Parlamentarismen er eit feilslått eksperiment i Tromsø

Byrådet i Tromsø kommune. Frå høgre byrådsleiar Øyvind Hilmarsen (H), byråd for byutvikling Britt-Hege Alvarstein (Frp), byråd for helse og omsorg Kristoffer Kanestrøm (Frp), byråd for utdanning Anne Amdal Fyhn (H) og byråd for næring, kultur og idrett Jonas Stein (V). Saman leiar dei eit feilslått eksperiment.
Byrådet i Tromsø kommune. Frå høgre byrådsleiar Øyvind Hilmarsen (H), byråd for byutvikling Britt-Hege Alvarstein (Frp), byråd for helse og omsorg Kristoffer Kanestrøm (Frp), byråd for utdanning Anne Amdal Fyhn (H) og byråd for næring, kultur og idrett Jonas Stein (V). Saman leiar dei eit feilslått eksperiment. Foto: Mark Ledingham, Tromsø kommune

I kveld har eg vore på eit møte for å diskutere parlamentarismen i Tromsø. Dette trollet av eit system som vi får håpe sprekk i møtet med veljarane om halvanna år.

Noko av utgangspunktet for diskusjonen var ein ny rapport frå Universitetet i Nordland på oppdrag frå kommunaldepartementet. Rapporten skulle mellom anna analysere korleis parlamentarismen funger i kommunar og fylkeskommunar i dag. Som tromsøværing er rapporten sjokkerande lesing:

Var det grunnlag for denne skarpe kritikken fra representantene tilhørende opposisjonspartiene i Tromsø? Sammenlignet med det vi har sett for Oslo, vil svaret bli ja. Hos byrådet i Tromsø finner vi ikke den raushet som karakteriserer byrådet i Oslo. Rådet må sies å være stort, med seks byråder, en mer enn man ble enige om i planen for innføring av parlamentarisme. Hvert byråd har også en politisk rådgiver, slik at det til sammen er 12 politiske stillinger tilknyttet byrådet. Ordføreren tilhører Høyre og har også en politisk rådgiver. Dette gir en formidabel kapasitet sammenlignet med politikerne i opposisjonspartiene i kommunestyret. Med innføring av parlamentarisme i en polarisert politisk kultur risikerer man, som i Tromsø kommune, at posisjonen utnytter sitt flertall til å sikre seg ressurser og kapasitet som gjør det mulig å nærmest eliminere opposisjonen. På sikt gir dette ingen god politikk, fordi det bare blir byrådssidens ideer og standpunkter som får gjennomslag. Med breiere flertall og mer åpenhet i debatten ville vedtakene bli bedre. (side 50)

En sammenligning av byrådenes formelle politiske kapasitet i Bergen og Tromsø kan tjene som en avsluttende illustrasjon. I Bergen er det 14 heltidsstillinger tilknyttet byrådet, i Tromsø 12. Når vi vet at Bergen november 2013 har 270.000 innbyggere, og Tromsø 70.000, så illustrerer dette hvor kraftig majoritetsstyringa er i Tromsø, og ikke minst hvor dyrt det politiske styringssystemet der er blitt. (side 56-7)

Det er både politiske og praktiske grunnar til at eg meiner det er feil med parlamentarisme i Tromsø. Det praktiske er i hovudsak knytt til to ting. Det viktigaste er informasjonsulikheita mellom opposisjon og posisjon. Dei som sit med makta vil ha ha mykje større tilgang til informasjon enn opposisjonen. Denne mangelen på likevekt gjer at arbeidsforholda for opposisjonen blir vanskelege. Ein kunne kanskje kompensert for dette ved å la fleire i opposisjonen vere heiltidspolitikarar. Men dette tar meg til det andre punktet. Kostnaden. Allereie i dag kostar det parlamentariske systemet i Tromsø i overkant av 15 millionar kroner ekstra kvart år. Skulle vi reelt gjeve opposisjonen moglegheit til lik tilgang til informasjon og dermed moglegheit til å kontrollere byrådet ville kostnaden auka med mange millionar. Eg trur ikkje ein eventuell gevinst med parlamentarisme er verd så mange millionar. Då vil eg heller bruke pengane på skole og eldreomsorg.

