Gje lærarane tillit

Det var eit eller anna møte. Eg er på nokre av dei, og i pausane så pratar ein jo om dette og hint. Det var då ein kar sa «dersom du må innføre stemplingsur på ein arbeidsplass, då har du tapt». Eg tenkjer at dette er eit godt innspel til KS i lærarstreiken. Dei aller aller fleste arbeidstakarane i Noreg er pliktoppfyllande og stolte folk som ønsker å gjere ein god jobb. Då får du ikkje det beste ut av dei med å vise dei mistillit og innføre stemplingsur.

No er det ikkje stemplingsur KS vil innføre, men realiteten er den same. KS seier at dei ikkje trur at lærarane gjer jobben sin om dei ikkje er meir på skolen. Eg skjønner godt at lærarane reagerer på dette. Eg er redd for at KS ikkje heilt skjønner kor irriterande denne mistilliten er, og at denne mistilliten vil vere med å skape problemar for rekruttering og arbeidsgklede i skolen.

Derfor kjem eg til å foreslå i kommunestyret i morgon at Tromsø seier klårt frå til KS om at no er nok nok:

Kommunestyret i Tromsø ber KS om å sørge for at streiken tar slutt gjennom å vise lærarane den tilliten dei fortener. Det kan berre skje gjennom at KS legg vekk alle krav om auka bindingstid for lærarane.

Den streiken vi ser no er negativ for skolen, negativ for rekrutteringa av lærarar og vil ikkje auke kvaliteten i skolen.

Så håper eg at kommunestyret vil tillate at saka blir tatt opp og vil støtte den. Reglane er slik at anten ordføraren åleine, eller 1/3 av kommunestyret kan hindre at denne saka kjem opp no. Eg håper det ikkje skjer og at Tromsø kan seie klårt i frå.

OPPDATERING

Fleirtalet i Tromsø kommunestyre (Frp og Høgre) nekta å ta saka opp til behandling. Trist.

Hamnearbeidarane sin viktige kamp

Fredag var eg med hamnearbeidarane i Tromsø og demonstrert for eit arbeidsliv som tar hensyn til lovar, reglar og folk. Det er dessverre ikkje noko som kjem av seg sjølv.

Hamnearbeidarane i Tromsø har no vore i sympatistreik i omtrent 200 dagar. Dei er i ein lovleg streik for tariffavtale ved Risavika terminal i Stavanger. I Tromsø er det no utstrakt streikebryteri, medan politiet har gripe inn for å støtte arbeidsgjevaren. Det minner om andre tider og andre land. Vi må støtte hamnearbeidarane sin kamp for ordna og skikmelege arbeidsvilkår. Neste gong kan det vere du som er utsett.

Nokre av fanene på markeringa


Vi skal lytte til klimaforskarane, men ikkje gjere noko med det, seier Støre

Ein liten augenblink så trudde eg at verda ikkje stod til påska, det vil seie, eg trudde at ho kunne komme til å stå til påske og lenger enn det. Ein liten augneblink trudde eg at Arbeidarpartiet hadde tatt inn over seg klimakrisa og ville gjere noko med Noreg sitt største bidrag til klimaendringane er utvinninga av olje. Eg tok sjølvsagt feil.

Leiaren i Arbeidarpartiet har laga nokre lydar, lydar  soim tilsa at han og kanskje resten av Ap skulle ta på alvor at storparten av den olje, gassen og kolet som ligg i bakken må bli liggande der om vi skal unngå store klimaendringar. Men, det viser seg at det Støre faktisk meiner er at alle andre skal la si olje, sitt kol og sin gass bli liggande medan vi priviligerte skal pumpe opp alt vi har. Støre skriv:

Norge har alle forutsetninger for å klare omstillingen som ligger foran oss. Arbeiderpartiet vil videreføre 40 års politikk ved å legge til rette for et stabilt og høyt aktivitetsnivå på sokkelen, samtidig som vi stiller krav til at vi gir kraftfulle bidrag til å redde verdens klima. (Aftenposten)

Altså, vi skal ingenting gjere. Alle andre skal gjere, medan vi held fram med å skumme fløyten. Ap sin stortingsrepresentant frå Troms, Martin Henriksen har vist ikkje lest partileiaren sin kronikk i Aftenposten. For i iTromsø skjeller han ut Høgre for å ikkje ta på alvor klimaendringane:

Henriksen sier han er overrasket hvis det er slik at Høyre ikke tar advarslene fra FNs klimapanel alvorlig.

