Lærarar, hamnearbeidarar og eit ran – ny videoblogg

Vil du berre høyre lyden? Du kan  abonnere på videobloggane som podcast anten i itunes eller gjennom RSS-straumen.

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

Teksten til videoen, om du heller vil lese:

Det vart ikkje streik. Verken lærarane eller dei andre kommunalt tilsette skal streike. I alle fall ikkje enno. Eg har sjeldan sett så mange sinte lærarar som etter at forhandlingsresultatet var klårt.

Og, eg kan godt forstå om mange kjem til å stemme nei i uravstemminga. Den fridomen lærarane har hatt til å gjere ein jobb for ungane våre skal forsvinne. No skal dei vere bundne til å vere på skolen i trange og bråkete arbeidsrom med forstyrrelsar og irritasjonar når dei skal arbeide. Eg synst dette er dårleg tenkt av KS. Ikkje berre irriterer dei lærarane og eg trur ikkje det er bra for verken elevane eller rekrutteringa, i tillegg blir dette dyrt. Til no har lærarane sponsa oss med kontor. Dei har brukt sine eigne spisebord eller sine eigne arbeidsrom. Desse har dei betalt sjølv, utan verken skattefrådrag eller tilskott. Når dei no skal sitte på skolane må dei fleste skolane byggast ut eller ombyggast for at dei skal få skikkelege arbeidsplassar.

Men trur du lærarane kjem til å betale for det? Nei, det blir nok vi skattebetalarane som må legge ut, eventuelt vi foreldre som må betale gjennom dårlegare undervisning.

Eg synst KS, styrt av Høgre der og, skulle tatt fram kalkulatoren og rekna på det. Eg ønska meg rett og slett kalkulatorpartiet Høgre tilbake. Eg meiner, det minste vi må kunne forvente av Høgre er jo at dei skal kunne rekne. For tida er det verken menneske eller milliardar i det partiet.

Men, det var ein annan streik eg eigentleg hadde tenkt å snakke om i dag. Hamnearbeidarstreiken. Dockers unite! Dei kjempar ein internasjonal kamp for tariffavtale, for internasjonale avtalar og mot sosial dumping. Denne kampen står her i Tromsø. I Tromsø er hamnearbeidarane ute i sympatistreik med hamnearbeidarane i Risavika utanfor Stavanger. Det handlar om fortrinnsretten til lossing, det handlar om fast og trygge arbeidsplassar, det handlar om at arbeidskrafta ombord på skipa ikkje skal utnyttast.
I Tromsø brukar arbeidsgjevarsida alle slag skitne knep i ein lovleg arbeidskonflikt. Knep som eg ville forventa på tredvetalet, og ikkje i dag. I denne striden får NorLines hjelp av Tromsø Havn, men hamna er eigentleg ein nøytral tredjepart. Dei framstår ikkje sånn.

Det siste som har skjedd er at arbeidsgjevarsida har gått til tingretten og fått ei midlertidig forføyning mot 13 namngjevne hamnearbeidarar. Tingretten har gjeve desse forbod mot å drive lovleg arbeidskamp. Dei skal ikkje lenger kunne drive boikottaksjonar for å forhindre streikebryteri. Eg synst det er ille at retten lar seg bruke i ei arbeidskonflikt på denne måten. Enno verre er det at dette skjer utan at hamnearbeidarane har fått lov til å forklare segt for retten eller forvare saka si. Eg trudde at ein grunnleggande regel i det norske rettssystemet skulle vere at alle skulle bli høyrt før ein dom. Eg tok vist feil. Dette er klassejustis – det trudde eg var slutt i Noreg.

Eg er stolt og glad for at SV har vore støtt på hamnearbeidarane si side gjennom heile konflikten.

Konflikta har no vara sidan desember i fjor. Eg er forundra over at media ikkje har skrive meir om det.
Uansett, eg er imponert over stå på vilja, og seigheita hos hamnearbeidarane i Tromsø. Dei kjempar ein viktig kamp, ein kamp for oss alle.

Forøvrig så er ranet av Nord-Noreg noko eg er opptatt av – og du og burde vere opptatt av. I valkampen sist advarte vi mot at Høgre kom til å tappe Nord-Noreg. Dette vart stort sett avfeia av representantane frå dei noverande regjeringspartia. Skremselspropaganda kalla dei det. Og, eg skal innrømme at eg til tider hadde vanskeleg å tru på at det skulle bli så galt som vi sa i valkampen. Også kom verkelegheita. Og verkelegheita er at det er blitt mykje verre enn vi sa og vi frykta.

I løpet av kort tid er Nord-Noreg blitt tappa for milliardverdiar. Det siste no er kuttet på samferdsel. 362 millionar mindre til samferdsel i nord skal det bli. Korleis prøver høgresida å forsvare desse kutta? Dei har valt tre metodar.

  1. Kjem frå Høgre sin stortingsrepresentant frå Troms, han seier at vi ikkje kjem til å merke desse kutta fordi regjeringa skal bruke så mykje pengar på veg. Prøv å sei det til dei som mistar hurtigbåtruta si, kjære Kent Gudmundsen. Gudmundsen kjem uansett ikkje unna av at det blir ei vriding av pengar frå nord til Austlandet.
  2. Høgre sin representant frå Nordland har valt ein annan strategi, han seier at vi har eit alt for godt samferdselstilbod i Nord-Noreg og at det er til pass åt oss at det blir kutta. Konkret seier han til «High North News», forøvrig eit tåpeleg namn på ein norskswpråkleg nettstad. Skal vi liksom tenke at dei er kule fordi dei viser oss at dei kan litt engelsk? Nåja det var eit lite sidespor.
    Til sitatet:

    I Troms har man allerede varslet at det kan komme kutt i hurtigbåtrutene. Og selv om tre av dagens ferje- og hurtigbåtruter i Troms legges ned er man fortsatt bare halvveis til målet om kutt     – Har man for mange ferje- og hurtigbåtruter i Nordland og Troms?   – Det kan godt tenkes, sier Henriksen.

  3.  Dog er den vanlegaste strategien frå Høgre og Frp å halde kjeft og håpe at det bløs over. Vi kan ikkje la dei sleppe unna med det sjølv om media lar dei gjere det. Det er ni representantar for regjeringspartia frå Nord-Noreg på Stortinget. Vi burde ha lov til å forvente at dei skulle slåss for nordnorske interesserer sjølv om dei er høgrefolk og Frp-arar. Det kan og vere verd å spørre seg kva den øyredøyvande tausheita frå sentrale nordnorske høgrefolk som fylkesrådsleiar Line Fusdahl, ordførar Jens Johan Hjorth og byrådsleiar Øyvind Hilmarsen skal bety.

Alt i alt, verda går sin forventa skeive gang, men eg likar det ikkje.

Vil du berre høyre lyden? Du kan og abonnere på videobloggane som podcast anten i itunes eller gjennom RSS-straumen.

Vil du få beskjed neste gong eg skriv på denne bloggen?

Skriv inn epostadressa di og trykk abonner

 

One Reply to “Lærarar, hamnearbeidarar og eit ran – ny videoblogg”

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.