Nedturen startar for Krf og Venstre

Så ser det ut som vi skal få ei ny regjering. Det skal nok.svært mykje til for at Høgre og Framstegspartiet ikkje blir samde om ei regjeringserklæring og fordelinga av ministerpostane. (Sjølv om det blir vanskelgare om Erna følgjer rådet mitt). Eg trur og gårsdagen var toppunktet for Venstre og Krf si makt i denne stortingsperioden. No startar nedturen.

Så er det store spørsmålet, kva kjem den nye regjeringa til å gjere, kva har dei lyst til å gjere og kva får dei lov av Stortinget til å gjere?

Her er mi liste over ting eg trur kjem til å skje, og då tar eg ikkje med ting som er dekt av samarbeidserklæringa mellom H, Frp, Krf og Venstre. Dokker får og tilgje meg at det blir mest fokus på det eg meiner er negativt.

* Det kjem til å bli endringar i arbeidsmiljøloven. Det vil bety lengre normalarbeidsdag og mindre overtidsbetaling
* Den siste resten av fiskeriressursane blir privatisert, i alle fall i gavnet, men kanskje og i namnet
* Det vil bli «frislepp» for gruveindutrien
* Endring i praktisering av naturmangfaldloven vil bety meir scooterkøyring og eit mindre bastant vern av nasjonalparkar og liknande. (men kanskje får dei fart på skogvernet?)
* Noreg vil tydeleg stille seg på Israel og US si side i konflikta i Midt-Austen (OK, det står i samarbeidserklæringa)
* Meir av veg- og samferdselspengane vil gå til sentrale strok
* Tollvernet for landbruket vil bli bygd ned, men ikkje forsvinne.
* Styra i statlege selskap vil få såkalla profesjonelle styremedlemmar, tilfeldigvis vil dei aller fleste vere medlem i eller støttespelar til dei borgarlege partia.
* Vi vil få karakterar i barneskolen
* Vi vil få fleire private aktørar i helsevesnet. Dei aller fleste av desse vil vere komersielle aktørar.
* Bistandspengane vil i større grad bli brukt der det gagnar Noreg og ikkje der dei gagnar verdas fattige.
* også vidare

Så vil kanskje mange spørre seg, vil ikkje Venstre og Krf sørge for moderering av desse framlegga? Eg trur ikkje det. Venstre er om mogleg meir ekstreme enn Høgre og Frp på mange ting, og realiteten er at Erna har balletak på Venstre og Krf. Realiteten er at H og Frp vil ha fleirtal med anten Sp eller Ap der ikkje Krf og Venstre allerie er samde.  Svært mange endringar vil ikkje formelt trenge vedtak i Stortinget. Dersom Venstre og Krf i noko særleg grad stemmer for instruksjonsvedtak i Stortinget. vil det få konsekvensar for samarbeidsavtalen. Då blir det opna for oljeboring i Lofoten etc umiddelbart.

Eg trur Venstre og Krf har sett seg i ein vanskeleg situasjon. Dei vil vere avhengig av godvilje frå Siv Jensen og Erna Solberg. Eg trur dei vil ha lite reell makt i Stortinget. Kanskje kan dei bli redda av Solberg si uvilje mot å sende dei i klørne på Ap.

Vi får sjå

11 Replies to “Nedturen startar for Krf og Venstre”

  1. «* Styra i statlege selskap vil få såkalla profesjonelle styremedlemmar, tilfeldigvis vil dei aller fleste vere medlem i eller støttespelar til dei borgarlege partia.»

    Ville dette vært kritikkverdig?

      1. Jeg tror du tar det litt på forskudd, jeg.
        Kanskje vi skal ta temaet om det kommer opp? Og da gjerne i flertall som vi så hos de rødgrønne.

    1. En ting jeg lurer på. Og jeg mener ærlig, dette lurer jeg på.
      Jeg deltar i diskusjoner på nett for å prøve å forstå hvordan andre mennesker tenker og hva som får dem til å tenke så annerledes enn meg. Og dette lurer jeg på i så måte om det du skriver om midtøsten. Jeg håper du kan svare :

      Gaza var jo en del av Egypt. Men, så gikk Egypt til krig mot Israel (angrepskrig) og Israel tok Gaza i den krigen. Dette er historiske faktum.

