Big is beautiful

Vi har ein sjukdom i Noreg. Vi trur at alt blir betre berre det blir større. Eg slit litt med å forstå korfor det er slik.

  • Men ein stor kommune er betre enn ein liten kommune – visstnok
  • Eit stort sjukehus er betre enn eit lite sjukehus – visstnok
  • Eit stort Universitet er betre enn eit lite Universitet – visstnok

Eg skal ikkje påstå at alt er betre om det er smått. Det er sikkert ein del kommunar det er lurt å slå saman. Det finst sikkert både sjukehus og universitet som kan slåast saman. Men eg trur at konsekvensen av alt for mange av desse samanslåingane er negative.

Kurasa belgisk blå er kanskje eit eksempel på at ikkje alt blir betre om det blir større. Foto: User:Mastiff Wikimedia Commons http://commons.wikimedia.org/wiki/Category:Belgian_Blue_cattle#mediaviewer/File:GEURTZ16.JPG

Det er fleire grunnar til det. Eg trur at for å leide ein svært stor organisasjon må du vere tilnærma supermann. Og, det er få supermenn i omløp. Det å overskode einskilddelane og få dei til å jobbe godt i lag er vanskeleg. Også fordi det blir vanskeleg for mellomleiarane å sjå heilskapen i organisasjonen. Og, dersom ein mellomleiar ikkje ser heilskapen i organisasjon blir det enkelt å styre si avdeling, sin seksjon til beste for berre den seksjonen, den avdelinga i staden for å sjå korleis ein bidrar til at heile organisasjon spelar saman for å nå måla.

Dessutan, eg har tru på konkurranse og innovasjon. Eg trur det blir meir innovasjon om fleire høgskolar og universitet konkurrerer om studentane. Dersom dei finn og prøver ut ulike løysningar. Det er sjølvsagt mogleg innafor ein stor organisasjon, men enklare å få til med fleire sjølvstendige organisasjonar.

Derfor tenkjer eg at alle desse samanslåingane mest er eit uttrykk for at politikarar og andre vil vise handlekraft. Det er enklare å vise handlekraft gjennom å slå saman ting, gje det nytt namn og klippe av ei snor, enn gjennom den langsame prosessen med å utvikle organisasjonar i små steg om gongen.

2 Replies to “Big is beautiful”

  1. Husker ikke hvem som sa det, men vedkommende mente at kommunesammenslåing er bra for de kommunene som ikke fungerer særlig godt. Så kan man selvsagt spørre seg om hvor stabil en slik kommune er, hvor mye den avhenger av personene som styrer og hvor mye en kommune får «gratis» – da tenker jeg på tilgang på naturressurser.

    Stort er ikke bra bare fordi det er stort. Enig i det.

    Ønsker deg en fin lørdag!

    1. Det vil sjølvsagt alltid vere kommunar som ikkje fungerer godt. Men, organisasjonar er ikkje statiske. Dei endrar seg med folka som er i organisasjonen. Ein kommuneorganisasjon vil endre seg med rådmann etc. Og, kven skal sette seg til doms over kva kommunar som fungerer godt eller ikkje, og skal kommunesamaslåingar foregå i takt med endringar i organisasjonskultur. Det kan godt vere at kommunesamanslåing er bra for kommunar som ikkje fungerer godt, men det vil vere eit vanskeleg kriterium å bruke for å velge kven som skal slåast saman.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Exit mobile version