Prisane skal ned

Faksimile frå Nordlys 20.09.13

Rema 1000 er klar til å kutte prisane fortel Nordlys oss med krigstypar i dag. Så er det då og priskrig det er snakk om. Over heile framsida og over nesten to sider inni avisa får Ole Robert Reitan fortelle at prisane skal ned.

Dette får han gjere utan eit einaste kritisk spørsmål frå journalisten. Journalisten spør ikkje:

  • Korfor er prisane så høge no?
  • Kor lange vakter må folk jobbe?
  • Blir det fleire eller færre deltidsstillingar av dette?
  • Kven skal få mindre betalt for det dei produserer?
  • Kva blir kvaliteten på varane dersom prisane går ned?
  • Blir det meir transport og CO2-utslepp?

For alt eg veit er svara at Rema 1000 skal effektivisere. Dette får ingen andre konsekvensar. Kanskje. Men vi veit ikkje. Avisa spør ikkje for oss. I staden får vi servert tre sider med reklame. Eg må innrømme at eg er litt skuffa.

2 Replies to “Prisane skal ned”

  1. Håkon sa:

    1. Fordi det ikke fins konkurranse i markedet. Det er to matvareleverandører til det norske folk og de selger Tine melk og ost, prior egg og kylling, Gilde salami og Ali kaffe. De er i praksis et monopol.

    2. Sikkert ikke mer enn loven tillater. I såfall må man gå til sak.
    3. Det styrer hver enkelt butikk.
    4 .Er det sikkert det er noen ?
    5. Er det sikkert det blir noen endring?
    6. Interessant du spør. Er det ikke slik at fisk sendes til Kina for filetering og frysing før det kommer tilbake? Er det egentlig viktig om en lastebil kjører noen mil ekstra sett i lys av dette?

    Det virker som meg at det er galt om noen må jobbe fulle vakter. Og at det er galt at noen jobber deltid.
    Er det egentlig greit at folk jobber i det hele tatt???

    1. Eg trur du misforstår Håkon. Eg synst det er gjevt med låge prisar. Men alt har ein kostnad og alt skal betalast. Spørsmålet er som alltid kven skal betale. Og som eg skriv, det kan godt tenkast at dette er utan eit einaste av dei problema eg listar opp, men eg synst det er forunderleg at avisa ikkje spør.

      Også til svara dine. 1. Eg trur du skal skifte butikk, dei eg går i har større utval enn som så.
      2. Sikkert rett, spørsmålet er om ein alltid skal presse det til lovens ytterste bokstav
      3. Kvar einskild butikk avgjer, men dette blir jo avgjort av økonomien som heng saman med prisar og franchiseavtale
      4.Ikkje godt å vite, skulle ønske avisa hadde spurt
      5. Kan godt vere at det ikkje blir endring, men verd å spørre om
      6. Mykje av fisken fer ikkje til Kina, om korleis rekneskapen blir CO2-messig veit eg ikkje. Utsleppa per tonnkilometer innbiller eg meg er ganske mykje lågare med skip enn med trailer

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.