Categories
Arbeid og trygd Hangouts Økonomi Politikk

Juleavslutning med Torgeir Knag Fylkesnes

Her kan du sjå opptak av hangouten der eg og Torgeir snakkar politikk.

Vi er innom  når stortingsrepresentantar skal stemme for eiga overtyding, om poker, arbeidsmiljøloven, finanskrisa, bevæpninga av politiet, mobiltelefonovervaking og meir til. Dersom eg orkar skal eg legge til tidspunkta under slik at du kan sjå berre dei tema du er interessert i.

Etter 1:21 snakkar vi om kva saker ein stortingsrepresentant bryter ut av gruppa på

etter 5 minutt, Poker

endringane i arbeidsmiljøloven etter ni minutt og fem sekund.

Vi kom ikkje unna finaskrisa, og tar den opp etter 13:24

Bevæpning av politiet og mobiltelefonovervaking finn du etter 15 min og 41 sek

Torgeir Knag Fylkesnes oppsummerer hausten etter 20 min.

Categories
Ikkje politikk

Kva skal du høyre på – Podkast!

Podkastar har fått ein slags renessanse gjennom populariteten til Serial. No er det sjølvsagt litt rart å snakke om renessansen til eit fenomen som er knappe ti år gamalt. I alle fall Serial er fantastisk radio. Over ti episoder blir fortellinga om ei mordsak lagt fram. Og, heile tida er det uklårt, gjorde han det eller gjorde han det ikkje. Eg veit enno ikkje. Han vart dømt i alle fall. Eg håper at suksessen til Serial gjer at podkasting veks fram. Det er rett og slett fantastisk å kunne høyre dei programma eg synst er best når det passar meg. Har du ikkje prøvd? Her er nokre framlegg:

  • This American Life er eit av verdas mest populære podkast. Kva veke fortel dei fantastiske historiar frå USA. Har du ikkje tid til anna, høyr på denne!
  • Eit anna populært show er Radiolab. Dette er godt fortalt populærvitskap
  • Freakonomics er artig, eit liberalistisk-økonomisk sideblikk på det meste av rare fenomen i samfunnet.
  • NRK har mange gode program, du finn heile lista deira over podkastar her. Eg synst Språkteigen funkar godt på skiturar, Ekko Viten (spesielt Abels tårn) er glimrande på veg heim frå jobb og Museum i bilen.
  • Digital Politics er nok for dei spesielt interessert i politikk og valkamp, men det er jo eg.

Kva lyttar du på? Gode tips til å utvide lyttaruniverset mitt.