Tromsø har minst sykkelvegar

Blant dei tretten største byane i Noreg er Tromsø den byen med det færrast kilometer sykkelveg per innbyggar. Oslo har 1,7 km sykkelveg per 1000 innbyggar, medan vi i Tromsø kun har 200 meter per 1000 innbyggar. Dette må vi verkeleg få gjort noko med.

SSB sitt oversyn over antal kilometer sykkelveg per innbyggar i dei 13 største byane i landet.

Så sjølv om Tromsø kjem godt ut på nærleik til natur, må vi no ta eit krafttak for å gjere det mogleg å bruke sykkel på ein trygg måte i byen vår. Spesielt med tanke på framveksten av el-syklar som «fjerner» bakkane i Tromsø så trur eg bruken vil auke. Utan sykkelvegar vil konflikten mellom gåande, syklande og køyrande auke.

Derfor synst eg det var trist at høgresida i sist kommunestyremøte stemte ned SV sine framlegg om betre sykkelvegar og betre framkomelegheit for syklane i områdeplanen for Langnes onsdag den 24. september.

Kjelde for tala: SSB

Den underlege universitetsdebatten

Eg har med stigande undring følgt debatten, eller skal vi seie krangelen om den framtidige universitets- og høgskolestrukturen i Nord-Noreg. Denne diskusjonen har til no handla i all hovudsak om kven som skal få makt. Er det Universitetet i Tromsø eller Universitetet i Nordland som skal underlegge seg dei andre? Det som har mangla nesten totalt i debatten, men som er det viktigaste er; korleis skaper vi eit utdanningstilbod som er så godt som råd er for innbyggarane i landsdelen. Korleis bidrar vi best til forsking i verdsklasse?

For det første er det ei skeivdeling av utdanningstilbodet i dag. Dei som bur i Tromsø har eit betre tilbod enn alle andre. Dei som bur i Bodø har eit betre tilbod enn alle dei andre unntatt dei som bur i Tromsø. Alle kan sjølvsagt reise til desse byane, men kostnaden med det er ulikt fordelt. Hovudspørsmålet vi må diskutere er korleis vi kan sørgje for at så mange som råd kan vi eit tilbod som liknar det vi har i Tromsø, helst utan å måtte flytte.

Vi kan til dømes titte litt på Høgskolen på Nesna. Dei er blant dei mest innovative til å tilby utdanning desentralisert, nettstøtta og med samlingar. Mellom anna i samarbeid med Stockholms Universitet og uNordic. Vil slike initiativ bli styrka, svekka eller urørt av ein fusjon. Eg trur at ein samla institusjon kan komme til å vere eit hinder for slike initiativ. Kanskje er ein av grunnane til at Nesna får det til at dei er ein liten institusjon som må gjere ting på ein ny måte for å overleve? Dette burde ein samanslåingsdebatt handle om.

Vil ein fusjon gjere oss i stand til å tilby heile breidda av fag på breiddeuniversitet i Tromsø til heile landsdelen, eller vil vi få mange år der institusjonane blir innovervendt i eit forsøk på å få nye strukturar på plass? Og vil dette skje medan resten av verda har stor fart framover?

Så er neste spørsmål, blir forskinga betre av samanslåing. Eg skal sjølvsagt vere forsiktig med å vere skråsikker, men svært mykje forsking foregår i dag i nettverk. Nettverk som er internasjonale og der team som jobbar med det same jobbar i lag på tvers av institusjonar og landegrenser. Skal du ha pengar frå forskningsrådet vil det nesten alltid vere ein fordel å ha med internasjonale partnarar. Eg ser ikkje bort frå at det kan vere fordelar med å kople forskarane på fiskerhøgskolen nærmare med dei som jobbar med akvakultur i Bodø, eller at dei to handelshøgskolane kunne jobbe nærmare saman. Slik er det sjølvsagt på fleire område, og kanskje er teknologi det området der potensialet er størst. Men er det slik at vi må slå saman desse institusjonane for å kunne samarbeide? Konsekvensen av ein slik tankegang er at samanslåingane aldri stoppar. Eg er redd for at konsekvensen av ei samanslåing fort blir interne stridigheiter om ressursar framfor kreativt arbeid for å få framgang i vitskapen.

