Vis meg skatten din!

Gullpengar

Eg er ikkje særleg opptatt av kva fotballspelarar tener, men eg synst det er viktig informasjon at vi veit kven som sit på dei store verdiane i samfunnet, kven som har dei store formuane. Det eg likevel synst har vore det viktigaste med skattelistene er at det har gjort det mogleg å sjå samanhengar, til dømes geografiske. I 2010 kunne eg bruke skattelistene til å lage dette kartet:


Vis Inntekt, skatt og formue i Tromsø i et større kart
Eg skal ikkje påstod at det gav revolusjonerande ny kunnskap, men noko fortel det oss. I dag kan eg ikkje lage slike kart. Skattelistene gjev oss ikkje lenger denne kunnskapen.

I dag spurte eg skatteetaten:

 

Heller ikkje hos SSB har dei data for inntekt, skatt og formue på grunnkrets eller postnummernivå.

Eg reknar med at media har tilgang på å kunne lage analysar. Kva fortel skattetala oss om kjønn, geografi og liknande?

Men i alt for liten grad gjer media slikt. Når dei i staden inviterer oss til å sjå kjendislista, så skjønner eg at folk tenkjer at denne snokinga ikkje har noko for seg.

Eg meiner at den innstramminga som den raud-grønne regjeringa gjorde med skattelistene i 2011 var feil. Skatt er ikkje ei privatsak, men det viktigaste er at skatt, inntekt og formue kan fortelle oss noko om samfunnet. Det å bruke tala til slikt har ikkje vi vanlege folk lenger høve til.

John Arne Markuyssen i dagbladet skriv:

Når det er sagt: Vi i mediene må finne oss i debatt om hvordan vi benytter informasjonen, og i hvilket omfang. Oppstillingene er såkalt godt stoff. Det vet vi. Og vi skal være ærlige nok til å vedgå at underholdningspreget noen ganger kan ha blitt i overkant påtrengende. Men slike utslag gir ikke politikerne rett til å være smaksdommere. Det er vi i mediene som må forvalte redigeringsansvaret.

Det både han og den raud-grønne regjeringa har misforstått er at mediefolk ikkje lenger er åleine om å vere interessert å å publisere data frå skattelistene – det såkalla redigeringsansvaret. Derfor må vi tilbake til ordninga slik ho var i 2010. Det er i alle fall feil å fjerne innsynet heilt slik vistnok den nye regjeringa vil. Ikkje minst fordi alt tyder på fleire skattesnytarar om vi gjer det:

Omregnet i kroner øker rapporteringen med ca. 10 000 kroner i året i gjennomsnitt ved at skattelistene legges ut på nettet. Det er verdt å merke seg at våre analyser måler effekten av overgangen fra en lettere form for eksponering: bøkene på det lokale skattekontoret, til en kraftigere eksponering, i form av internett. Vi har gjort noen enkle omregninger på hva dette betyr for de samlede skatteinntektene, det såkalte skatteprovenyet. Anslagsvis kan ca. en halv milliard kroner årlig knyttes til overgangen til søkbare lister på internett.

Ein halv milliard, det er no pengar det og

 

 

Glad for alle vestlendingane

Glad for alle vestlendingane. Det er godt med ei regjering med eit tydeleg tyngdepunkt utanfor Osloområdet. Synd det er så få nordlendingar, men får tru at vestlendingane frå ein region basert på realøkonomi og ikkje papirøkonomi blir bra for landet. Men korleis får vi avvent dei olja?

Smukk?

Tida for spekulasjonar er forbi

Erna Solberg på valvaken. Foto: CF Wesenberg. Copyright: Høgre

Den nye regjeringa har allereie tatt til å gjere noko. Så då kan vi ta til å kommentere politikken. Og, sjølvsagt lyg overskrifta vi skal framleis spekulere. Struktur er minst like viktig som menneska. Derfor er det vel så interessant kva endringar den nye regjeringa har gjort i departementsstrukturen som kva folk som skal kle dei ulike embeta.

Den aller tydelegaste endringa er at fiskeridepartementet er årelatt. Dei bleike restane er overført til næringsdepartementet. Hamner og farleier er overført til samferdsel. Det er i seg sjølv interessant. Betyr det at vi får meir vekt på tranport og mindre vekt på fiskeri og fiskerihamner? Det blir i alle fall interessant å følgje med. Det er kanskje naturleg å overføre fiskeripolitikken til næringsdepartementet når det som gjer fiskerinæringa spesiell skal bort. Noko av det som har vore bra med fiskerinæringa er at ressursane har vore felleseige. Det skal det bli slutt på, fisken skal privatiserast for godt. Då blir skilnaden på å drive med fiske og å lage møblar liten.

Ei anna stor og viktig endring er at planavdelinga blir flytta frå miljødepartementet til det nye og store kommunaldepartementet. Eit departement som kanskje no bør skifte namn til innanriksdepartementet? Uansett er det no ei fare for at miljø blir mindre viktig i plansaker, eller så blir byråkratiet mindre effektivt. Dei fleste innsigelsane etter plan og bygningslova som kjem opp på departementsnivå gjeld miljøsaker. Eg reknar med at miljøverndepartementet framleis skal meine noko om dei? I så fall blir det meste meir tungvint. Det blir og Jan Tore Sanner i kommunaldepartementet som skal avgjere statleg plan for E8 til Tromsø, ikkje miljøvernministeren. Eg meiner dette er eit teikn på at miljø i alle fall i form av naturvern blir mindre viktig for den nye blå regjeringa.

Eg er og spent på korleis dei skal handtere EU og EØS-saker framover. Vidar Helgesen på SMK skal samordne desse. Det kan vere eit godt grep, men dei fleste EU-sakene er djupt faglege og spesifikke til eit tema. Fagkunnskapen om desse sit i dei ulike departementa, det kan kome til å bli tungvint dersom alt dette skal koordinerast frå SMK. Vi kan og fort få ein revirkamp mellom SMK og UD. Det vil ikkje vere bra.

Eit grep som eg trur kan bli bra er at klimapolitikken blir flytta til miljø. Den har i dag vore i finans og UD (regnskogsatsinga). Det er klart at finans er viktig og har tyngde i regjeringa, men det er nok likevel rett å samle dette på ein plass.

Uansett, lykke til, det kan bli spennande diskusjonar framover, og forhåpentlegvis mykje motstand mot den politikken som kjem

Sjå oversynet over alle endringar her