Vi skal lytte til klimaforskarane, men ikkje gjere noko med det, seier Støre

Ein liten augenblink så trudde eg at verda ikkje stod til påska, det vil seie, eg trudde at ho kunne komme til å stå til påske og lenger enn det. Ein liten augneblink trudde eg at Arbeidarpartiet hadde tatt inn over seg klimakrisa og ville gjere noko med Noreg sitt største bidrag til klimaendringane er utvinninga av olje. Eg tok sjølvsagt feil.

Leiaren i Arbeidarpartiet har laga nokre lydar, lydar  soim tilsa at han og kanskje resten av Ap skulle ta på alvor at storparten av den olje, gassen og kolet som ligg i bakken må bli liggande der om vi skal unngå store klimaendringar. Men, det viser seg at det Støre faktisk meiner er at alle andre skal la si olje, sitt kol og sin gass bli liggande medan vi priviligerte skal pumpe opp alt vi har. Støre skriv:

Norge har alle forutsetninger for å klare omstillingen som ligger foran oss. Arbeiderpartiet vil videreføre 40 års politikk ved å legge til rette for et stabilt og høyt aktivitetsnivå på sokkelen, samtidig som vi stiller krav til at vi gir kraftfulle bidrag til å redde verdens klima. (Aftenposten)

Altså, vi skal ingenting gjere. Alle andre skal gjere, medan vi held fram med å skumme fløyten. Ap sin stortingsrepresentant frå Troms, Martin Henriksen har vist ikkje lest partileiaren sin kronikk i Aftenposten. For i iTromsø skjeller han ut Høgre for å ikkje ta på alvor klimaendringane:

Henriksen sier han er overrasket hvis det er slik at Høyre ikke tar advarslene fra FNs klimapanel alvorlig.

– Det er ganske alvorlig om vi har to partier i regjering som ikke lytter til klimaforskningen. Det Støre har sagt er at vi må lytte til IEAs råd og at vi ikke kan være uberørt av disse. (iTromsø)

Då er det i grunnen trist at Ap heller ikkje vil lytte til råda frå dei fremste fagfolka på området. Eg utfordra derfor Martin Henriksen på dette på twitter i dag:

Alf Holmelid tok del i samtalen og sa:

Martin Henriksen svarte på utfordringa:

Då tenkte eg eg skulle prøve å få eit klårt svar og utfordra han slik:

Den utfordringa traff nok ein plass der det gjorde litt vondt, for svaret kom kjapt:

Den lærdomen frå dette er at Ap skal lytte, kanskje skal det vere litt dialog, men til sjuande og sist skal vi halde fram som før

4 Replies to “Vi skal lytte til klimaforskarane, men ikkje gjere noko med det, seier Støre”

  1. Martin Henriksen sa:

    Hei Pål Julius. Det er ditt valg å ha en særs subjektiv oppfatning av hva Ap mener eller ikke mener. Jeg tolker ikke Jonas slik du gjør, og det er det heller ikke grunn til. Norsk politisk debatt trenger flere åpne diskusjoner om dilemmaer vi står ovenfor. H, FrP og deler av oljeindustrien har ikke bidratt til det de siste dagene i sin paniske tilnærming til spørsmålet. Jeg tror SV kan bedre.

    Men det er fortsatt ikke slik at dersom man ikke deler SVs oppfatning 100% betyr det at man er uinteressert i klima.

    Min subjektive oppfatning er at mange i SV velger å fremheve egen klimapolitikk ved å snakke ned Ap. Det er slik jeg ser det (igjen, helt subjektivt altså) ikke konstruktiv klimadebatt og heller ikke et bidrag til SVs oppslutning.

    1. Eg håper då inderleg at du har rett. Og eg veit at du er ekte og inderleg opptatt av klima. Eg trur faktisk Støre og er det, men dessverre verkar det som mot sviktar når det kjem til gjennomføring.

      Håper inderleg både du og Støre kan vise at eg tar feil.

      1. Vart kanskje litt mange «inderleg» der, men det er for seint på kvelden til å jobbe med språket

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.