Stopp skolenedleggingane

Eg er fortvilt over det som skjer med skolane i Troms. Fylkesrådet vil legge ned eit utal linjer og tilbod rundt om i fylket. Tilbod som er viktig for elevane, skolane og lokalsamfunna i heile fylket. På toppen av det heile, som rosinene i pølsa kan du vel seie, varslar no fylkesrådet at dei vurderer å legge ned tre skolar, Gibostad, Rå og Sjøvegan.

produksjonsvaken
Det har vore diskutert nedlegging av skolar i Troms tidlegare. Dette er frå protestane mot nedlegging av Høgtun vgs.

Eg skjønnar at det er utfordringar i fylkeskommunen. Elevtalet i fylket går ned, det er store økonomiske utfordringar og det er store utfordringar på veg og kollektivtrafikk. Eg misunner ikkje fylkesråd Magnus Mæland den jobben han har akkurat no.

Utfordringa er at fylkesrådet ikkje vil auke pengebruken på skolane. Då må det skjærast ned. Eg meiner det er fordi fylkesrådet, med Ap og Høgre ikkje vil sjå den samfunnsøkonomiske verdien av skolane.

Det er sannsynleg at fleire vil avbryte skolegangen om dei må flytte heimanfrå. Det er ein kjempekostnad både for ungdomane og for samfunnet. Vi vil og oppleve at mange vil velje ei utdannings som ikkje er den dei ønska seg for å kunne bu heime. Det er sannsynleg at det og vil føre til at færre fullfører vidaregåande skole.

Samtidig veit vi at dei vidaregåande skolane er viktige kompetanse og kunnskapssenter i lokalsamfunna sine. Det er klart det får konsekvensar for mindre samfunn om 20 kompetansearbeidsplassar forsvinn. Eg trur fylkeskommunen påfører samfunnet større kostnader enn dei sparar ved desse tiltaka.

Noko av det som forundrar meg mest er at det ikkje ser ut til at fylkeskommunen har vurdert korleis ny teknologi kan gjere skoalne meir effektive og spare kostnader, mellom anna gjennom “flipped classroom” og bruke av videoteknologi og liknande for å samordne undervisninga på fleire skolar. Det er spesielt rart når vi i Troms har nokre av dei fremste kompetansemiljøa på dette i landet gjennom studiesenteret.no  og  Senter for IKT i skolen.

Eg meiner Mæland bør sette seg ned å ta ein alvorsprat med Pia Svensgaard og få ho til å forstå at det siste vi skal spare på er utdanning til ungdomane våre.

Dette er noko eg brenn for, og var grunnen til at eg og SV gjekk ut av fylkesrådssamarbeidet med Ap i 2009.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.