Greenpeace – frå skurkar til heltar.

Det er ikkje så mange år sidan Greenpeace var ein uglesett organisasjon i Nord-Noreg. Den kraftige motstanden deira mot bærekraftig kvalfangst var vanskeleg å forstå og akseptere. No er dei blitt heltar. Det er dei som fører kampen for eit reint hav og mot oljeboring med størst styrke.

Eg er full av beundring for det dei har gjort i Barentshavet for å stoppe Satoil si oljeboring nær Bjørnøya og iskanten. Eg er imponert over korleis dei har utnytta smutthol i regelverket som kjem av at reiarlaget som eig riggen har flagga riggen i eit skatteparadis, eg er imponert over korleis dei har gjennomført den fysiske aksjonen på riggen, og korleis dei har utnytta aksjonen for å skape merksemd om oljeboringa. Eg håper det blir mange slike aksjonar.

Eg er ikkje imponert over ordførar i Tromsø Jens Johan Hjorth. Eg er ofte usikker på om eg skal ta han alvorleg mellom alle stunt og bad han driv med. Men mannen er og medlem i bedriftsforsamlinga i eit oljeselskap. Det er derfor smått utruleg at han nyttar posisjonen sin som ordførar i Tromsø til å kreve at Greenpeace skal betale erstatning til Statoil. Det er i beste fall uryddig, i verste fall er det å utnytte eit folkevald ombod til privat vinning. Uansett viser dette problemet med at Tromsøs framste folkevalde samstundes er i tenesta til private selskap som driv ei svært omstridd verksemd.

I tillegg stiller eg meg spørrande om kva desse utsagna seier om Hjorth sitt tilhøve til demokrati og retten til å ta i bruk fredelege aksjonar for eit syn. Dersom det skal straffast på pungen snevrar vi inn rommet for demokratisk diskurs i Noreg.

I Spania har høgreregjeringa vedtatt forbod mot demonstrasjonar. Brot på dette kan gje bøter på inntil 600 000 euro. Ein passeleg måte å hindre protestar mot politikken. Skal vi ha det likeins i Noreg, kjære ordførar?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version