Endeleg fekk eg høve til å ta opp denne tråden, Pål Julius! Aller først: Tusen takk (igjen) for bidraget ditt på boklanseringa!

Elles: I dag snakka eg om språktoleranse på ein språkkonferanse i regi av Sametinget. Og det er klart at det er fleire mekanismar som slår inn i dei samiske språkområda: Fordelane med tospråklegheit blir på ingen måte styrka av at det knyter seg stigma til eit av språka. Snarare er det nok tvert imot. Fornorskinga av samar og kvenar saman med den sterke folkelege motstanden mot samisk i den nordnorske befolkninga som framleis er der, har ikkje nokon god innverknad på sjølvkjensla til samiske born og unge. Ikkje på dei vaksne heller. Litt skriv eg om det i boka òg, i kapittelet «Romsa – byen som ikkje ville vera samisk». Der peikar eg på at nordlendingar, frå gamalt i alle fall, har ei dårlegare sjølvkjensle enn andre nordmenn, og eg ser dette som ei muleg forklaring på kvifor dei sparkar vidare (nedover) på samar (og kvenar).