Då gjenstår argumenta om økonomi, ein felles nordnorsk stemme og at det blir enklare for Kunnskapsdepartementet å forholde seg til færre institusjonar. Eg tvilar på at økonomien blir betre, eg trur heller det blir eit nytt lag med administratorar. Dei andre argumenta er ikkje tunge nok til å vere grunnlaget for ei samanslåing.

Big is beautiful

Vi har ein sjukdom i Noreg. Vi trur at alt blir betre berre det blir større. Eg slit litt med å forstå korfor det er slik.

  • Men ein stor kommune er betre enn ein liten kommune – visstnok
  • Eit stort sjukehus er betre enn eit lite sjukehus – visstnok
  • Eit stort Universitet er betre enn eit lite Universitet – visstnok

Eg skal ikkje påstå at alt er betre om det er smått. Det er sikkert ein del kommunar det er lurt å slå saman. Det finst sikkert både sjukehus og universitet som kan slåast saman. Men eg trur at konsekvensen av alt for mange av desse samanslåingane er negative.

Kurasa belgisk blå er kanskje eit eksempel på at ikkje alt blir betre om det blir større. Foto: User:Mastiff Wikimedia Commons http://commons.wikimedia.org/wiki/Category:Belgian_Blue_cattle#mediaviewer/File:GEURTZ16.JPG

Det er fleire grunnar til det. Eg trur at for å leide ein svært stor organisasjon må du vere tilnærma supermann. Og, det er få supermenn i omløp. Det å overskode einskilddelane og få dei til å jobbe godt i lag er vanskeleg. Også fordi det blir vanskeleg for mellomleiarane å sjå heilskapen i organisasjonen. Og, dersom ein mellomleiar ikkje ser heilskapen i organisasjon blir det enkelt å styre si avdeling, sin seksjon til beste for berre den seksjonen, den avdelinga i staden for å sjå korleis ein bidrar til at heile organisasjon spelar saman for å nå måla.

Dessutan, eg har tru på konkurranse og innovasjon. Eg trur det blir meir innovasjon om fleire høgskolar og universitet konkurrerer om studentane. Dersom dei finn og prøver ut ulike løysningar. Det er sjølvsagt mogleg innafor ein stor organisasjon, men enklare å få til med fleire sjølvstendige organisasjonar.

Derfor tenkjer eg at alle desse samanslåingane mest er eit uttrykk for at politikarar og andre vil vise handlekraft. Det er enklare å vise handlekraft gjennom å slå saman ting, gje det nytt namn og klippe av ei snor, enn gjennom den langsame prosessen med å utvikle organisasjonar i små steg om gongen.

Fleire gule kort

Det er ei stund sidan fotball VM. Det einaste det betyr er at eg no må få ut irritasjoen som har bygd seg opp over tid. Det handlar om skjortehalding.

Slepp fotballspelarane fri! Foto: Jan Solo/Flickr https://www.flickr.com/photos/jansolo09/3969570423/

Eg er ikkje sånn lidenskapleg opptatt av fotball, men ser ein kamp i ny og ne. Gjerne når det er EM og VM og sånt. Kvar gong kjenner eg at eg blir irritert. Litt på filming og sånn, men aller mest på skjortehalding. Denne haldinga som går ut over dei verkeleg gode spelarane slik at dei ikkje får vist oss det dei verkeleg kan.

Derfor har eg eit forslag. Eg vil ha videodømming etter kampen. Eit panel på tre dommarar tildeler gult kort til alle som så mykje som har nappa i ei skjorte i løpet av kampen.

Sånn, då har eg fått det ut av systemet.

Live på youtube!

I kveld klokka 2130 inviterer vi til livesending på youtube, og du kan vere med. Eller dersom du heller vil følgje sendinga her. Her vil og opptaket komme.

Exit mobile version