalget i 2015 bør SV, Miljøpartiet De Grønne og Rødt ha felleslister i de fleste norske kommuner. Ved stortingsvalget i 2017 bør det være bare ett parti til venstre for DNA, nemlig RGV – Rødgrønt Venstre

Sjølv så besnærande som dette kan høyrast ut, så er det feil bruk av tid. Ei samanslåing vil føre til uendelege diskusjonar om politiske vegval. Sjølv om vi til slutt skulle bli samde, vil ikkje alle bli med i eit nytt samla parti. Mange i MDG vil ikkje kalle seg sosialistar eller seie Nei til EU. Mange i Raudt vil ende opp med å meine at partiet ikkje blir radikalt nok. Vi kan fort ende opp med å bruke enorme mengdar tid og energi på å skape noko nytt som kanskje ikkje gjer det så mykje betre i val enn det SV gjer i dag.

Samstundes er den energien som har blitt brukt på ei samling, energi som ikkje blir brukt på å kjempe mot høgresida i politikken, som ikkje blir brukt på å kjempe for velferdsstaten eller for internasjonal solidaritet.

Eg tenkjer at det nok er nok med eit parti til venstre for Ap, men vil heller bruke energien min på samfunnskamp enn på intern partikamp.

Men eg har eit håp om at fleire i dag brukar energien sin i Raudt heller blir med i SV. Når Raudt ikkje kom inn på Stortinget i år etter at SV har vore i regjering i åtte år, og inngått kompromiss med Arbeidarpartiet som er ganske langt frå det vi eigentleg ønska, så er det lite truleg at Raudt vil klare det i overskueleg framtid.

Ei eventuell samanslåing må skje gjennom individuelle val og ikkje gjennom ein kollektiv prosess.

Sjå og Olav Sannes Vika sitt gode innlegg

Exit mobile version