Det politiske poenget heng saman med korleis fleirtalet i Tromsø forvaltar makta si. Eg er ikkje forundra over at når høgresida vinn eit val så vil dei privatisere og konkurranseutsette. Det er greitt. Det som ikkje er greitt er at beslutningane blir flytta vekk frå kommunestyret og inn i lukka organ som byrådet. I Tromsø har kommunestyret delegert til byrådet å konkurranseutsette all kommunal verksemd. Då er saka plutseleg unntatt debatt og informasjonsulikheita mellom posisjon og opposisjon blir stor. Ei slik delegering kunne ikkje skjedd i ein formannskapsmodell.

Eg har rett og slett vanskar med å sjå kva vi skal med den parlamentariske styringsmodellen i Tromsø

Få epost med oppdatering av bloggen

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Ting du kan lese om du vil og har tid

Skulle ein lese alt som fanst på nettet, må du ha meir enn 24 timar i døgnet. Men her er nokre lenker til ting som i alle fall ikkje gjer deg dummare om du les.

Kos deg med leselista

Ny bunad på bloggen

Så har eg lagt om til ny bunad her på bloggen. Og, eg vil gjerne ha tilbakemelding frå deg trufaste lesar om kva du synst. Vart det betre eller verre? Kva likar du, kva likar du ikkje. Så veit eg sjølvsagt at eg ikkje har så mange trufaste lesarar – eigentleg er det vel berre ho mamma. Så, ja eg vil gjerne høyre frå deg.

Eg håper at det skal bli lettare å lese ting no, med mindre distraherande ting rundt tekst, bilete og video.

Dessutan, eg tar gjerne mot innspel frå deg på kva eg burde skrive meir og mindre om. Eg kan ikkje love at eg kjem til å høyre på deg, men eg kan love at det vil ligge og murre i bakhovudet og gje meg dårleg samvett om eg ikkje gjer som du seier.

Forøvrig, av og til er det slike dagar som berre kan bli betre. Min dag starta med kjeklande ungar og ein øydelagt sykkel. Kjeda brast då eg skulle på jobb. Deretter har det gått oppover.

Korleis var din dag?

Arbeidsgjevaravgifta, eit bedrag frå fleire enn regjeringa

Aps Kristin Røymo går i Nordlys kraftig ut mot høgreregjeringa sitt knefall for EU. Ho kritiserer med full rett at regjeringa ikkje har gjort nok for å forhindre den store auken i arbeidsgjevaravgift for næringslivet i nord.

Røymo seier til Nordlys: «- Dette er historiens største politiske bedrageri.» Dessverre er Røymos utspel like mykje bedrageri som det høgreregjeringa driv med. Det er ikkje berre Høgre og Frp som elskar Brüssel meir enn Nord-Noreg, også Arbeidarpartiet har konsekvent prioritert Brüssel og EØS-avtalen høgare enn kva som er best for landsdelen vår og menneska i Noreg. Derfor er det ikkje berre litt dobbeltmoral som kjem til uttrykk i utspelet frå gruppeleiaren i Arbeidarpartiet.

Ja, høgreregjeringa kunne gjort meir. Men til grunn for desse avgiftsaukene ligg marknadstvangen i EUs fire «fridomar». Desse fridomane, som seier at kapitalen skal bevege seg fritt er det som gjer at vi får denne avgiftsauken.

Derfor, ikkje før Arbeidarpartiet støttar SV i at vi i det minste skal greie grundig ut kva som er alternativa til EØS-avtalen kan dei kritisere regjeringa i denne saka utan ein flau smak på tunga.

Få epost med oppdatering av bloggen

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Til Angrepskrig maa Norges Hær og Flaate ikke anvendes

Lovdata har laga ein fantastisk fin gjennomgang av korleis den norske grunnlova har forandra seg frå 1814 og fram til i dag. Eg satt i går og bladde gjennom grunnlova og oppdaga at i riktig gamle dagar så stod det i den norske grunnlova: “Til Angrepskrig maa Norges Hær og Flaate ikkje anvendes, uden Storthingets Samtykke.

Umiddelbart synst eg det høyrdes ut som ein flott regel, og eg vart nysgjerrig på når og korfor denne regelen vart tatt ut av grunnlova.

Det skjedde i 1917, og så merkeleg som det høyres ut vart det gjort for å tydeleggjere at Noreg ikkje skulle kunne delta i ein angrepskrig.