– Det er ganske alvorlig om vi har to partier i regjering som ikke lytter til klimaforskningen. Det Støre har sagt er at vi må lytte til IEAs råd og at vi ikke kan være uberørt av disse. (iTromsø)

Då er det i grunnen trist at Ap heller ikkje vil lytte til råda frå dei fremste fagfolka på området. Eg utfordra derfor Martin Henriksen på dette på twitter i dag:

Martin Henriksen svarte på utfordringa:

Den utfordringa traff nok ein plass der det gjorde litt vondt, for svaret kom kjapt:

Den lærdomen frå dette er at Ap skal lytte, kanskje skal det vere litt dialog, men til sjuande og sist skal vi halde fram som før

Skoleruta i Tromsø 2014-2015

Så vidt eg har klart å finne så har ikkje Tromsø kommune gjort skoleruta tilgjengeleg i eit format som gjer det lett å ta ho i bruk på diverse elektroniske duppedittar. Eg har derfor skrive ho inn i Google sin kalender og lagt den open for deling slik at alle kan ta den i bruk. 

Dersom du vil legge til kalenderen i din eigen google kalender er det enklaste å trykke der det står +Google Kalender nederst på høgresida i kalenderen eller så kopierer du adressa til ical versjonen. Trykker på den vesle pila ved sidan av der det står «Andre Kalendre» når du er i Google Kalenderen din og vel legg til med nettadresse. Lim inn adressa i den boksen som kjem opp. Voila! Du kan og laste ned fila og importere ho til outlook eller andre kalenderprogram. Ical adressa er https://www.google.com/calendar/ical/h65srf6hoehsu61jidc1bij5es%40group.calendar.google.com/public/basic.ics

Skoleruta viser skolestart og feriar for skolar, SFO og kommunale barnehagar og er i tillegg samordnet med videregående skole. Ruta er henta frå Tromsø kommune sine nettsider,

Eg tar ikkje ansvar for eventuelle feil, anten i mi inntasting eller i det som ligg på kommunen sine nettsider

Alt aukar unntatt eigedomsskatten

I dag kan vi lese at Tromsø har den dyraste SFOen i Troms. Det er ikkje direkte overraskande. For i Tromsø aukar alle gebyrar og avgifter unntatt eigedomsskatten. For Høgre og Frp er det viktigare at dei som har dyre hus skal sleppe skatt enn at vanleg folk skal ha råd til SFO og fritidsaktivitetar. Denne grafen viser korleis Høgre og Frp prioriterer i Tromsø.

Kjeldekritikk, barcodes og Israel

Nei, sjølv om mange deler ei sak på internett om at Israel ha endra prefikset på barcoden sin frå 729 til 871 så er det feil. Det finn du ut om du gjer litt grunnleggande kjeldekritikk før du deler på nett.

Boikott Israel, men tru ikkje at prefikset i barcoden er det einaste saliggjerande. Bilete: http://custerdiedforyoursins.tumblr.com/post/6251147442/adailyriot-totheexperts-image-picture-of-a

871 er og har vore den nederlandske koden. Du kan sjå den fullstendige lista her.

Når det er sagt er prefikset på barkoda på eit dårleg grunnlag for å fastslå om ein vare er frå Israel, Nederland eller eit heilt anna land. Dersom eit nederlandsk selskap produserer ein vare i Israel, så vil den varen få prefikset 871, sjølv om varen i realiteten er israelsk. Likeins, eit israelsk selskap som produserer i Egypt vil gje varen det israelske nummeret. Med mindre selskapet har eit dotterselskap i Hellas, då kan varen fort få eit gresk nummer.

Prefikset seier litt om kvar ein vare kjem frå, og vi bør absolutt boikotte Israel, men vi kan ikkje bruke barcodeprefikset som einaste indikator på kvar ein vare kjem frå – dessverre

Exit mobile version