Fredag var eg med hamnearbeidarane i Tromsø og demonstrert for eit arbeidsliv som tar hensyn til lovar, reglar og folk. Det er dessverre ikkje noko som kjem av seg sjølv.
Hamnearbeidarane i Tromsø har no vore i sympatistreik i omtrent 200 dagar. Dei er i ein lovleg streik for tariffavtale ved Risavika terminal i Stavanger. I Tromsø er det no utstrakt streikebryteri, medan politiet har gripe inn for å støtte arbeidsgjevaren. Det minner om andre tider og andre land. Vi må støtte hamnearbeidarane sin kamp for ordna og skikmelege arbeidsvilkår. Neste gong kan det vere du som er utsett.