      Spørsmål på hvorfor du mener det du gjør :
      Har man rett til å ta land i krig?
      a) Om Ja – er det da ikke greit at Israel faktisk prøver å styre det landområdet de har?
      b) Om Nei – bør Norge ha igjen Jemtland og Herjedalen? Bør Storøsterrike tilbakeføres slik det var før 1. verdenskrig? Ottomanske rike gjenoppstå? Polens grenser flyttes til før 2. verdenskrig?

      1. Skulle ønske du svarte, fordi at for meg er dette et av hovedspørsmålene til å forstå SVs meninger om konflikten. Forstå de andre som har så sterke tanker om det de kaller okkupasjonen. Og forståelse er jo det som må til i dette temaet og denne diskusjonen.

      2. Det første først. Gaza var ein del av det Osmanske riket, til britane tok det. Etter FNs delingsplan frå 1947 skulle Gaza vere ein del av eit framtidig Palestina. Men vart okkupert av Egypt etter krigen i 47 og var in del av Egypt til Israel tok det i 67. og, like lite som Israel sin okkupasjon av Gaza og Vestbreidda og anna palestinsk land er legitimt, like lite var Egypt sin okkupasjon legitim. Det å blande inn den svenske okkupasjonen av Jamtland, Herjedalen og Bohuslen blir bortanfor all samanhng. Kanskje var ikkje overtakinga legitim den gongen, men områda er ikkje lenger okkupert men ein del av Sverige. Det finst sikker døme på legimie okkupasjonar. Det viktigaste kriteriet vil då vere at det folket som er okkupert er samde i at det er legitimt. Eg prøver å komme på eit døme men klarer det ikkje i farta. Tilbake til Israel; FN har tydeleg sagt at gensane frå 67 skal ligge til grunn for ein palestinsk stat. Israel sin okkupasjon av desse områda er folkerettstridig og illegitim. Igjen i følgje FN og meiner eg sunn fornuft.

      3. og eit tilleggsmoment, alle har akseptert at Israel skål få grensane slik dei vart i 67 i staden for dei som låg til grunn for den første delinga i 47. Noko anna er det at i det arabiske angrepet på Israel i 47 har vist seg å vere både dumt og tåpeleg

        1. Takk for det, Pål Julius.
          Fint du svarte.
          Nå var spørsmålet om det er lov å ta land i krig, og det er jo egentlig et mer generelt spørsmål enn bare denne konflikten.

          Det at de krigene som har blitt erklært mot Israel har vært tåpelige og dumme skjønner jeg.
          Men, de forteller jo litt om nødvendigheten for litt spesielle sikkerhetstiltak også.

          Jeg er for en tostatsløsning, jeg. Men, for å få det til må to parter forhandle. Minst to parter.
          Og, for at en part skal forhandle må de ha mandat og et samlet folk bak seg. Ellers vil ikke resultatet ha hold.
          Når en av de største maktfaktorene (Hamas) er mot en tostatsløsning og egentlig bare vil utslette Israel, så kan ikke Palestinerne samle seg.
          De har da ikke den støtten hjemmefra som trengs.
          Og det kan ikke forhandles om en tostatsløsning.

          Som du sier har FN lagt grenser fra 67 til grunn. Og Israel har vist at de kan fjerne bosettinger.
          Men, det skjer ingen ting før Palestinerne samler seg. Slik at alle parter vet om forhandlingsresultatet faktisk er noe å forholde seg til.

        2. Når det kommer til det Ottomanske rike er historien interessant. Men, det var ikke så enkelt som at engelskmennene tok det. Ottomaske rike støttet tyskerne i 1. verdenskrig. Og oppdelingen av riket var en del av oppgjøret etter den krigen. Akkurat som oppdelingen av Østerrike-Ungarn.
          Engelskmennene og franskmennene satte inn kongehus av lokale og hadde ikke landene som okkupanter eller kolonier. De fikk selvstyre.
          Idag er det bare Jordan som har kongehuset fra den tiden igjen. Alle de andre land har det vært opprør og kongehusene avskaffet/drept.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version