Det første først. Gaza var ein del av det Osmanske riket, til britane tok det. Etter FNs delingsplan frå 1947 skulle Gaza vere ein del av eit framtidig Palestina. Men vart okkupert av Egypt etter krigen i 47 og var in del av Egypt til Israel tok det i 67. og, like lite som Israel sin okkupasjon av Gaza og Vestbreidda og anna palestinsk land er legitimt, like lite var Egypt sin okkupasjon legitim. Det å blande inn den svenske okkupasjonen av Jamtland, Herjedalen og Bohuslen blir bortanfor all samanhng. Kanskje var ikkje overtakinga legitim den gongen, men områda er ikkje lenger okkupert men ein del av Sverige. Det finst sikker døme på legimie okkupasjonar. Det viktigaste kriteriet vil då vere at det folket som er okkupert er samde i at det er legitimt. Eg prøver å komme på eit døme men klarer det ikkje i farta. Tilbake til Israel; FN har tydeleg sagt at gensane frå 67 skal ligge til grunn for ein palestinsk stat. Israel sin okkupasjon av desse områda er folkerettstridig og illegitim. Igjen i følgje FN og meiner eg sunn fornuft.