SPRÅKLEG TOLERANSE I NOREG – NORGE, FOR FAEN!

I dag fekk eg vere med på lanseringa av Øystein Vangsnes si nye bok, og vart og bedd om å kommentere boka. Dette er omtrent det eg sa:

I Noreg er vi tolerante der det ikkje betyr noko. Vi er tolerante overfor dialektar, utanom dei som kjem frå Østfold om vi skal tru dialektbrukarane der. Framleis er nok nokre dialektar finare enn andre. Det handlar delvis om makt. Det skulle ikkje forundre meg om bergensdialekten vil stige i aktelse dei komande fire åra. Kanskje vil ungane på austlandet ta til å leike på bergensk? Mnei, det tar nok lenger tid enn som så.

Generelt så toler vi ikkje samisk i Noreg, i alle fall dersom det kjem nært oss. Mange toler ikkje nynorsk – viss det kjem i ei anna form enn lyrikk eller ikkje omhandlar kjærleik. I Tromsø er det ikkje noko særleg strid om nynorsken, men striden om det samiske er desto hardare

Dette skriv Øystein Vangsnes svært godt om i den korte boka si.
Eg synst definitivt han er best når han er minst forskar og mest agitatorisk. Ein merkar at det også der ligg mykje kunnskap bak, men kunnskapen blir ikkje så påtrengande.

Den viktigaste kunnskapen ein kan ta med seg heim frå denne boka er at språkmangfald er eit vilkårslaust gode. Fleire språk gjer at ein utviklar hugmedvit tidlegare. Hugmedvit er ein metakunnskap om kjensler – mentalisering –  og kanskje er det fleire her som synst ordet meta og mental er meir forståeleg enn både hug og medvit. Og kanskje seier det noko om språkstoda i landet. Dette at tospråklege blir meir kunnige er kanskje og grunnen til at dei i Sogn og Fjordane har mindra av alt som er vondt enn andre delar av landet.

Øystein Vangsnes seier det ikkje direkte, men det er klart å forstå frå boka at nynorskbrukarar er smartare, meir kjenslevare, snillare og betre til å løyse problem enn det bokmålsbrukarar er. Det kjem ikkje av at nynorsken i seg sjølv er eit betre språk (sjølv om vi godt kan ta ein diskusjon om det og) det kjem av at vi som nyttar nynorsk, tidleg må skape oss medvit/bevistheit om språk, ta stilling til identiteten og språket vårt, må vite at språk ikkje er ein ting, men mange ting og vi må lære oss majoriteten sitt språk. Det å bli utfordra gjev vekstmoglegheit.

Men om dette stemmer, så kan ein kanskje forundre seg over at ikkje det same skjer i område der samisk står sterkt. Dersom det er det tospråklege som gjev dei positive verknadene for Sogn og Fjordane korfor ser vi ikkje det same i Kautokeino og Karasjok. Finnmark ligg generelt på botn av alle statistikkar der Sogn og Fjordane ligg på topp.

Så er det nok delvis andre mekanismar enn det språklege som slår ut i Finnmark, men det blir interessant å sjå om det språklege mangfaldet over tid vil gjere Indre Finnmark til det nye Sogn og Fjordane.

Kanskje har dette samband med klasser. Vangsnes skriv at nynorsken ikkje har klassemarkørar på same måte som bokmålet. Skilnadane mellom a endingar eller ikkje i bokmål seier kanskje noko om klassetilhøyrigheit, ønska eller reelt. Det er i alle fall eit stilmessig hierarki. Dei skilnadane finst ikkje på nynorsk. Valfridomen i nynorsk vil som oftast vise geografisk tilhøyrigheit og ikkje klassetilhøyrigheit.

Og, kanskje er vi her inne på noko av det som er situasjonen i Finnmark. Der nynorsken har blitt brukt av alle klassar og sosiale lag i dei områda der nynorsken står sterkt; har nok samisk i større grad vore eit småkårsspråk. Det er nytt at prest og klokkar snakka samisk og da n samiske liturgien er ganske ny. Derimot er den nynorske liturgien nesten like gamal som språket. Sjølv om mange meinte at riksmålet var guds språk vart nynorsken tidleg eit språk også for eliten.

Alt i alt gjev boka oss ein kveik, og minner oss om at språk er djupt personleg, men og politikk som både skapar og omformar samfunnet

6 Replies to “SPRÅKLEG TOLERANSE I NOREG – NORGE, FOR FAEN!”

  1. Vedad sa:

    Interessant! Jeg har lyst å lese boka. Bare et spørsmål: hvilke statistikker tenker du på når du sier at Sogn og Fjordane ligger på topp? Jeg brukte litt tid på å lete etter forskjellige mål f.e. fylkesfordelt nasjonalregnskap, utdanning, turisme osv. S&F ligger stort sett på midten eller den nedre halvdelen. Finnmark stort sett i bunnen, som du skriver.

    1. Sogn og Fjordane saman med resten av Vestlandet toppar dei fleste levekårindeksar, som levealder, lite skilsmål, skolegjennomføring etc. Sjå til dømes denne http://www.sfj.no/cmssff/cmspublish.nsf/$all/761069CB2D3EB64AC12577EC00298852

    2. Men berre for å gjere det klårt, eg påstår ikkje at det er «causation» her, men korellasjon. Skilnaden mellom Vestlandet og resten av landet er interessant, men handlar nok om meir enn språk. Det er nok nokre underliggande årsakar som kanskje og er grunnen til nynorsken si sterke stilling. Men moderne forsking på tospråklegheit er ganske eintydig på dei kognitive fordelane med tospråklegheit

  2. l sa:

    Veldig bra og interessant!

  3. Endeleg fekk eg høve til å ta opp denne tråden, Pål Julius! Aller først: Tusen takk (igjen) for bidraget ditt på boklanseringa!

    Elles: I dag snakka eg om språktoleranse på ein språkkonferanse i regi av Sametinget. Og det er klart at det er fleire mekanismar som slår inn i dei samiske språkområda: Fordelane med tospråklegheit blir på ingen måte styrka av at det knyter seg stigma til eit av språka. Snarare er det nok tvert imot. Fornorskinga av samar og kvenar saman med den sterke folkelege motstanden mot samisk i den nordnorske befolkninga som framleis er der, har ikkje nokon god innverknad på sjølvkjensla til samiske born og unge. Ikkje på dei vaksne heller. Litt skriv eg om det i boka òg, i kapittelet «Romsa – byen som ikkje ville vera samisk». Der peikar eg på at nordlendingar, frå gamalt i alle fall, har ei dårlegare sjølvkjensle enn andre nordmenn, og eg ser dette som ei muleg forklaring på kvifor dei sparkar vidare (nedover) på samar (og kvenar).

    1. Dette med stigmaet knytta til spesielt det samiske , men og det nordnorske trur eg er viktig

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version