Constitutionscomiteen skreiv i si innstilling:

Men grundlovsforslaget har ogsaa en anden hensigt end denne. Det vil befri den norske grundlovfor uttrykk og forestillinger som det ikkje er passende at den fører. Vort folks og lands ringe magtstilling tillater ikke, at grundloven gir forskrifter om “angrepskrig”. Hertil kommer det vigtigste: Norge er og vil være et fredelig og fredselskende land. Folket er gjennomtrængt av avsky og rædsel for krig, og har med voksende styrke sluttet seg til den “fredsbevægelse”, som i de sidste menneskealdre er opstaat verden over. Statsmyndigheten har gjort seg til tolk herfor, og Norge er blit et av de land i Europa, som først og fremst har gaat til kravet om internationale stridigheters avgjørelse ved voldgift, ved retsprøvelse istedetfor magtanvendelse, ved andre og mere mennesklige midler end krig og barbarisk ødelæggelse.

Grunnen til denne argumentasjonen er at i neste paragraf i grunnloven står at “Kongen har Ret til at sammenkalde Tropper, begynde Krig til Landets Forsvar og slutte Fred” Tolkinga var at ved å fjerne punktet om angrepskrig i §25 ville §26 effektivt sette stoppar for all anna krig, enn reine forsvarskrigar.

Dessverre har utviklinga ikkje vist seg å stemme med den argumentasjonen som vart ført på Stortinget i 1917. Dei siste 25 åra har Noreg deltatt i ei rad krigar, mot Serbia, Irak Afghanistan og Libya. Ingen av desse krigane kan ei seie var direkte norske forsvarskrigar. Så ein lekmann kan i alle undre seg på om desse krigane har vore lovlege etter paragraf 26 i grunnlova.

Vidare vart i alle fall krigen i/mot Libya sett i verk utan noko form for handsaming i Stortinget. Det er ein situasjon som ikkje kan vedvare. Vi kan ikkje leve med at regjeringa åleina kan forplikte Noreg til krig mot eller i andre land dersom krigen ikkje er ein rein forsvarskrig.

Eg meiner derfor at det er på tide å få tilbake ei formuleringer i grunnlova som liknar på den som stod fram til 1917. Blir den foreslått no kunne kanskje Stortinget vedtatt den nye formuleringa i 2017, hundre år etter at den førre formuleringa vart fjerna?

Eg kunne tenke meg å foreslå følgjande formulering:

“Norges Hær og Flaate kan ikke anvendes utenfor Norges grenser til Krig eller Krigslignende opdrag uden Storthingets Samtykke. Storthinget kan ikke gi slikt samtykke dersom ikke Internationale Sammenslutninger etter Folkerettens Regler har bedd Norge om å delta”

No er ikkje eg nokon grunnlovsekspert, så det kan tenkast at formuleringa må endrast på, men kva synst du om meiningsinnhaldet?

Få epost med oppdatering av bloggen

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Høgre kuttar i skolen og i frukten

Byråd Anna Amdahl Fyhn (H) skriver mot betre vitande i eit innlegg i Nordlys og Tromsø der ho harselerer over skolefrukten i skolen. Ho latar som det er ein motsetnad mellom å gje elevane eit sunt energipåfyll i løpet av dagen og å gje dei kunnskap.

Det som er problemet i tromsøskolen er ikkje at elevane får litt frukt og grønt i løpet av dagen, problemet er at byrådet og høgrefleirtalet i kommunestyret har kutta i skolebudsjettet sida dei kom til makta. Eg vil anta at Fyhn har oppdaga at desse kutta har fått konsekvensar for kvaliteten i skolen og i eit febrilsk forsøk på å sette plaster på det såret ho og resten av byrådet har skapt vil ho ta frukten frå ungane.

Kor store er kutta. Det er litt avhengig av korleis du reknar, men om vi skal vere snille var kutta på nesten ni millionar i 2012 og nesten sju millionar i 2013. Litt av dette vart tilbakeført i 2014, men på langt nær alt. Det er ingen tvil om at skolen har vore tapar dei åra byen har vore styrt av høgrepartia.

Det er direkte frekt å sette opp ein motsetnad mellom skolefrukt og det å satse på skolen. Det som er realiteten er at det er ein motsetnad mellom høgrepolitikk og det å satse på skolen.