Mitt råd til Erna

Erna Solberg
Eg rår Erna Solberg til å lage seg ei lita regjering. Foto: Høgre (dei har copyright på biletet, og derfor gjeld ikkje den generelle CC-lisensen for bloggen min på dette biletet)

Eg har eigentleg ikkje noko tru på at Erna vil høyre på mine råd, spesielt ikkje om politikk. Eg skal derfor komme med eit råd på eit område som ikkje er partipolitikk, men som har med nye idear og betre løysningar å gjere.

Eg trur eit av dei problema mange norske regjeringar har er at det er vanskeleg å få 20 statsrådar til å trekke i same retning, langt mindre få dei til å gå i takt. Sjansen for dette er enno mindre når det er fleire parti involvert. Ein av grunnane til dette er at 20 personar er for mange. Det er ingen andre som ville finne på å ha eit dagleg operativt styre på 20 personar. Det er rett og slett ikkje effektivt. Ein av konsekvensane av dette er at du får eit underutval i regjeringa. Dette underutvalet blir den reelle leiinga av landet, medan resten av regjeringa strør sand på. Dette er problematisk. Ein ting er at underutvalet ikkje har nokon status i lov og grunnlov. Etter loven er alle statsrådane likestilte. Det andre er at underutvalet blir litt ad hoc, og får problem med å peike ut ei klår retning for regjeringa. Det blir heller ein måte å løyse kriser og konfliktar på.

Eg meiner det ville vore betre å formalisert det underutvalet viser at vi treng – ei mindre regjering. Dersom eg skulle sett saman ei regjering ville den hatt mellom sju og ni statsrådar. Helst sju. Det er lite nok til at du faktisk kan få til ei felles retning og til at du kan ha ei felles leiing av landet.

Ein konsekvens av dette ville vere at du måtte oppgradere statusen til statssekretærane til ein slags juniorministrar med ansvar for eigne saksfelt. Ein kan tenkje seg eit næringsdepartement med ein statssekretær med ansvar for skipsfart, ei for anna næring, ei for landbruk og ei for fiskeri.

Denne modellen ville sjølvsagt skape andre utfordringar. Mellom anna ville det vere eit problem at statssekretærane/juniorministrane ikkje har møterett for Stortinget. Det kan likevel la seg løyse.

Eg trur fordelen med ei tydelegare og kanskje strategisk leiing av landet vil vere større enn ulempane.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.