I løpet av kun kort tid har vi fått sju gode grunnar til å ikkje stemme på Høgre neste gong det er val. Ikkje for det, eg hadde ingen planar om å stemme Høgre uansett, men så til grunnane:
- Høgre (og Frp) vil sentralisere Noreg. Dei legg ned arbeidsplassar i Vadsø og Tromsø for å flytte dei til Oslo og Bergen (med god støtte frå Venstre)
- Høgre (og Frp) vil ikkje bygge kommunale utleigebustader i Tromsø og stemte mot dette i budsjettet for 2014
- Høgre (og Frp) tappar sparefondet vårt for 900 millionar for at vi skal sleppe å betale 500 millionar i bompengar.
- Høgre (og Frp) kuttar i tromsøskolen og visert mistillit til lærarane, seier Skolenes Landsforbund og Utdanningsforbundet
- Ja, Høgre (og Frp) vil faktisk ha Bestemor ut på anbud, og det utan at kommunen sine eigne folk får komme med tilbod på drifta.
- Også tar dei torsken frå kystflåten
- Vi må heller ikkje glømme at dei vil la legane sleppe å henvise til abort. Sårbare kvinner må heller ta støyten
Har du fleire grunnar til å ikkje stemme Høgre (eller Frp)? Eller kanskje grunnar til å stemme Høgre (eller Frp) trass alt. Skriv i kommentarfeltet.